Tilbake til søkeresultatene

FINNUT-Forskning og innovasjon i utdanningssektoren

Developing national standards for the assessment of writing. A tool for teaching and learning

Tildelt: kr 11,2 mill.

Developing national standards for the assessment of writing. A tool for teaching and learning («Normprosjektet») samlar skriveforskarar frå fire norske universitet/høgskular. I tillegg samarbeider vi med skrive- og vurderingsforskarar frå New Zealand, USA, Sverige og Storbritannia. Målet med prosjektet er å utvikle eksplisitte forventningsnormer for skriving, og å studere kva verknad bruken av slike normer kan ha på utvikling av elevane sine skriveferdigheiter og lærarane sin vurderingskompetanse. I fase 1 av prosjektet (våren 2012) arbeidde vi med å utvikle kunnskap om kva det er rimeleg å forvente av elevars skriving etter fire og sju års opplæring. Dette arbeidet gjennomførte vi i tett samarbeid med lærarar frå 11 skular. Erfaringar frå ein omfattande pilotstudie frå 2011 vart også lagt til grunn. Forskarane samla inn data frå læraranes vurdering av elevtekstar gjennom observasjon og diskusjonar. Ved å studere kva lærarane framheva i vurderingane sine og korleis dei vekta ulike aspekt ved tekstane, etablerte vi eit sett med forventningsnormer, som vart justerte og raffinerte på bakgrunn av erfaringar frå bruk i klasserommet. Samstundes arbeidde vi med å vidareutvikle den funksjonelle forståinga av skriving som ligg til grunn for prosjektet. Denne forståinga ? eller skrivekonstruktet ? er visualisert i modellen Skrivehjulet, som illustrerer korleis ein kan handle gjennom skriving for å nå ulike føremål, og kva språklege og semiotiske verktøy ein har å spele på i skriveprosessen for å realisere dei ulike skrivehandlingane og føremåla. Skriving vert forstått som eit dynamisk samspel mellom desse tre dimensjonane. Fase 2 av prosjektet var ein intervensjonsstudie (over 2 skuleår) der lærarar tok forventningsnormene i bruk som utgangspunkt for arbeid med skriving og vurdering av tekstar. Denne fasen (2012?14) involverte lærarar og elevar på fire trinn (3., 4., 6. og 7.) ved 20 skular (til saman om lag 500 lærarar og 3000 elevar). Vi gjennomførte eit kursopplegg ved kvar skule, med vekt på implementering av konstruktet og normene. Elevane skreiv tekstar med utgangspunkt i ulike skrivehandlingar (å reflektere, beskrive, utforske, førestelle seg, overtyde og samhandle), og lærarane vurderte tekstane deira ved hjelp av vurderingsressursar utvikla i prosjektet. Både tekstar og vurderingar vart nytta som datagrunnlag for kvantitative og kvalitative analysar ? med mål å finne ut kva verknad implementering av forventningsnormene og den funksjonelle forståinga av skriving kan ha hatt på utviklinga av elevanes skrivekompetanse og læraranes vurderingskompetanse. Resultata frå dei kvantitative analysane viser at samla sett vart alle elevane betre til å skrive i løpet av intervensjonsperioden (korrigert for alder og modning). Dei yngste var dei som klårt hadde mest utbyte av opplegget. Dei skåra langt over det som var forventa fem månader etter at intervensjonen var avslutta. Av denne elevgruppa var det dei som i utgangspunktet presterte som forventa eller høgare, som hadde mest framgang. Dei eldre elevane (6. og 7. tr.) synest tene mindre på den nye tilnærminga til skriving. Resultata varierer frå skule til skule ? og også innanfor same skule. Fortolka innanfor ramma av ei kulturell og økologisk tilnærming, gir desse erfaringane interessante perspektiv og hypotesar om korleis t.d. læringskulturar, læringsomgivnader og ulike lærarars arbeid med å utforme skriveoppdrag, er med og påverkar utviklinga av elevars skrivekompetanse og lærarars vurderingskompetanse. Når det gjeld lærarane sine vurderingar, er dei kvantitative resultata noko sprikande. Det er vanskeleg å få samsvarande vurderingar av elevtekstane. Forklaringa ligg truleg i at skriving er ein svært samansett kompetanse med stort rom for tolking. Eksplisitte forventningsnormer greier ikkje å vege opp for denne kompleksiteten. Lærarane er såleis ikkje nødvendigvis blitt flinkare til å vurdere i tydinga å vurdere tekstane likt. I tydinga å sjå tekstane og elevanes kompetanse på ein meir nyansert måte, er dei derimot blitt klårt betre. Dei har fått eit felles språk og felles erfaringar å bruke når dei snakkar om tekstar og skriving. I tillegg viser kvalitative analysar av vurderingssamtalar mellom lærarane at dei tar skrivekonstruktet og forventningsnormene aktivt i bruk når dei vurderer, men at måten dei gjer det på, varierer frå ein ganske så instrumentell og ritualisert bruk til ei meir fleksibel og funksjonell tilnærming. Mellom desse idealtypiske ytterpunkta ser vi teikn på at alle lærarane, på ulike vis, er undervegs i ein læringsprosess som handlar om å internalisere ei meir kompleks forståing av skriving, og med det ein meir sjølvstendig vurderingspraksis. Vi har også gjort ulike kvalitative delstudiar av skriveopplæringa. Design av skriveoppgåver er her blitt eit viktig fokus, og analysane avdekker korleis elevanes prestasjonar i sterk grad avheng av korleis oppdraget er forma ut og presentert. Prosjektets nettside: http://norm.skrivesentere

The goal of the proposed project is to carry out in-depth research on specified assessment norms for writing as a key competency and what effects such norms will have on pupils' text quality and the quality of teachers' assessment. This goal reflects adva nced literacy needs inherent in a knowledge society and emphasized in the 2006 Norwegian curriculum. To reach our goal, the project formulates three research questions: 1) which specified norms of assessment can sustainably serve as explicit standards for writing in an educational assessment-as-learning environment? 2) which specific effects does the educational integration of shared explicit standards have on the quality of teacher assessment? 3) which specific effects do the educational integration of s hared explicit standards have on the quality of pupils' writing? The project builds on a social semiotic construct of writing that yields construct and content validity as well as principles for organizing standards and a multidimensional scoring instrum ent. The project is designed in two parts: In the first part, tentative standards will be refined in collaboration with 8 intervention schools. The second part (16 schools) is designed to investigate whether the integration of standards will lead t o improved teacher assessment and pupils' writing quality. The project combines qualitative and quantitative methods and is designed as a repeated- measurements field study with six partially overlapping sub-studies, designed to answer the thr ee research questions. Hosted by the National Writing Centre, the studies will be carried out by an interdisciplinary researcher group from six institutions with partners from Hong Kong and New Zealand, and two national doctoral candidates. A reference group will have participants from Sweden, Finland, Australia and the USA.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FINNUT-Forskning og innovasjon i utdanningssektoren