Tilbake til søkeresultatene

CLIMIT-Forskning, utvikling og demo av CO2-håndtering

Novel techniques for seabed monitoring of CO2 leakage and monitoring campaigns based on reservoir, cap rock and overburden migration models

Tildelt: kr 2,3 mill.

Prokaryotiske samfunn responderer raskt på miljøforandringar. Responsen til eit endra miljø kan vera å endre populasjonstettleik, endre samfunnsstruktur og/eller å endre metabolsk potensial. Lekkasjar frå CO2 lagra i geologiske formasjonar i havbotnen kan føre til biogeokjemiske endringar i overliggande marine sediment som påverkar prokaryotiske samfunn. COVERALL-prosjektet har hatt som mål å utvikle og verifisere høgoppløyselege genbaserte overvakingsteknikkar for CO2-lekkajar basert på molekylære signaturar i prokayotiske samfunn, samt å utvikle tre konseptuelle lekkasjemodellar for å estimere mogleg CO2 som siv ut frå reservoaret og inn i havbotnen under lekkasjar. Prosjektet har nytta og generert data frå CO2-lekkasjeeksperiment gjennomført in-situ og ex-situ. Desse lekkasjeeksperimenta har simulert lekkasjar frå CO2reservoarar under havbotnen. Eit av hovudmåla med ex-situ eksperimentet var å identifisere kvar CO2 endar opp etter ein lekkasje og korleis dette påverkar oksygen og pH i overliggande marine sediment. Prelimilære analysar visar at eigenskapar i sedimenta raskt endrar seg ved ein lekkasje. Det prokaryotiske samfunnet i marine sediment i desse eksperimenta har blitt undersøkt ved hjelp av massesekvenseringsmetodar av amplikon (16S rRNA), metagenom og metatranskriptom. Ein bioinformatisk gen-detektor har blitt utvikla og nytta for å finne signaturar i dei prokayotiske samfunna som korrelerar med mengd CO2 i sedimenta. Me har generert enorme datamengder basert på 16S rRNA og metagenom og metatranskriptom frå eksperimenta og suksessfullt utvikla ein gen-detektor for å identifisere gen som responderer på auka mengder CO2 i sedimentet. Resultata viser at dei prokaryotiske samfunna i dei marine sedimenta me har undersøkt er svært komplekse, og at ei rekkje andre faktorar i tillegg til CO2 ser ut til å bidra sterkt til å strukturere samfunna. Me har til no ikkje klart å identifisere potensielle kandidat-taxa eller gen for CO2 overvaking i vårt datamaterial, og kan heller ikkje verifisere taxa som tidlegare i litteraturen har vorte føreslått som kandidat-taxa for CO2 overvaking. Modellering av CO2 sin migrasjon gjennom sedimenta har hjelpt oss å forstå karakteristikkande under CO2 lekkasjar. Ein 'opinion'-artikkel skrive av konsortiet om å nytta prokaryotar for CO2 overvaking og for CCU har blitt publisert i Trends in Biotechnology, og fire artiklar med resultat frå in-situ og ex-situ eksperimenta er under arbeid. I tillegg er ein artikkel og ein rapport undervegs på modelleringsbiten. Tilsaman forventar me seks vitskaplege publikasjonar i internasjonale fagfellevurderte tidskrift, og ein rapport frå dette prosjektet.

The project team with partners from United Kingdom (UK), Greece (G) and Norway (N) proposes to use the Next Generation Technology of metagenomics and bioinformatic, for offshore post injection and long-term monitoring of CO2 storage sites. DNA extracted f rom seafloor sediments exposed to in situ CO2 release at the Scottish west coast will be analysed and compared to our existing CO2 anomaly signatures from the North Sea. An automatic workflow for fast finding and precise detection of genes associated with prokaryotic CO2 assimilation will be generated. Correlation analysis of geochemical parameters and genetic anomalies in in situ and ex situ CO2 exposed sediments will be made. To be able to estimate the resolution and sampling frequency required for safe long term monitoring of CO2 storage sites, we will calculate the theoretical migration of CO2 to the seabed from a conceptual storage site model with cap rock leakage. Based on this approach we will suggest monitoring campaigns and recommendations for th e conceptual storage site model and estimate the monitoring costs. The CCS community needs a technique able to detect deviations from baseline conditions in the seafloor in good time before CO2 migrates from the seafloor into the sea water where pelagic o rganisms such as fish can be affected.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

CLIMIT-Forskning, utvikling og demo av CO2-håndtering