Tilbake til søkeresultatene

BIONÆR-Bionæringsprogram

HESTEFORSK Svampflora och förekomst av mykoktoxiner i inplastad vallfoder till hästar

Tildelt: kr 0,15 mill.

Prosjektnummer:

211928

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2011 - 2012

Midlene er mottatt fra:

Samarbeidsland:

Det er indikasjonar på at innplasta grovfôr (ensilasje) som i stadig større utstrekning blir nytta som fôr til hest i Skandinavia, somme tider kan ha eit høgt innhald av muggsopp. I muggbefengt fôr kan det være mykotoksin som kan være svært uheldig for he stane si helse og prestasjon. Det er foreløpig lite kunnskap om den mykologiske samansetjinga av innplasta grovfôr og kva for produksjons- og lagringsfaktorar som bidreg til framvekst av mugg og mykotoksindanning. Fylgjeleg saknar ein også underbygde refe ranseverdiar for mykologisk samansetjing av slikt fôr. Ein medverkande årsak til denne kunnskapsmangelen er begrensningane som ligg i tradisjonelle analysemetodar (mikrobiologisk dyrking). I dette to-årige prosjektet tar ein sikte på å kartlegge forekomst en av muggsopp og mykotoksin i innplasta grovfôr brukt til hestar i Sverige og Norge, identifisere faktorar som bidreg til førekomst og framvekst, samt teste ut DNA-basert analyseteknikk. Dette skal skje gjennom innsamling av fôrprøver og visuell bedømmin g av fôr frå i alt 50 stallar i Sverige og Norge. Samtidig vil ein innhente opplysningar om kor/korleis fôret er produsert, blir lagra, handtert og utfôra, og om det har vore fôringsrelaterte helseproblem på hest(ane) som har fått av det aktuelle fôrparti et. Innsamla prøvemateriale vil bli analysert både med tradisjonell mikrobiologisk dyrkingsteknikk og molekylærbiologiske metodar. Resultata frå prosjektet er venta å gje auka kunnskap og sikrare grunnlag for bedømming av hygienisk kvalitet av innplasta g rovfôr, og dermed bidra til betre rådgjeving om korleis grovfôr til hest skal produserast, lagrast og utfôrast for å unngå at det blir muggbefengt og gir opphav til helseproblem hos dyra. På sikt er det venta at DNA-basert analyseteknikk kan gi raskare, s ikrare og billegare analysar enn tradisjonelle analysemetodar. Såleis kan prosjektet bidra til forbetringar for norsk og svensk hest- og hesterelatert næring både i eit økonomisk og dyrevelferdsmessig perspektiv.

Budsjettformål:

BIONÆR-Bionæringsprogram