Tilbake til søkeresultatene

SHP-Strategiske høgskoleprogram

The ASK Study - A randomized controlled trial investigating the effect of daily physical activity on childrens school performance

Tildelt: kr 16,6 mill.

Om ASK-prosjektet: ASK er eit utviklings- og forskingsprosjekt som gjennom eitt skuleår (2014/15) undersøket om auka fysisk aktivitet i samspel med dei tradisjonelle faga påverkar skuleprestasjon, skuletrivsel og helse hjå 1150 elevar i 5. klassetrinn ved 57 skular i Sogn og Fjordane. Samanhengen mellom fysisk aktivt læring og skuleprestasjon var hovudmålet i ASK. Det faglege innhaldet i ASK blei utvikla i samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og lærarar ved samarbeidande skular i Sogn og Fjordane, og inkluderer bl.a. at «Fysisk aktiv læring (FAL)» (90 minutt kvar veke) som er ein undervisningsmetode der elevane er fysisk aktive utandørs medan dei arbeider med fag (øvingar kan vere mattebingo, glosestafettar etc). I tillegg er fem minutt daglige «aktive pausar i klasserommet» og «aktiv heimelekse» (10 minutt kvar dag som lekse) ein del av ASK-prosjektet. FAL-opplegga, den største komponenten i intervensjonen, er eit alternativ til delar av den tradisjonelle, stillesitjande undervisningsmetoden som gjerne dominerer undervisninga i teorifag i dagens skule. FAL-opplegga krev relativt lite utstyr, og majoriteten av utstyr nødvendig for å få til eit god opplegg blei gitt frå HiSF gratis til skulane i ASK. FAL-undervisinga blei leia av klasseromslæraren og læringsutbytte av dei enkelte FAL-opplegga blir validert opp mot læringsutbytteformuleringar i læreplanen. Alle FAL-opplegga var repetering av fagstoff allereie gjennomgått i klasserommet. Retningslinjer utvikla i samband med ASK-prosjektet la vekt på at FAL-opplegga bør vere lystbetont, ha låg fagleg og motorisk terskel, tidvis høg intensitet og med høgt fokus på samarbeid. Resultat: Ei oppsummering av ASK-resultat er publisert i forsking.no: https://forskning.no/hogskulen-i-sogn-og-fjordane-skole-og-utdanning-sport/betre-i-matte-med-aktiv-skuledag/397073 Publikasjonar: Det er publisert ei rekke artiklar frå ASK, sjå her for design artikkel og hovudartikkel, begge open access: https://bmcpublichealth.biomedcentral.com/articles/10.1186/s12889-015-2049-y http://www.sciencedirect.com/science/article/pii/S0091743516302626 Sjå også sak i forskning.no om ASK: https://forskning.no/2016/09/betre-i-matte-med-aktiv-skuledag/produsert-og-finansiert-av/hogskulen-i-sogn-og-fjordane Involvering av studentar: Det var fire kvinlege Ph.D. studentar i ASK, alle teken opp ved doktorgrads programmet ved Norges Idrettshøgskole i Oslo. To av stipendiatane (Katrine Nyvoll Aadland og Laura Elina Suominen Ingulfsvann) disputerte i 2018. Den tredje stipendiaten (Turid Skrede) disputerer 5. april 2019. Den fjerde stipendiaten (Mette Stavnsbo) forventar også å disputere i løpet av 2019. I tillegg har 15 master og 25 bachelorstudentar har gjennomført sine studentoppgåver i ASK. Innovasjon: ASK har, saman med lærarar i Sogn og Fjordane, utvikla ein gratis aktivitetsbase (www.askbasen.no). ASK-basen inneheld ca 140 kvalitetssikra (av lærarar) FAL aktivitetsopplegg og aktivitetsvideoar til bruk skular. ASK-basen har bl.a. ein filtreringsfunksjon som gjer det mogleg å filtrere aktivitetsopplegg etter målgruppe (barnehage, 1.-2. trinn, 3.-4. trinn, 5.-7. trinn og 8.-10.trinn) og fag (matematikk, norsk, engelsk mm.). Dette gjer at ASK-basen er oversikteleg og effektivt, noko som er viktig for brukarmassen. ASK-basen blir no vidareutvikla av lærarar både i Sogn og Fjordane og nasjonalt. I tillegg har vi etablert ei Facebook-side (Fysisk aktiv læring»). Dette stadfestar at ASK-basen er eit viktig supplement i kvardagen for mange lærarar i Noreg. I tillegg har fleire skular og kommunar fått direkte nytte av prosjektet gjennom kunnskapsspreiing i form av vegleiing, foredrag og kursaktivitet. Kva skjer etter ASK? Det er ein stipendiat (Øystein Lerum) som arbeider vidare med FAL-problemstillingar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), inkludert problemstillingar knytt til kva som skjer i etterkant av ASK på skulane i Sogn og Fjordane. Vidare, Forskingsgruppa rundt ASK-prosjektet fekk i mars 2018 tildelt 24 millionar frå Gjensidigestiftelsen til å opprette Senter for fysisk aktiv læring (SEFAL) ved HVL. SEFAL er leia av Geir Kåre Resaland og arbeider systematisk med å utvikle FAL som ein kvalitetssikra undervisningsmetode som lærarar kan nytte i alle fag med særleg fokus på teoretiske fag. FAL kan bidra til at elevar får meir aktiv, praktisk og variert undervisning i skulen. Kontakt: Dersom det er spørsmål kring ASK, kontakt Geir Kåre Resaland, geirkr@hvl.no.

ASK-prosjektet blei gjennomført etter intensjonane, og ei rekke artiklar er publisert i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift. Som ein konsekvens av ASK er det no oppretta ei senter (senter for fysisk aktiv læring: SEFAL) ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal, som vil arbeide vidare med den sentrale intervensjonskomponenten i ASK; fysisk aktiv læring. SEFAL forskingsgruppe inkluderer to stipendiatar som har forskar på fysisk aktiv læring. Fleire av skulene som var med i ASK fortsette med fysisk aktiv læring, og nokre skular, som Vassenden skule i Jølster, har innført ASK-modellen på alle 10 klassetrinn. https://www.nrk.no/sognogfjordane/pa-denne-skulen-har-elevar-leika-seg-betre-i-matte-1.13371760

The ASK Study: Investigating research questions concerning major educational and preventive public health issues. The relationship between physical activity and schools performance has received widespread attention because it is increasingly evident that a physical activity strategy that brings about enhanced cognitive function, increased blood flow, and more, could enhance children?s schools performance. Furthermore, Norway has a history of mediocre scores on international comparative schools performance tests such as TIMSS and PISA. It is therefore important to develop and evaluate strategic programs that enhance pupil?s schools performance. As important, there are global concerns regarding the increased prevalence of lifestyle-related non-communicable diseases (NCDs), such as obesity and diabetes mellitus type 2, affecting people of all ages, including children. Healthcare costs are escalating to unaffordable levels. The best means to deal with this immense problem is through primary prevention, and ph ysical activity is a powerful common denominator known to play a key role in preventing a host of NCDs. The school is an important setting for interventions, because it represents the only available arena where all children, irrespective of social backgro und, can be followed up continuously over a long period. The current evidence base for recommending effective physical activity intervention to affect schools performance is week. Thus, at present there is insufficient evidence for stakeholders to reach i nformed decisions. Consequently, there is a dire need for innovative high-quality multidisciplinary research interventions that address this question. In this proposal, we aim to rigorous overcome all the limitations of previous trials. If successful, the proposed project could provide much needed solutions to enhancing schoolchildren's schools performance and thus position the school as an effective setting for a massive public health intervention concerning NCDs.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

SHP-Strategiske høgskoleprogram

Finansieringskilder