Tilbake til søkeresultatene

MAT-SLF-Matprogr.:Prosj.fullfin.av SLF

Optimal Grazing Strategy for Dairy Cows

Tildelt: kr 0,17 mill.

Beite kan vere billig og godt fôr til mjølkekyr. Beiting blir også rekna som viktig dyrevelferdstiltak. Men det kan vere vanskeleg å oppretthalde produksjonen hos høgtytande mjølkyr på beite, og det kan være naudsynt å supplere med ekstra kraftfôr eller å forbetre beitetildeling for å oppretthalde produksjonen. Beitetildeling kan vere vanskeleg, og det trengs meir kunnskap om korleis ein kan tildele beitet på best mulig måte som sikrar god beitekvalitet, høgt beiteopptak og produksjon. Vi gjennomførte seks beiteforsøk med mjølkeku. To forsøk blei utført ved Senter for husdyrforsøk ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås i 2014, eitt (I) forsøk på forsommaren (Tidleg) og det andre (II) på seinsommaren (Seint). Dei fire andre forsøka (III, IV, V og VI) blei utført på Norsk Senter for Økologisk landbruk, Tingvoll, i 2015 (III og IV) og 2016 (V og VI), også her gjorde vi forsøka både på forsommaren (III og V) og på seinsommaren (IV og VI). Forsøksspørsmålet i alle forsøka var om beitemetode påverkar fôrkvaliteten av beitet og dermed også fôropptak, mjølke-produksjon og -kvalitet og fôrutnytting. Hypotesen var at kyr som dagleg får nytt ferskt beite har tilgang på betre fôrkvalitet og har dermed høgare produksjon og fôrutnytting enn kyr som får tildelt eit større areal som skal dekkje fôrbehov for fleire dagar. I forsøk I og II hadde vi tre forsøksledd: 7D = kontinuerleg beiting av eitt skifte i ei veke, S1 = Tildelt nytt beiteareal dagleg tilsvarande 1/7 av vekesbehovet, utan tilgang på areal som var beita dagen før og S2= Tildelt nytt beiteareal dagleg, tilsvarande 1/7 av vekesbehovet, men tilgang på areal beita dagen før. I forsøk III-VI, hadde vi med to forsøksledd, nemleg 7D og S2. For kvart forsøksledd hadde vi to gjentak, og vi brukte fire mjølkekyr per gjentak, i alt 8 kyr per forsøksledd. I forsøk I, II og III varte forsøka i tre veker, der hovudtyngda av registreringane vart gjort i den siste. I forsøk IV-VI, brukte vi 14 dagar, med same registreringsregime i den siste veka som i siste veka i forsøk I-III. Tildelt beitemengde vart sett likt i alle forsøksledd og var om lag 20 kg tørrstoff/ku/dag. Mjølkeproduksjonen vart registeret dagleg, mjølkeprøver til analyse av kvalitet var tatt ut jamleg og vekta av kyrne vart registeret fleire gonger forsøksperioden. Vidare vart det tatt ut prøver av beite både for analyse av botanisk samansetjing og for kjemisk analyse for bestemming av fôrkvalitet. I forsøka på Ås vart også produksjon av enterisk metan målt ved hjelp av SF6 metoden. Vi utstyrte kyrne ete-og drøvtyggarsensor i begge forsøk på Ås og i forsøk V og VI på Tingvoll for å teste om beitemetode påverkar beiteåtferda til dyra. Beitekvaliteten endra seg over tid i alle forsøka. Generelt så gjekk proteininnhaldet, fordøyelegheita av organisk stoff og energiverdien ned medan fiberinnhaldet auka. Endringane i fôrkvalitet var likeins for alle forsøksledda. Desse endringane i fôrkvalitet påverka sannsynlegvis produksjonen og kvaliteten av mjølk, for både produksjonen og innhald av protein i mjølk gjekk ned i alle forsøk. I forsøka på Tingvoll var nedgangen i produksjon sterkare hos kyr som fekk tildelt nytt beite kvar veke (7D) enn hos dei som fekk ny stripe dagleg (S2). I forsøka på Ås auka feittinnhaldet i mjølka auka hos dei kyrne som var på forsøksledd 7D, medan det var ingen endring hos dei som fekk tilgang på nytt fersk beite dagleg (S2). Nedgangen i mjølkeproduksjon er delvis ein følgje av endring av laktasjonstadiet til kyrne, medan endringa i proteininnhaldet i mjølka nok i all hovudsak skuldast endring i fôrverdien. Innhaldet av urea i mjølk var generelt låg, og innhaldet gjekk ned utover i forsøksperioden i alle forsøk. Hos kyr på 7D var innhaldet av urea i mjølk høgare i starten av veka og nedgangen sterkare utover i veka enn hos dei som fekk dagleg nytt beite (S2). Vekta på kyrne i forsøka på Tingvoll gjekk ned hos dei som var på 7D, medan kyrne på S2 held vekta si gjennom forsøka. Den same effekt av beitemetode på vektendring vart observert på Ås, ingen endring i vekt hos dei som fekk tildelt nytt beite dagleg (S1 og S2), medan dei på 7D tok av vekt gjennom forsøket i «Sein» sesong. Gjennomsnittleg total produksjon og intensitet av enterisk metan var høvesvis 290 g/dag og 12g/kg mjølk, men det var ingen effekt av beitemetode. Beitemetode påverka åtferda til kyrne. Dei som fekk tildelt nytt beite kvar veke (7D) starta å beite tidlegare på døgnet enn dei som dagleg fekk nytt gras (S1 og S2). Kyrne på S1 og S2 brukte meir tid på beiting mellom mjølkingane på dagtid enn kyr på 7D. Sjølv om vi ikkje kunne påvise effekt av beitemetode på fôrkvaliteten av beite, så må kyrne som fekk tildelt nytt beite dagleg (S1 og S2) enten tatt opp beite av betre kvalitet eller hatt eit høgare beiteopptak enn dei som fekk nytt beite kvar sjuande dag. Det er fordi kyrne som fekk dagleg nytt beite haldt vekta og fordi nedgangen i produksjon var mindre.

Dairy cow milk production on fresh grass may be cheaper than on conserved forages as grazed forage is the cheapest source of nutrients. However, with grazing dairy cows the supply of protein often is asynchronous to the supply of energy available to rumen microbes and a substantial amount excess nitrogen (N) is excreted in the urine. This low efficiency of N utilization by grazing cows comes with an associated cost of nutrient loss, dairy herd health/fertility through elevated plasma urea, and environment al pollution from the grazed land. Furthermore, differences in the quality of grazed forage may affect milk yield, quality and the extent of gross energy lost as enteric methane (CH4), a strong greenhouse gas (GHG). Decreasing this emission without advers ely affecting animal productivity is desirable both as a strategy to reduce GHG emissions and as a means of improving feed conversion efficiency. The extent to which grazing management can influence N efficiency and CH4 emissions is not known under Norweg ian conditions. To this effect, we plan to investigate the consequences of three different pasture allocation techniques to lactating dairy cows at two different locations within Norway with the following hypotheses and objectives: Balancing nutrient inta ke by dairy cows from grazed pasture through sound grazing management would minimize nutrient loss (e.g. N), improve milk yield and quality and reduce GHG emission. By inference, this will contribute towards improved farm income, sustainable production wi th less harmful effect on environment.

Budsjettformål:

MAT-SLF-Matprogr.:Prosj.fullfin.av SLF

Finansieringskilder