Tilbake til søkeresultatene

BIONÆR-Bionæringsprogram

Kvalitetstap og svinn i omsetninga av plommer

Alternativ tittel: null

Tildelt: kr 3,0 mill.

Haustetidsvurdering: Arbeidet med å utvikla målingar av DA-indeksen som ei god rettesnor for optimal haustetid for plommer held fram. Det har vore målt i referansehagar austafjells og på Vestlandet. Målingane viser tydeleg skilnadane i mogningsgrad mellom tidlege og seine stader/referansehagar. Endringa i DA-indeks fylgjer ei sigmoid kurve. Vendepunktet gjev eit godt grunnlag for å fastsetja nøyaktig felles mogningsgrad mellom sortar, stader m.m. Dyrkingstiltak mot svinn: Av dei dyrkingstekniske forsøka var det klar verknad av ekstra vatning. Sjølv i ein sesong med middels nedbør, var det auka avling på trea som fekk jamn vatning. Det er gjennomført nye forsøk med næringsforsyning og sprekking i plommene. Alle data er ikkje klargjort, men generelt var det meir sprekking i 2015 enn 2014. Forsøk med tiltak i frukthagen for å redusera svinn vart vidareført i 2015. Plommene vart sortert etter mogningsgrad ved innlagring og undersøkt for lagringsevne. OLgså i 2015 var mogningsgrad viktigare for rotninga enn sprøyting med kjemiske middel eller kalsium. Storskala omsetningsforsøk: Det vart gjennomført ein storskala test av marknadsregulering. Plommer frå Innvik og Sognefrukt fruktlager vart transportert til Ullensvang fruktlager for lagring i palleposar før ompakking i flowpack. Førebels resultat tyder på at ein del av plommene var for mogne til å kunne lagrast i fire veker før omsetnad. DA-meter for å vurdera lagringsevne oglagrig i kontollert atmosfære: DA-meter er brukt for å måla mogningsgrad i plommer, og korleis denne påverkar lagringsresultata. Arbeidet med mogningsgrad og lagring i kontrollert atomsfære og modifisert atmosfære held fram. Lagring i storkassar med lokk med semipermeable membranar verka bra, og det utvikla seg raskt ein modifisert atmosfære med kring 5% CO2. Oksygennivået gjekk lengrened mot 0 enn ynskjeleg. Men som ved lagring i plasthetter med kontrollert atmosfære, er det best resultat med lite mogne plommer som er godt kjølte før lagringa i tette kassar. Arbeidet med ytterlegare publisering og sluttrapport er i full gang.

Det er vanskeleg å hausta plommer slik at dei kjem fram til forbrukarane med best mogleg kvalitet. Sjølv om plommene ser fine ut ved inntransport til fruktpakkeriet, utviklar det seg ofte både indre skader (brunfarga fruktkjøt, særleg kring stilkfestet) o g ytre skader (sprekker og misfarging i skallet) før sortering, og vidare etter at dei er sende ut frå pakkeria. Mengda av sprekker og indre fysiologisk skade varierer frå år til år, og kan difor ha fleire utløysande faktorar. Gjennom prosjektet vil ein f å meir kunnskap grunnen til desse skadene og korleis dei utviklar seg. I prosjektet har ein valt ut fire faktorar i dyrkinga, hausting, lagring og omsetninga av plommer som alle påverkar kvaliteten i dei marknadsførde plommene. Nye dyrkingsmåtar med opt imal bruk av dryppvatning, rotskjering og næringsforsyning kan sikra betre plommer. Ute i verda vert det stadig utvikla nytt utstyr basert på nye teknikkar som kan gje betre haustetidsrettleiing og jamnare kvalitet på varene inn på fruktlagra. Ullensvang Fruktlager har investert, og andre lagar har planar om å satsa, i utstyr for kort eller lengre lagring av plommer i atmosfære med lite oksygen. Dette er og viktig for å sikra ein jamnare og meir forutsigbar plommeomsetning. I tidlegare prosjekt fann ein a t etylenmengdene varierte mykje mellom plommesortane, og det er no tilgjengeleg utstyr (absorberande puter) som kan kotrollera etylen og luftråme i forbrukarpakningar. Dette kan sikra mindre svinn både på grunn av overmogning, misfarging i fruktkjøtet og rôteskader.

Budsjettformål:

BIONÆR-Bionæringsprogram