Tilbake til søkeresultatene

BIOTEK2021-Bioteknologi for verdiskaping

KINESISK/EUROPEISK/NORSK FoU NETTVERKSMØTE FOR NY KREFTBEHANDLING

Tildelt: kr 0,20 mill.

I perioden 2009 - 2013 har vår forskningsgruppe ved Universitetet i Bergen vore partnar i to Marie Curie IRSES - utvekslingsprogram mellom Europa og Kina støtta av EU FP7 HEALTH-programmet. Det eine programmet er TCMCANCER med partnarar frå Bergen (Kalla nds gruppe), Luxembourg (CRP Sante), Shanghai (Modern Research Centre for Traditional Chinese Medicine) og Beijing (Institute for Medicinal Plant Development (IMPLAD). Det andre programmet er PPI-MARKER med partnarar frå Bergen (Kallands gruppe), Heidelb erg og Dreseden og Hangzhou (Zhejiang-California Nanotechnology Institute; Zhejiang University, Hangzhou). Både TCMCANCER og PPI-MARKER har medført omfattande utveksling av unge forskarar mellom Bergen og Kina, og etablering av eit kontaktnett ved dei me st profilerte forskningsinstitusjonane i Kina. Kalland sin forskningsgruppe har nettopp signert ein "Co-operation agreement" med Shanghai, i regi av Bergen Teknologioverførsel (BTO) og Forskningsavdelingen ved Universitetet i Bergen. I følgje denne avtal en skal gruppa i Bergen screene ein av dei største phytokjemikaliebankane som eksisterer (over 6000 molekylært karakteriserte stoff)i ein ny eksperimentell carcinogenesemodell som inkluderer cancer stamceller. Målet er å utvikle "leading compounds" mot klinikken og i samarbeid med Kina. PPI-MARKER-programmet arbeider med avanserte, genomvide metoder som "next generation sequencing" og proteomikk og avansert modellering for å nye identifisere molekylære terapimål mot kreft. Det "Workshop" og Forum for interaksjon mellom dei kinesiske topprangerte universitet og europeiske partnarar som det her blir søkt om delstøtte til, har potensiale til synergi og gunstige utvikling av samarbeid og kontaktnett med attraktive kinesiske FoU-miljø. Der er alt sikra DE LFINANSIERING til Nettverksmøtet gjennom SPIRE-programmet (NOK 100k) og Bergen Universitetsfond (NOK 90k), men TCMCANCER og PPI-MARKER har ikkje noko møtebudsjett, og betre finansiering er avhengig av denne søknaden

Budsjettformål:

BIOTEK2021-Bioteknologi for verdiskaping