Tilbake til søkeresultatene

RUSMIDDEL-Rusmiddelforskning

The 38th Annual Alcohol Epidemiology Symposium of the Kettil Bruun Society

Tildelt: kr 0,40 mill.

The Annual Symposium of Kettil Bruun Society er hovudkonferansen for forskarane i KBS. Den har vanlegvis opp mot 250 deltakarar frå om lag 30 nasjonar. Årskonferansen i 2012 vert den 38. i rekkja, og den skal gjennomførast i tråd med tradisjonen for desse konferansane. I programmet er det da eit fast mønster av plenumsforedrag, diskusjonar, workshops med paperpresentasjonar og sosiale arrangement. Overskrifta for konferansen i 2012 er: "Global footprints of travelling cultural images". Tanken bak overskr ifta er at vi ønskjer å invitere plenumsforedrag som tar opp korleis bruk av rusmidlar vert forma av trendar og oppfatningar av det gode og sunne liv så vel som tilknyting til ulike fellesskap og identitetar. Dette er idear og idealar på vandring globalt, og dei sett spor ikkje berre i form av sosiale problem, men også i form av trendar i regulering, førebygging og internasjonal politikk og i gjennom korleis rusmidla vert produsert og omsatt. Prosjektet er forankra i Universitetet i Stavanger, men arrangø rgruppa har i tillegg deltakarar frå International Research Institute of Stavanger (IRIS), Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking i Helse Vest (KORFOR), Stavanger Universitetssykehus (SUS) og Rogaland A-senter. Institusjonane har inngått ein for mell avtale om organisering og ansvar i samband med gjennomføringa av KBS 2012.

Budsjettformål:

RUSMIDDEL-Rusmiddelforskning