Tilbake til søkeresultatene

FOLKEHELSE-Folkehelse

The Complexity of Obesity: a Scandinavian perspective

Alternativ tittel: Fedmen sin kompleksitet i eit Skandinavisk persoektiv

Tildelt: kr 72 999

Prosjektnummer:

234890

Prosjektperiode:

2014 - 2014

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Fedme er eit komplekst problem som ikkje har nokon enkle løysingar. Det er derfor behov for nye perspektiv i høve korleis vi kan førebygge og behandle fedme. Vi vil derfor bringe saman folk frå ulike disiplinar til ein konferanse for å diskutere nye måt ar å forstå og jobbe på i høve førebygging og behandling av fedme.

Aukande førekomst av fedme, definert som kroppsmasseindeks over 30 (kg/m2), er identifisert av både Verdas helseorganisasjon og norske samt alle andre europeiske helsemyndigheiter som ei av vår tids største folkehelseutfordringar (WHO 2000; WHO 2006). I N orge har førekomsten av fedme hos både barn og vaksne auka kraftig sidan 70-talet (Ulset, Undheim et al. 2007; Helsedirektoratet 2011). Fedme er forbunde med ei rekke sjukdommar, redusert arbeidslivdeltaking, redusert livskvalitet og tidleg død (WHO 2000 ). Risiko for uheldige effektar av fedme er direkte relatert til kor lang tid ein har vore eksponert. Det er difor særleg stor uheldig at stadig fleire barn og ungdommar er ramma av fedme. Dette kan få store konsekvensar for folkehelsa i åra som kjem. Fo rsking viser at det er vanskeleg å oppnå varig vektreduksjon når ein først har fått fedme (Elfhag and Rossner 2005). Det er estimert at om lag 80% av personar med fedme ikkje vil være i stand til å oppnå eit varig tap (10%) av kroppsvekta ved hjelp av en dring av livsstil fordi ein raskt fell inn att i etablerte vanar (Wing and Phelan 2005). Det er difor stadig fleire som tek til orde for at vi treng eit paradigmeskifte i forhold til fedmeproblematikken ? der primærførebygging og behandling er to sider av same sak, fordi det er haldepunkt for at fedme er eit komplekst fenomen som omfattar mange faktorar av politisk, sosiologisk, miljømessige, psykologisk og biologisk art (Finegood, Merth et al. 2010). Vi trur at å anvende systemteori og systemtenking f or å forstå fedme som fenomen kan vere ein del av eit paradigmesskifte som kan bidra til ny kunnskap som kan brukast til å gje utflating og etter kvart reduksjon av førekomsten av fedme. Innhaldet og det som kjem fram på konferansen vil bli omarbeida ti l to publikasjonar. a. Abstract på «European Congress on Obesity (ECO)». Praha 2015. b. Publikasjon i fagfellevurdert tidsskrift i 2015.

Budsjettformål:

FOLKEHELSE-Folkehelse

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet