Tilbake til søkeresultatene

DEMOS-Demokratisk og effektiv styring, planlegging og forvaltning

De-collectivisation of Decision-Making and the Decline of a Local Mandate

Tildelt: kr 4,4 mill.

Prosjektet har gitt ei ei oppdatert framstilling av dagens kommunale leiarskap, med spesielt fokus på topp-leiinga i kommunane, rådmanns- og ordførarrollene.Etter innføringa av "timeglasprinsippet" - at ordførar (og andre)må vende seg til rådmannen for å få informasjon om kommunen sine tenesteaktivitetar, er makt i kommunane blitt (administrativt)sentralisert. Innafor denne ramma har prosjektet tatt for seg antakingar om meir individualisert leiarskap, og antakingar om at handlingsromet for den kommunale leiinga er blitt meir avgrensa som følgje av statlege reguleringar. For å gi eit bilde av dagens situasjon og utviklingstrekk over tid har vi i prosjektet utført tre landsfemnande surveyar; ein ordførarsurvey, ein rådmannssurvey og ein survey til ca 1000 kommunestyrerepresntantar (alle repr. i eit 40-tals kommunar). I tillegg er det gjennomført case-studiar av kommunar med eit for prosjektet interessante særpreg, nemleg kommunar der ordføraren har lang fartstid. Surveyundersøkingane viser at ordførarar legg stor vekt på å fungere som ombodsmann, mens rådmenn i stor grad ønsker seg ordførarar som mestrar rolla som "utanriksminister". I den administrative toppleiinga er det kome fram eit tydeleg eit sprik mellom rådmenn som prioriterer utoverretta tiltak for lokal utvikling,og rådmenn som har sitt primære fokus på utvikling av det kommunale tenesteapparatet. Omlag 1/3 av rådmennene vil prioritere det første, mens ca. 50% vil prioritere det andre. Casematerialet viser at kjønnssamansettinga i leiarsjiktet kan ha betydning for korleis politikk blir utøvd. I eit kommunestyre med klart kvinnefleirtal var det sterkt fokus på miljøpolitikk, og samarbeidsklimaet var forskjellig frå kommunar der det var eit klart mannsfleirtal blant representantane. Studien av kommunar med lenge-sittande ordførarar viser at dette skaper konsensus omkring utoverretta satsingar i kommunen - og vanskar med å utforme ein klassisk opposisjonspolitikk. I undersøkingar av hhv. ordførar og rådmann er det stilt spørsmål om samarbeid/spenningsforhold mellom politikk og administrasjon. Frå rådmennene si side blir det rapportert om eit vel fungerande samarbeid, samtidig som det er klart at linjene mellom politikk og administrasjon kan vere uklåre: Meir enn kvar femte rådmann engasjerer seg sterkt i kommunen sitt visjons- og målformulerinmgsarbeid, altså på eit område som klart høyrer til det politiske ansvarsområde. Ein førebels konklusjon er at vi har å gjere med eit tydeleg innslag av "administrativt entreprenørskap"i rådmannsrolla. Sett i forhold til prosjektet sine to sentrale antakingar, er konklusjonen at vi langt på veg kan avkrefte dei: Leiarskapen i kommunane blir i stor grad utøvd i ein kollektiv modus, med utsterkt politiske/ administrativt samarbeid, med stor grad av konsensus-politikk, og med omfattande bruk av nettverksmetodikk når kommunane agerer på området "samfunnsutvikling". I dette siste ligg det også ei konstatering av at kommunane utvidar sitt handlingsrom nettopp gjennom samarbeidsmekanismer. Gjennom ein survey retta til kommunestyrerepresentantar (Oktober 2015)blei haldningar til politisk leiing kartlagd, og her kjem det fram at også menige representantar opplever å ha stor innflytelse på lokalpolitikken. At både toppleiinga og eit breiare sjikt av lokalpolitikarar opplever å ha stor og til dels aukande innflytelse, er eit paradoks som vil bli følgd opp gjennom dei avlsuttande artiklane prosjektet, som først vil vere publiserte etter prosjektperiodens utløp.

Researchers agree that local government in most European countries is subject to considerable change; partly due to deliberate institutional reform, and partly resulting from processes in society at large. Driving forces are not merely national, and refor ms to some extent subject to fashion. Even so, political culture and contextual factors makes for path dependency and both inter- and intra-national variation. Central objectives throughout have been to sustain and improve local democracy and participatio n; improve political steering and accountability, and a more effective and efficient service provision. But in order to be prescriptive, a better understanding of the actual processes and their effects is necessary. Our project approaches these questions through a focus on the changing preconditions for leadership and leadership legitimacy in local government. To what extent does the governance-approach capture the actual situation, and constitute a frame of reference for leader behavior? In what way does institutional change affect role perception and behavior on the part of mayors and CAO's? We hypothesize a de-collectivisation of decision-making in local government, and a declining legitimacy for a local mandate. This may imply a weakening territorial foundation for local government leadership, and a shift in local government influence relations, leaving more scope for sectoral interests and functional concerns. The project builds on international comparative research as well as our own studies of cha nges in Norwegian local government; particularly the role of mayor and changes over time; and findings from the evaluation of the experiments with direct election of mayor and extended formal powers for some incumbents. Through a large national survey of CAO's and a number of case studies, special attention will be on the role perception and behavior of mayor and CAO, and their influence relations in processes of agenda-setting, policy formation and implementation.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

DEMOS-Demokratisk og effektiv styring, planlegging og forvaltning