Tilbake til søkeresultatene

FINNUT-Forskning og innovasjon i utdanningssektoren

Classroom interaction for enhanced student learning (CIESL) - Implementing research based knowledge regarding teacher-student interaction

Alternativ tittel: Klasseledelse - teori til praksis

Tildelt: kr 10,0 mill.

Eit mål med CIESL-prosjektet var å gi ny kunnskap om korleis lærarar vidareutviklar interaksjonen med elevane i klasseromet gjennom deltaking i ein intervensjon med fokus på klasseleiing. Klasseromsinteraksjon er forstått som den emosjonelle støtte, klasseromsorganisering og læringsstøtte lærarar gir i møte med elevane. Klasseromsinteraksjon er ein karakteristika ved klasseromet og eit uttrykk for undervisningskvalitet. Eit anna mål var å undersøkje korleis faktorar i organisasjonen kan fremme eller hemme implementering, og i neste omgang ha innverknad på elevane sitt læringsutbytte. Ei sentral målsetting i prosjektet var å utvikle meir kunnskap om korleis lærarar omset forskingsbasert kunnskap til praktisk handling i klasseromet. Eit mixed-metode design er nytta i studien. Studien har tre parallelle aspekt: effektstudien (spørjeskjema til elevar og lærarar), implementeringsstudien (spørjeskjema til lærarar) og kasusstudia i eit utval klasserom (observasjon, lærar- og elevintervju). Kasusstudia undersøkte klasseromsinteraksjon og elevane sit læringsutbytte. Studien omfatta to forhold: ei gruppe der lærarar deltar i utviklingsarbeid med vekt på klasseleiing (intervensjonsgruppe) ei business-as-usual gruppe (samanlikningsgruppe). Ved prosjektslutt er 16 artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift publisert, ytterlegare seks artiklar er under arbeid. Prosjektet har utvikla ein omfattande database og det er venta at ytterlegare artiklar vert publisert dei næraste åra. Ei bok om implementering med forskarar, masterstudentar i lærarutdanningane og lærarar i skulen som målgruppe er publisert. Ei bok som samanstiller og drøftar funn i studien vert publisert våren 2020. CIESL prosjektet har ei aktiv web-side med praksisfeltet som målgruppe der funn er omtalt og fagartiklar relatert til tema i studien er presentert. I tillegg har ei Facebook side vore sentral i kommunikasjon med deltakarar i prosjektet og praksisfeltet elles. Resultata er formidla til ei rekkje brukarar (lærarar, studentar, lærarutdannarar, skulefagleg tilsette i kommunar o.l.) nasjonalt og internasjonalt særleg gjennom oppdrag Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking har i norske kommunar og skular. Resultata tyder på at majoriteten av lærarane ikkje utvikla seg innan klasseromsinteraksjon gjennom prosjektperioden. Samstundes indikerer resultata både basert på elevrapportar og lærarane sine eigne rapportar at nokon av lærarane vidareutvikla sine ferdigheiter innan klasseromsinteraksjon. Særleg interessant er det at gruppa elever som rapporterte auka lærarstøtte gjennom prosjektperioden i ved starten av prosjektet rapporterte lågare lærarstøtte enn dei andre elevane. Denne gruppa elevar rapporterte òg lågare motivasjon og høgare førekomst av risikofaktorar som disiplinvanskar, mobbing og uro ved oppstart av prosjektet. Det er særleg positivt at det er elevar med risiko for å ikkje lykkast på skulen som rapporterer auka lærarstøtte. Dette ettersom analyser av data frå første måletidsspunkt, ved oppstart av initiativet, indikerer at elevar som rapporterer ulike typar vanskar og rapporterte at dei opplever signifikant lågare støtte frå lærarar enn elevar utan vanskar. Dette kan gjere det vanskelegare for lærarane å sette inn effektive tiltak for å støtte desse elevane ettersom dei ikkje har same relasjon til elevar i denne gruppa som elevane elles. Resultat basert på observasjonar i klasseromet indikerer at lærarar som gruppe er dyktige til å gi emosjonell støtte og klasseromsorganisering, men har større utviklingspotensiale innan læringsstøtte, eit område det i liten grad har vore systematisk vektlagt i norske skular. Funna tyder på at det er eit stort uutnytta potensiale i lærarane sin støtte til elevane si faglege læring, særleg med tanke på å implementere sentrale områder i Fagfornying. Resultata tyder òg på at variasjonen mellom klasserom er stor, urovekkande stor med utgangspunkt i at tidlegare studiar indikerer samanheng mellom høg emosjonell støtte, klasseromsorganisering og læringsstøtte og elevane sitt engasjement, og fagleg og sosialt læringsutbytte. Initiativet lærarane deltok i var skulebasert og omfatta alle lærarane ved skulane. Resultata indiker at lærarane si utvikling, i stor grad, var avhengig av og avgrensa til, eigen eller kollegaer sin kunnskap innan feltet. Utviklingsarbeidet var gjerne gjort på eiga hand, eller gjennom samtalar med kollegaer.Funna tyder på at skular i for liten grad klarer å utnytte potensialet som ligg i skulebaserte initiativ. Sjølv ved skular med lang erfaring med å lykkast med endringsarbeid vert arbeidet for lite systematisk og for mykje avhengig av den einskilde tilsette sitt eige initiativ. Prosjektet var eit samarbeid mellom Institutt for grunnskuleutdanning, idrett og spesialpedagogikk , Universitetet i Stavanger, Institutt for Pedagogikk,Universitetet i Sør-Øst Norge og Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking. (Læringsmiljøsenteret),Universitetet i Stavange

The project has led to increased knowledge both in research methods and in the field of classroom interaction. In particular, the knowledge in mixed-methods studies has increased among the research group members. Moreover, the study has led to new knowledge on the variation in teaching quality in Norwegian classrooms. Variation in classroom interaction quality may result in students missing opportunities to reach their learning potential and in subsequent personal and social implications. Implications of the results are disseminated to practitioners through professional development, seminars, guest lectures, media etc. The findings have been imperative to the development of an individual video-based coaching intervention for teachers, the Video-based improvement for teachers (VITE) intervention. VITE was piloted spring 2019 with promising results. The coaching intervention may be an important support to teachers and schools in the implementation of the new curriculum from 2020.

The proposed project aims at gaining knowledge on teachers' implementation of classroom interaction when participating in a governmental initiated intervention on classroom management, and how teachers' learning are linked to student learning and outcome . Moreover, we intend to investigate how organizational factors promote or hinder teachers' implementation of classroom interaction skills and subsequently student outcome. Knowing what needs to be done is different from knowing how to do it, and both typ es of knowledge are critical to developing stronger research-practice connections. Much has been written about "what works" in classroom interaction; much less has been written about how teachers implement knowledge into practice. A mixed methods design i s applied in order to shed light on the research questions.The study has three parallel aspects: The effectiveness study (teacher and student survey), the implementation study (teacher survey), and the selected case studies(classroom observation, teacher and student interviews) to address the implementation of classroom interaction and student outcome in more depth. Although a complex research design, this diverse approach to data collection provides greater opportunities for mapping, analyzing and interp retation, allowing for more holistic understandings of the research area than would have been gained if relying on a single paradigm or approach. To enhance quality and generate new insights into the field we will cooperate with international colleagues w ith extended expertise in the field. National Centre for Learning Environment and Behavioral Research in Education (NCLB) has a mandate to support teacher education institutions and schools nationally.Findings will be utilized in this. Examples are the de velopment of an online video library that highlight high-quality teaching, and the development of web-mediated coaching to support teachers' and teacher students' training of classroom interaction skills.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Budsjettformål:

FINNUT-Forskning og innovasjon i utdanningssektoren

Finansieringskilder