Tilbake til søkeresultatene

SKATT-Skatteøkonomi

Social Interactions and Tax Avoidance

Tildelt: kr 5,0 mill.

Prosjektnummer:

217139

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2012 - 2016

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Fagområder:

Samarbeidsland:

Når skatteytarar deltar i lovlig skatteomgåing og/eller ulovleg skatteunndraging fører det til at staten taper skatteinntekter. Vi prøver å finna forklaringar på kvifor to ellers like individ ser ut til å ta ulike valg når det gjeld deltaking i skattetilpassing. Innsikten frå forskninga vår gjev tre føresetnader som må vera oppfylte for at ein skatteytar skal delta i skattetilpassing: For det første må skatteytaren potensielt tena på det, han må ha incentiv til å delta. Vi finn at deltakinga i skattetilpassing aukar drastisk når skatteytaren står ovanfor stor auke i marginalskatten. For det andre så må han ha muligheten til det. Vi finn for eksempel ei stor auke i etableringen av nye holdingselskap som respons på nye skattereglar, slik at eigarane i framt ida har muligheten til å redusere si totale skatteinnbetaling. Med auka utbytteskatt får den nærståande eigaren styrka incentiv til å ta selskapsoverskudd ut som såkalla maskerte utbytte, som til dømes aksjonærlån og privat konsum i selskapet.Vi finn indikasjonar på at innføringa av utbytteskatt i 2006 førte til at norske nært eigde selskap i større omfang investerte i private formuesobjekt. Dette var meir framtredande i selskap som allereie hadde vist aktiv tilpassing til skatteincentiv ved å betale ut maksimalt av tillatt utbytte i forkant av innføringa av utbytteskatten. Vi viser også empirisk at det å senke marginale skattesatsar kan få individ til å skifte frå deltaking skatteunndraging til lovlig skattetilpasning og dermed rapportere høgare inntekt. Og for det tredje så må han kjenne til skattereglane og mulighetane til å omgå/unndra skatt. Det er ikkje alle som gjer det. Vi finn indikasjonar på at skatteytarar med høg utdanning er meir tilbøyelige til å delta i skatteminimerande åtferd, og spesielt dersom dei har høgare utdanning innan økonomi og dermed er forventa å ha betre kjennskap til skattesystemet. Forskinga vår viser også at deltaking i skatteminimerande åtferd smittar innan familiar. Dersom eit familiemedlem deltar i den spesifikke, lovlege skatteomgåinga som vi studerer, aukar det sannsynet for at andre i familien også gjer dette. Dette kan ha med både informasjon, reduserte kostnader, og auka aksept for skatteminimerande åtferd å gjera. Same smitteeffekten ser også ut til å eksistera innanfor det geografiske nærområdet. Vi finn at dersom fleire i nærområdet deltar i skatteminimerande åtferd, er det større sannsyn for at også eg gjer det. I samarbeid med Columbia University (Wojciech Kopczuk), University of Michigan (Joel Slemrod) og CENEA Centre for economic analysis (Michal Myck) arrangerte Universitetet i Oslo (Annette Alstadsæter) den internasjonale workshopen "Individual and Small Business Taxation" I Warsawa 19.-20. juni 2015. Workhopen laga eit møtepunkt for leiande økonomar frå institusjonar i ni ulike land som jobbar med integrasjon av selskaper og personar og adferdsresponsar til skatt. Totalt vart det presentert ni forsknngsartiklar over to dagar, og alle artiklane vart kommenterte av invitette discussants. Workshopen hadde 45 deltakarar og vi arrangerte to middagar for deltakarane. Lokalisering og tidspunkt vart valgt i samarbeid med International Institute of Public Finance (IIPF) for å koordinere med deira PhD summer School. Det medførte at vi delte på kostnader på inviterte foredragsholdere, at PhD-studentane vart inviterte til å delta på vår konferanse, og vi samarbeida også om internasjonal marknadsføring av arrangementene. I tillegg deltok 12 representantar frå polsk finansdepartement og sentralbank. Her er informasjon om konferansen og call for papers: http://www.bus.umich.edu/conferences/Personal-and-Business-Taxation og her er program med nedlastbare artiklar: http://www.med.uio.no/helsam/english/research/news-and-events/events/conferences/2015/individual-and-small-business-taxation.html Vi har presentert mellombelse resultat på europeiske og amerikanske universitet og konferansar, for europeiske skattedirektørar, for EU-kommisjonen, for brukarar i kommunal, statlig, nordisk og amerikansk skatteadministrasjon, og som intervju på TV2 Nyhetskanalen og Dagsnytt 18 på NRK. Prosjektet hadde til og med 31.desember 2015 eiga heimeside: http://folk.uio.no/annetals/social-interactions-and-tax-avoidance. På grunn av at prosjektleiar 1.januar gjekk over i ny stilling som professor ved Handelshøyskolen NMBU er prosjektets heimeside nå nedlagt, då den ikkje lengre kunne oppdaterast av prosjektleiar på UiO sine områder.

We utilize the rich Norwegian administrative data to test the importance of social interactions for participation in tax avoidance and evasion. Avoidance or evasion by people in one's social network may lead to increased acceptance, reduced stigma, better information and lower transaction costs of implementing a tax avoidance strategy. For the universe of Norwegian shareholders, we identify four types of social networks: Family; Shareholder; Board; Accountant. We first focus on a particular tax avoidanc e opportunity: setting up holding companies in the period preceding 2006 tax reform, in order to avoid or defer future capital gains and dividend taxation. Transition E rule allowed for a tax-free transfer of existing shares to newly set up holding compan ies during 2005 (E-firms), given that at least 10% of shares in a company are held by the holding company. We aim at presenting credible causal estimates of the effect of adoption elsewhere in the network on individual's own behavior. We here utilize the 10% rule that introduced a discontinuity on the ability for setting up an E-firm, and use this discontinuity to estimate the effect of the decision to pursue tax avoidance on individuals elsewhere in the social network. The regression discontinuity design of this kind is one of the most convincing methods for establishing causality based on observational data, and is, to our knowledge, the first application of this kind in the context of social networks in general. In addition, we analyze the outcomes o f participation in tax avoidance, both on individual and firm level. We also plan to study other types of social interactions dynamics in the context of tax evasion. We have permission to access firm audit information from the tax authorities and plan t o investigate the effect of audits on behavior of others in the taxpayer's network.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Aktivitet:

SKATT-Skatteøkonomi

Finansieringskilder