Tilbake til søkeresultatene

FINNUT-Forskning og innovasjon i utdanningssektoren

The function of special education

Tildelt: kr 10,5 mill.

Hovudspørsmålet prosjektet har arbeidd med er dette: Kva handlar spesialundervisning om, og kva funksjon har den? I prosjektet er det samla inn eit omfattande empirisk materiale. Det er nytta spørjeskjema til klassekontaktar, elevar og foreldre, elevane har fått faglege prøver i norsk og matematikk. Det er gjennomført observasjonar av elevar i både spesialundervisning og ordinær opplæring. Og nokre elevar er følgde nærare opp gjennom intervju og observasjon der både elevane og dei vaksne rundt dei er informantar. Mange stader er ikkje skulen ein inkluderande stad for læring. Det er liten tvil om at måten skulen arbeider med elevane som får spesialundervisning, totalt sett ikkje fungerer tilfredsstillande. Det er mange døme på at den samla undervisninga ikkje gir elevane som får spesialundervisning optimale vilkår for læring. Denne elevgruppa presterer lågt fagleg, dei er lite skulemotiverte, dei trivst ikkje godt og dei er engasjerte i mykje læringshemmande åtferd. Spesialundervisninga segregerer. Det skjer dels ved at den går føre seg mest utanfor klassen. Ofte er sambandet og samanhengen mellom spesialundervisninga og den ordinære opplæringa fråverande. Det er ikkje alltid at dei som held på med spesialundervisninga er orienterte om det som går føre seg i den ordinære opplæringa, og omvendt. Elevane som får spesialundervisning vert også hengande etter medelevane fagleg. Dermed får dei eit gradvis dårlegare grunnlag for å delta i læringsfellesskapet. Vedtak om og tilrettelegging av spesialundervisning er gjort ut frå ei førestelling om kva som er praktisk og gjennomførleg for institusjonen, meir enn ut frå ei vurdering av kva eleven faktisk har behov for, og kva som representerer fagleg kvalitet. Det er skapt tradisjonar for korleis ein tildeler, organiserer og gjennomfører spesialundervisning, og dei set rammene for det som er ønskeleg og mogleg. Kva det faglege tilbodet skal gå ut på, både i den ordinære opplæringa og i spesialundervisninga, og ikkje minst kva kompetanse som trengst for at det skal fungere optimalt, er ofte gitt mindre merksemd og med diffuse signal. Mindre enn halvparten av elevane det gjeld får spesialundervisning av lærar med spesialpedagogisk kompetanse. Bruken av assistentar aukar. Lærarkompetansen er minst like viktig for desse elevane som for alle andre. Spesialundervisninga har likevel eit høgare potensial for læring enn den ordinære opplæringa. Der er elevane meir aktive med oppgåver, dei kommuniserer meir med læraren, dei er mindre engasjerte i læringshemmande åtferd, dei nyttar meir IKT-baserte læremidlar og dei arbeider meir med tilrettelagde oppgåver enn i ordinær opplæring. Den individuelle oppfølginga i den ordinære opplæringa av elevane som får spesialundervisning, er derimot svak, og det samla aktivitetsnivået til elevane er der lågare enn i spesialundervisninga. Dilemmaet er at læringspotensialet i spesialundervisninga ikkje vert utnytta. Det kan ein slutte ut frå desse empiriske funna: Lærarforventingane til denne elevgruppa er låge, karakteristikkane deira av elevane er ofte negative, undervisninga er enkel og ofte instrumentell, læringstrykket er lite, sambandet til den ordinære opplæringa er svak og det faglege læringsutbytet er lågare enn det ein kunne forvente. Spesialundervisninga lever i mange høve sitt eige liv, ved sidan av det som elles skjer i klassen og på skulen. Den kan fungere som ei avlasting for den ordinære opplæringa ved å lette tilhøva både for lærarar og medelevar. Det illustrerer den doble funksjonen spesialundervisninga har. Den offisielle førestellinga er at spesialundervisninga hjelper elevane som strevar. Samtidig gjer den tilhøva for medelevar og lærarar enklare. Det er med på å oppretthalde stabiliteten i organisasjonen. Legitimiteten til tiltaket ligg såleis i vedtaket om spesialundervisning, og ikkje i kvalitetane på og resultatet av den verksemda som går føre seg i opplæringa totalt sett. Det er sjølvsagt ikkje akseptabelt at barn og unge gjennom år blir tvinga til å vere i ein institusjon dei ikkje kan fungere godt i. Utfordringa er at det ofte er spesialundervisninga som blir sett som årsaka til at elevar held fram med å streve. Realiteten er at det er ein samla skule som må svare for det tilbodet elevane får, og dei resultata dei når. Difor er det viktig også å vere oppteken av det som skjer i den ordinære opplæringa, når ein skal forstå kvifor elevar strevar. Med optimal tilrettelegging kan skulen fungere godt også for elevar som får spesialundervisning. Haug, P. (red. 2017) «Spesialundervisning. Innhald og funksjon» Oslo: Samlaget. Boka vart lansert på ein konferanse ved Høgskulen i Volda i juni i 2017. Det er etablert ei eiga Facebookside i prosjektet: https://www.Facebook.com/Hivolda.speed Prosjektet har ein eigen nettstad: http://www.hivolda.no/hivolda/forsking-og-utvikling/forskingsprosjekt/nasjonalt-finansierte-prosjekt/speed-prosjektet/speed-prosjektet

The main issue raised in this study is the teaching of pupils identified as having special needs in school. Today about 18 % of the available lesson-resources are allocated to special education, which represents a noticeable increase compared to the year 2004, when 5,4 % of the pupils received special education The school year 2010-2011 a total of 51 853 compulsory school pupils - or 8,4 % of the pupil population - receive special education in Norway. A lot of knowledge has been accumulated when it comes to organisational issues etc, but as far as the quality of teaching, the pupils learning experiences and the academic outcomes the knowledge base is much weaker. The overarching question, then, is how special education is functioning in Norwegian schools : The quality of teaching, how pupils receiving special education experience school and what are the outcomes. Highly frequent groups in special education are focused (pupils with dyslexia, dyscalculia, behavior problems). Dimensions to be paid special attention are the use of minority language and ICT. In the study 200 pupils in special education and their teachers are the main informants. In addition, there will also be collected data from their classmates and from the mainstream classroom in which t hey participate. Audio and partly video recording will be used, together with observation forms, interviews and questionnaires. In order to compare development in learning outcome for different groups of learners, all children in the involved classes will be tested by means of national tests on two occasions. A reference group with national and international researchers and practitioners will be established. They will meet a couple of times per year (2012-2014) to discuss the development and results of the project. One workshop will be arranged.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FINNUT-Forskning og innovasjon i utdanningssektoren

Finansieringskilder