Tilbake til søkeresultatene

BEDREHELSE-Bedre helse og livskvalitet

Public health through walks in neighbouring green areas.

Alternativ tittel: null

Tildelt: kr 5,9 mill.

Hovudmålet for NÆRTUR er å rette merksemda mot det å gå i nærmiljøet (dvs. heimanfrå, både i det grøne og i det "grå"), fordi internasjonal faglitteratur peikar på gåing som ein enkel, attraktiv og fullverdig moderat fysisk aktivitet. Helsedirektoratet har funne at 7 av 10 vaksne nordmenn er mindre aktive enn det Verdas Helseorganisasjon reknar som eit minimum, nemleg 150 minutt moderat fysisk aktivitet i veka, fordelt på bolkar av minst 10 minutt. Vår grunnleggande prosjekt- og folkehelseførestilling har vore: Å få folk til å gå meir, er meir realistisk enn å få folk til å trene! Vi starta arbeidet med ein gjennomgang av den internasjonale faglitteraturen om kvifor folk ikkje er meir fysisk aktive i fritida si (leisure constraints - som vi kallar hinder- eller barriere-forsking), med særleg vekt på det gå. Vi presenterte og tilpassa ein modell som systematiserer tre kategoriar hinder: personlege, sosiale og strukturelle. I tillegg til arbeid for å fjerne eller dempe hinder, ser vi det (særleg no ved prosjektslutt) som vel så viktig å satse på motiveringsarbeid, og kanskje aller mest: å planlegge/lage attraktive ute-miljø som inviterer til å gå meir ? både ut frå eit trivsels- og eit nytteperspektiv. Studien vår har hatt Moss som hovud-case. Undersøkinga skulle gje ny kunnskap om sosioøkonomiske og geografiske faktorar når det gjeld kven som går og ikkje i nærområdet sitt. Vi har valt å inkludere både turgåing og nyttegåing (transport). Vi ville også kartlegge kven som går og kven som trenar. I Moss har vi gjort både ei kvantitativ spørjeundersøking, i samarbeid med Norstat, eigne kvalitative intervju og automat-teljing av gåande ved viktige turstiar/-vegar til grøntområde. Utvalet i den kvantitative undersøkinga tok for seg dei som bur i sentrum av Moss og dei som bur i nordre bydelar (mellom Mosseskogen og Mossemarka. Funna viser at talet sjølvrapporterte gåturar ikkje avheng av sosio-økonomiske faktorar ? det å gå er noko alle gjer. Berre hundeeigarar viste seg meir gåaktive enn andre. Derimot er deltaking i trening m.a. påverka av inntektsnivå og av alder; høg inntekt og låg vaksenalder er overrepresentert blant dei trenande. Eit anna funn er at dei som bur i sentrum av Moss går meir enn dei som bur i nordre bydelar og altså nærare dei grøne turområda. Teljardata underbygger langt på ved dette. Hovudforklaringa er nok at folk går fleire nytteturar enn "lystturar", og nytteturane er hyppigare i sentrum av Moss. Spørjeundersøkinga illustrerte også noko vi mistenkte: det er vanskeleg å kartlegge kva som hindrar folk i å gå meir i nærmiljøet. Dei vanlegaste svara blant dei få som ytra seg om opplevde hinder var at dei ville gått meir om dei hadde hatt nokon å gå ilag med, og at dei mislikte å gå i mørkret og om vinteren. Folk i Moss går om lag like mykje i det grå som i det grøne, men på spørsmål om kvar dei likar best å gå så svarar nær 90 % at dei føretrekkjer 'naturprega område'. Det dei ønskjer seg av tiltak i nærområdet sitt er først og fremst 'fine og trivelege omgjevnader' - altså attraktive utemiljø. Vidare blir utfordringane med vinteren følgt opp: dei vil ha snøbrøyting og strøing av turvegar. Fenomenet 'å gå - for meg er nærare studert i dei kvalitative intervjua. Dei gåande vart spurde om kvifor dei går, kvar, når, korleis, med kven osb. Desse opne intervjua viste at gåing, som moderat fysisk aktivitet har den eigenskapen at den kan tilpassast både nytte og trivsel, altså ein svært fleksibel aktivitet som er integrert i folks kvardagsliv, men på svært ulikt vis. Det å gå blir tilpassa individuelt både i innhald og rytme, som eit dynamisk forhold tilpassa dagen, som endrar seg gjennom året, gjennom livsløpet mm. Dette gjer at kvardags-gåing har eit stort folkehelsepotensial. Vi har summert undersøkingane i Moss med at tiltak i utemiljøet som gjer det både tryggare, praktisk og trivelegare å gå, er avgjerande viktig. Vidare bør skiljet mellom lyststur og transporttur tonast ned, sidan trivsel og velvere er vesentleg også når ein går som transport, og ikkje minst med tanke på folkehelse og det å få folk til å gå meir. Prosjektet inkluderer også ein plan- og forvaltningsdel, der vi ser på tre kommunars arbeid med folkehelse (bygdekommunen Ringebu, småbyen Moss, og storbyen Trondheim), og særleg det å stimulere til å gå meir i nærmiljøet. Her har vi sett på innhald og kvalitet i ulike kommunale planar, planprosessar, arbeidet med å realisere gangvegar, stimulere gåing mm. Særleg har vi studert spelemiddelordninga og arbeidet med kommune(del)planar for idrett og fysisk aktivitet (KIF) for å finansiere anlegg for idrett og fysisk aktivitet i kommunane. For dette deltemaet utvida vi ramma til å omfatte femten kommunar. Studien viser at kommunar flest i liten grad nyttar høvet til å finansiere tettstadsnære turstiar og turvegar ved hjelp av spelemidla. Her er det eit ubrukt potensial for å stimulere gåing og fysisk aktivitet i sentrumsnære område. I vår drøfting legg vi vekt på at spelemid

Health benefits from outdoor recreation is well documented. Knowledge is lacking about the potential for attracting local inhabitants (including the in-active) to physical activity in neighbouring nature. This proposal focuses on physical activity, here u nderstood as outdoor recreation and especially walks etc. along paths or tracks in neighbouring green areas and in the context of everyday life. Composing functioning measures to promote everyday use of neighbouring green areas should be based on knowledg e about potential users, including the physically inactive, mapping of physical conditions and a thorough understanding of the local challenges. Our proposal therefore includes studies on the SOCIAL aspects (motivation, hindrances, preferences, self-repor ted benefits), as well as studies of the local RECREATIONAL AREAS (access, environmental quality, infrastructure needs etc.). Constraints/ hindrances that impede walking activity will be investigated in a broad social, life-cycle approach, seen in connect ion with the structural factors and measures for improving recreational management and planning. The combination of social and landscape knowledge will be related to the present situation and challenges in Norwegian PLANNING AND MANAGEMENT concerning publ ic health and outdoor recreation on the municipal level, through 2-3 case-studies. Previous research have especially pointed at the high potential for activating a broader spectrum of the population through everyday outdoor recreation and self-organised a ctivities in local green areas (Breivik & Rafoss 2012; Breivik et al. 2011). Compared with many kinds of organised sports, walks in neighbouring areas are low-threshold activities with a great potential for integration in everyday life. Our study of walks in local green areas will include the perspective of social differences in public health, a basic focus also lifted in the call and pointed out by researchers like Breivik et al. (2011).

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

BEDREHELSE-Bedre helse og livskvalitet