Tilbake til søkeresultatene

BIONÆR-Bionæringsprogram

Friske epletre som grunnlag for auka norsk fruktproduksjon

Tildelt: kr 3,0 mill.

Prosjektleder:

Prosjektnummer:

225359

Prosjektperiode:

2013 - 2016

Midlene er mottatt fra:

Organisasjon:

Geografi:

Samarbeidsland:

I gjennom kartlegging av sjukdomar i eplefelt i Nordfjord, Sogn, Hardanger, Ryfylke, Telemark og Lier var det funne fleire ulike sjukdomar, men frukttrekreft (årsaka av Neonectria ditissima) dominerte. Omfanget av frukttrekreft i dei ulike felta i kvart område og mellom områda varierte mykje. Dei ulike symptoma av frukttrekreft vart dokumentert. Sommaren 2013 vart det planta ein del tre som året etter hadde kreftsår i poteområdet. I eit forsøk vart det funne nye kreftsår på tre i to år etter planting. Dei første importerte epletrea vart planta våren 2014, og alle felta vart undersøkte. Også tre importert og planta i 2015 vart undersøkt. Det var funn av N. ditissima på turre greiner i eit felt, men ingen tre med kreftsår. I 2014 var det frukttrekreft på nokre få tre i eit felt på Vestlandet og noko meir i eit felt i Lier-området. I 2013 var frostskade ein annan viktig årsak til treutgang. Mange av desse trea hadde angrep av soppsjukdomar også. Nokon av sjukdomane er identifisert og det har vore gjort smitteforsøk for å bestemma kor stor evne dei har til å skada epletre. Det vart konkludert med at dei ikkje var aggressive på eple. Sesongen 2015 var unormal med omsyn til klima om våren og føresommaren. Det var låg temperatur, mykje nedbør og i mange felt dukka det opp ein skade på skot, fruktsporar og i bork som ikkje har vore vanleg. Skaden var truleg årsaka av bakterien Pseudomonas syringae pv. syringae som vart isolert frå slike symptom. For å stadfesta at bakterien var årsak til skaden vart det gjennomført smitteforsøk. Resultat frå desse vert ikkje klare før i 2016. For å kunne påvisa og kvantifisera N. ditissima, utan at det er synlege symptom, vart det utvikla ein kvantitativ PCR-metode. Denne vart utprøvd på reinkulturar av soppen og inokulert kvistmateriale. Med PCR-metoden kunne soppen påvisast i kvist utan å isolera og reindyrka soppen på skål først og metoden kunne brukast til å påvisa sporar i vatn og på veksemedium. Det vart undersøkt potensielle smittekjelder for tresjukdomar i planteskular og i kvistbankfelta hjå Sagaplant. I nokre av planteskulane vart det funne angrep av rothalsròte (Phytophthora cactorum) på små tre. Aktuelle rådgjerder mot Phytophthora vart kommunisert til planteskulane. I 2015 vart det funne Phytophthora frå dreneringsvatn i eit felt, på tre i planteskular og etablerte felt. Det bør setjast inn tiltak i planteskular for å unngå smitte til felt. I Skattefunndelen av prosjektet vart det sett i gong forsøk for å sjå på risiko for overføring av frukttrekreft med kvistmateriale. Førebels har det vore funn av frukttrekreft på 3 tre av totalt 1116. I tillegg vart det laga tre ved både okulering sommaren 2014, og poting våren 2015, der kvistmaterialet fekk påført smitte av N. ditissima. Ein stor del av trea laga med smitta kvist sommaren 2014, utvikla kreftsår i løpet av vinteren. Andre utvikla kreftsår etter at knoppen hadde vokse og nokre av dei døydde. Totalt hadde 70-100% av dei smitta trea utvikla kreft hausten 2015. Sjukdomsutviklinga gjekk raskare på trea okulert på grunnstamma B9 enn på M9. På trea pota våren 2015 var utviklinga meir langsam. Hausten 2015 var det stadfesta infeksjon av frukttrekreft på mellom 10 og 70%. Arbeidet vert ikkje oppsummert før etter sesongen 2016. Førebels har forsøka stadfesta at tre laga av potekvist med smitte av N. ditissima kan døy/utvikla kreft til ulike tider etter poting/okulering. I 2014 og 2015 vart grunnstammer inokulert med N. ditissima for å finna ut kor utsett dei var for infeksjonar av frukttrekreft i oppalet og ved poting/okulering. Alle dei kommersielt vanlege grunnstammene fekk angrep av N. ditissima etter inokulering. Ved smitting av små stammer under oppal var det meir infeksjon på B9 enn M9 og Antonovka. Resultata syner at det er ein risiko for utvikling av frukttrekreft også på grunnstammer. Landbruksrådgivinga har prøvt ulike tiltak i kreftsår og sprøyteforsøk med kopar i bladfallperioden. I eit forsøk med sorten Vista Bella var det meir nye infeksjonar i usprøyta tre enn i dei som var sprøyta. Det var ikkje skilnad i forsøka med sorten Summerred. Tiltaka i kreftsåra var vanskeleg å sjå effekt av, men brenning med gassbrennar såg ut til å kunne drepa soppen. Handsamling med klor (rein Klorin) og Skania Kambium Vital (sårbehandlingsmiddel) virka ikkje så godt utan at alt som var infisert vart skore vekk. Den tyske partnaren starta hausten 2014 eit sprøyteforsøk med ulike koparpreparat mot frukttrekreft der vårt einaste godkjende koparpreparat (Nordox) er med. Dette arbeidet vert ikkje sluttført før i 2016- og det er ingen førebels resultat. Saman med den tyske partnaren i prosjektet vart det gjennomført feltvandringar og fagmøte kvart år i prosjektperioden. Eit oversyn over dei ulike symptoma av frukttrekreft som er synleg om vinteren vart oppsummert i ein skjerefaldar publisert på NLR si nettside: http://www.nlr.no/fagartikler/28643/ på norsk, engelsk og polsk.

Sagaplant er leiande nasjonalt senter for å få fram sjukdomsfritt plantemateriale innan frukt og bær. Gjennom prosjektet FriskeTre ønsker Sagaplant å medverka til auka sjølvforsyningsgrad av norske eple. FriskeTre sitt fokus er betre trehelse. I dag døyr minst 5% av trea ut etter planting, og dette reduserer avlingspotensialet i norske eplehagar. FriskeTre vil gjennom forsking, kartlegging og kommunikasjon på tvers i verdikjeda, auka kunnskapsnivået hjå alle deltakande partar. Auka kunnskap om kva sjukdom ar som er tilstades i fruktfelt og under oppal vil gjennom effektive samarbeidsformer brukast til å gje betre hygiene hjå Sagaplant (grunnstamme- og kvistprodusent), i planteskular (treprodusentar) og optimalisera handteringa av sjukdomar i eplefelt. Sikt emålet er å utvikla ein sertifisert produksjon av norske epletre, tilsvarande den sertifiserte produksjonen av jordbær- og bringebærplanter. Tiltaka som vert sett inn, vil redusere treutgang og tilbakedød av greiner både under oppal og i eplehagar. Prosje ktet har effektive kommunikasjonsformer og samarbeid i heile produksjonskjeda som eit hovudverkemiddel for å oppnå målet om friskare tre med betre avlingspotensiale. I sum vil FriskeTre gje meir norske eple og betre økonomi for alle involverte partar. Det vil føra til ei auka verdiskaping for norsk planteskulenæring og norsk epledyrking- og meir norskproduserte eple til forbrukarane.

Budsjettformål:

BIONÆR-Bionæringsprogram