Tilbake til søkeresultatene

MARINFORSK-Marine ressurser og miljø

Ecosystem-Economic Interactions in the Norwegian Sea: Analysis and Management

Alternativ tittel: Økosystem-økonomi-interaksjoner i Norskehavet: Analyse og Forvaltning

Tildelt: kr 3,0 mill.

Prosjektnummer:

234238

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2014 - 2017

Geografi:

Samarbeidsland:

Økosystemet i Norskehavet er produktivt og dynamisk og huser nokre av verda's største pelagiske fiskebestandar. I tillegg finns viktige fiskeartar som nordaust arktisk torsk i regionen. Bestandane overlapper geografisk med sesongvariasjonar, og interakterer gjennom kamp om mat, i predator-bytte interaksjonar samt gjennom økonomiske markedskrefter. Vidare er hovudmatkjelda for dei pelagiske fiskane i Norskehavet, zooplanktonet Calanus finmarchicus, ein viktig faktor for bestandane og korleis dei interakterer. Mykje av dynamikken høgt i økosystemet er sannsynligvis knytta til dynamikk i C. finmarchicus. Kunnskap om ibuande økologiske og økonomiske avvegingar knytta til utnytting av ressursar i økosystemet i Norskehavet er i ferd med å framkomme i vitenskaplege miljø. EINSAM-prosjektet har bidratt til denne utviklinga på fleire hald. Det fyrste hovudtemaet i EINSAM har vore metodebidrag knytta til bioøkonomisk modellering og analyse. Hovudbidraget i høve modellering har vore anvending av dataassimileringsmetodar i bioøkonomisk modellering av økosystem eller næringskjeder. I høve analyse har fleire bioøkonomiske næringskjedemodellar vore utsett for avgjerdsleanalyse under uvisse. Dette framstår som tilnærmingar til økosystembasert fiskeriforvaltning som er alternativ til rådande praksis. Eit forsøk på å forene desse bidraga og etablere eit komplett modellerings- og analyseverktøy for fiskeria i Norskehavet er framleis undervegs. Det andre hovudtemaet i EINSAM har vore forvalting og politikkanalyse. I fleire bidrag har me undersøkt spelteoretiske tilnærmingar til problemstillingar gjeldande delte fiskeri i Norskehavet. Deler av desse arbeida har vore utvikla i tett samarbeid med modelleringsarbeidet i EINSAM. Eit anna bidrag tok for seg ei konseptuell forståing av fangstreglar i moderne fiskeriforvalting. Det konseptuelle rammeverket vart samanlikna med praktiske erfaringar frå ei rekke fiskeri verda rundt, deriblant fleire i Norskehavet. Fleire sidespor og idear inspirert av prosjektet har vore fulgt opp i høve EINSAM. To særleg produktive sidespor er (i) ei analyse av teknologiske framsteg i fiskeri i ein stokastisk trend modell og (ii) ei utviding av den klassiske Bellman-tilnærminga i optimering til å gjelde problem med periodiske strukturar.

The project focuses on an important subset of the biotic ocean resources, the main commercial fisheries in the Norwegian Sea, and strengthens the links between zooplankton dynamics, fisheries science, and fisheries management. The ecosystem in the Norwegi an Sea is highly volatile and productive and harbors some of the world's largest pelagic stocks like the Norwegian Spring Spawning Herring, blue whiting, and mackerel. Present in the larger region are Barents Sea capelin, Northeast Arctic cod, haddock, sa ithe, and a range of other species. Many of the stocks overlap geographically and temporally and interact in competition for food or in predator-prey relationships. In addition, the key zooplankton Calanus finmarchicus is the primary food source for the p elagic species in the Norwegian Sea as well as for cod larvae. Observed changes in distributions, population, and migrations of the pelagic stocks are probably closely linked to C. finmarchicus dynamics. While the biological and ecological understanding o f C. finmarchicus has developed for years, economists have yet to explicitly incorporate it in their bioeconomic analysis. Thus, not only is the project relevant for the development of ecosystem based management plans for the Norwegian Sea, it is also nov el in its extent and approach to bioeconomic modeling and analysis. The project covers topics of both theoretical and applied interest, and responds to the urgent need for applied and multidisciplinary research regarding exploitation of marine ecosystems with emphasis on modeling of decisions under uncertainty. The project focuses on strategies for optimal and simultaneous harvest decisions, for the main pelagic fisheries in the Norwegian Sea and for individual fleets from Norway, the European Union, the Faroe Islands, Iceland, and Russia, accounting for strategic behavior between fleets.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

MARINFORSK-Marine ressurser og miljø