Tilbake til søkeresultatene

BIONÆR-Bionæringsprogram

Konferanse: International Marine Ingredients Conference 2013.

Tildelt: kr 49 999

Utvikling av marin ingrediensindustri er eit norsk satsingsområde, og er gitt prioritet både i Fiskeri- og kystdepartementet og i næringa. Konferansen MIC2013 er ei vidareføring av ein tilsvarande konferanse som vart arrangert i 2010. Konferansen er ret ta mot bransjen marine ingrediensar, inkludert forskingsmiljø og andre som har interesse av temaet. Konferansen er internasjonal, men med ei målsetjing om å synleggjere norsk industri og kompetanse. MIC2010 vart svært vellukka, og hadde 235 deltakarar. FHL ser det som viktig å bygge vidare på kunnskaps- og kompetanseformidlinga om den nasjonale og internasjonale ingrediensindustrien, som MIC2010 la grunnlaget for. Vi ser på konferansen som eit viktig tiltak for å byggje opp Noreg som ein autoritet innan marine ingrediensar. Noreg er i dag eit viktig senter for produksjon av marine ingrediensar. Konferansen vil vise kva vi nasjonalt har av kunnskap og kompetanse på marine ingrediensar og vekke den internasjonale marknaden si interesse for området. Den vil samstundes gi norske aktørar kunnskap på dette området frå FOU-miljø og næringsliv fra andre land. Konferansen vil dekke alle områder innanfor marine ingrediensar, langs heile verdikjeda. Programmet vil dekke marine oljer, proteiner, nye råvarekjelde r ("novel rawmaterial sourcing") og nye produkt ("novel products"). Vi vil leggje vekt på å ha ei balansert blanding av foredrag frå forskingsmiljø og næringsliv. Vi vil og ha ein eigen postersesjon i tilknytting til konferansen. Ved arrangementet i 201 0 vart det utstilt 30 postarar, i all hovudsak frå forskarar. Dette var ein god arena for faglege diskusjonar, og marknadsføring av dei som var med på denne utstillinga. Det er sett ned ein programkomite for konferansen. Denne består av Ola Flesland (Bio mega AS), Karl Almås (Sintef Fiskeri og havbruk), Gunnar Berge (Pronova As), Bente Ruyter (Nofima marin), Stein Ove Østvik (FHF) og Gunn Knutsen (FHL).

Budsjettformål:

BIONÆR-Bionæringsprogram