Tilbake til søkeresultatene

BIONÆR-Bionæringsprogram

Rett vatning og gjødsling hjå søtkirsebær dyrka under tunneldekke

Tildelt: kr 2,6 mill.

All kommersiell produksjon av søtkirsebær i Noreg vert dyrka under plasttak for å unngå sprekking av fruktene og oppnå høg kvalitet. Fruktene av søtkirsebær sprekk når dei vert utsette for regn. Sjølv om fruktene er under tak i den aktuelle perioden og er turre, sprekk dei likevel under ugunstige klimavilkår og ubalansert vass- og næringstilførsel. Ein aukande del av produksjonen vert no dyrka i plasttunnelar. Dette har gjeve nye utfordringar med å balansera rett bruk av vatning og gjødsel tilføring. Vekstsesongane 2013, 2014 og 2015 har det vorte gjennomført ei kartlegging av næringsstatus, vasstilgang, avling og fruktkvalitet i kommersielle søtkirsebærplantingar under tunneldekke på Aust- og Vestlandet. Det vart valt ut hovudsortane ?Van?, ?Lapins? og ?Sweetheart? og arbeidet vart gjennomført i samarbeid med Norsk Landbruksråd. Ved Nibio Ullensvang vart det starta opp forsøk med å tilføra tre av sorten ?Sweetheart? dyrka under tunnel ulike vatningsregime og med og utan sprøyting av bioregulatoren GA3 og næringstilførsel i 2013. Arbeidet heldt fram i 2014 og 2015. Resultata er dokumenterte ved å måla jordråmen jamleg gjennom vekstsesongen, innhenting av bladprøvar og jordprøvar gjennom vekstsesongen med analyse for alle næringsemne. Avling, fruktvekt, sprekking av fruktene og fruktkvalitet (farge, fastleik og sukker) vart registrert, fenologi og tilveksten av kart. Tunneldyrking gjev større avlingar og frukter enn ved bruk av dekking med Tre-strengs- systemet. Bruk av bioregulatoren GA3 utset modninga med ei veke og gjev fastare og større frukter Tunnel produksjon er meir krevjande ? høgare etablerings- kostnader og krev styring av temperatur, vass- og næringstilførsel. Grunngjødsling kombinert med gjødselvatning gjev høg avling og store frukter. I 2015 har resultat det vorte publisert og formidla ved eit internasjonal symposium i Sarajevo og til norske dyrkarar ved ein markdag.

Søtkirsebærdyrkinga i Noreg er ein spesialisert produksjon lokalisert til dei klimatisk beste dyrkingsområda i landet; hovudsakleg nedre Buskerud, Vestfold, Telemark, Hardanger og Sogn. All kommersiell produksjon vert dyrka under plasttak for å unngå spr ekking av fruktene og oppnå høg kvalitet. Det er stor etterspurnad etter norske søtkirsebær på heimemarknaden og fruktkvaliteten held eksportmål. For at produksjonen skal auka, er det turvande at dyrkingsteknikken er optimal for å få store avlingar med go d kvalitet. Dyrkingsopplegget er intensive plantesystem med eit høgt tal med tre pr. arealeining. Søtkirsebærproduksjonen skil seg ut ved at det vert nytta dei same sortane og dyrkingsteknikken som elles i verda. Men utfordringane er større i Noreg med s tore mengder med nedbør i vekstsesongen. Fruktene av søtkirsebær sprekk når dei vert utsette for regn. Fruktene er utsette når dei byrjar å verta raude og heilt fram til hausting. I verste fall kan halve avlinga verta øydelagt. Sjølv om fruktene er under tak i den aktuelle perioden og er turre, sprekk dei likevel under ugunstige klimavilkår og ubalansert vass- og næringstilførsel. Ny teknologi gjev høve til kontinuerleg tilførsel og justering av vasstilførsel, gjødselmengde og samansetning gjennom sesonge n ved hjelp av dropevatningssystem i trerekkja. Det meste av dyrkingsopplegget er kunnskapsbasert, men gjødslingspraksis- og vatning er framleis veldig varierande og upresise og lite tilpassa nye sortar og dyrkingsteknikk. Ein aukande del av produksjonen vert no dyrka i plasttunnelar. Dette har gjeve nye utfordringar med å balansera rett bruk av vatning og gjødsel tilføring. Hovudmålsetjinga med dette FoU-prosjektet er å auka verdiskapinga endå meir hjå denne kulturen ved at fruktdyrkarane, rettleiingsten esta og utstyrsleverandørar får ny kunnskap om rett gjødsling og vatning. Tiltaka er å utvikla og utnytta kunnskapsbaserte og kostnadseffektive produksjonsmetodar.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

BIONÆR-Bionæringsprogram