Tilbake til søkeresultatene

VRI2-Virkemidler for regional innovasjon 2011-13

VRI Sogn og Fjordane 2011-2013 Samhandlingsprosjektet

Tildelt: kr 3,1 mill.

VRI-søknaden for perioden 2011-13 byggjer på den vedtekne FoU-strategien for fylket, på erfaringar frå arbeidet i den første VRI-perioden og har vore drøfta med partnarskapen. Begge innsatsområda i VRI-prosjekte; marine næringar, og fornybar energi er vek tlagde i FoU-strategien og Det regionale forskingsfondet for Vestlandet. Kompetansemekling er det viktigaste verkemiddelet for å få bedriftene sjølve til å definere sine FoU-behov. Dei to prioriterte områda er alle godt forankra i overordna planar. ENE RGI: Fylkestinget vedtok i 2009 ein eigen strategi. Vindkraft og småkraftverk og utvikling av leverandørverksemder er prioriterte område. MARINE NÆRINGAR: Fylkeskommunen oppretta i 2010 eit fond for marin verdiskaping. Fondet disponerer 11 mill. kroner, som skal gå til prosjekt som kan bidra til ei berekraftig utvikling og auke den lokale verdiskapinga i akvakulturnæringa. I VRI-arbeidet ligg ei tru på at meir bruk av FoU i bedrifter fører til styrka konkurransekraft og auka verdiskaping i næringslivet . Skal ein lukkast med dette, må fleire aktørar trekkje godt i lag. Første oppgåva er å klargjere dei FoU-utfordringane ein står overfor. Deretter må ein definere dei gode FoU-prosjekta, og få til fruktbar kopling mellom bedriftene, bedrifte sine FoU-beho v og dei relevante og kompetente forskingsmiljøa. Oftast må ein ut av fylket for å få dette til. Det gjeld mykje av den aktuelle forskinga med relevans for utvikling av fornybar energi og marine næringar. Gjennom aktiv bruk av ulike verkemiddel, særleg k ompetansemekling og forprosjekt, skal VRI auke FoU-innsatsen i bedriftene. Dette vil ikkje berre vere nyttig for bedriftene; det vil òg vere stimulerande og nyttig for dei lokale FoU-miljøa, og knyte både dei og bedriftene nærmare til nasjonale (og intern asjonale) kunnskapsmiljø.

Budsjettformål:

VRI2-Virkemidler for regional innovasjon 2011-13