Tilbake til søkeresultatene

SKATT-Skatteøkonomi

Interactions Between Closely-Held Firms and Their Owners -Evidence from administrative data and a randomized field experiment

Alternativ tittel: Interactions Between Closely-Held Firms and Their Owners -Evidence from administrative data

Tildelt: kr 3,3 mill.

Prosjektnummer:

239225

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2014 - 2018

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Samarbeidsland:

Forsking på korleis skattepolitikk påverkar selskap er stort sett gjort på store, børsnoterte selskap, der det er eit skilje mellom eigarar og leiarar. Dette trass i at majoriteten av selskap er små og mellomstore. Målet for dette prosjektet er å sjå på selskap og eigarar i samanheng og undersøke korleis skatteendringar påverkar åtferd. Integrasjonen mellom selskap og eigar påverkar også kva del av eigarens reelle inntekt frå selskapet som er observerbar på individnivå. Vanlig inntektsstatistikk frå likningsdata gjev inntrykk av større likhet i Norge over dei siste åra, sidan inntektsandelen til den topp 1% av befolkninga med høgast inntekt har gått ned og låge på rundt 7% etter innføring av utbytteskatt i 2006. Dette er misvisande, fordi store delar av inntektene til aksjonærar er skjult i selskapssektoren og nå ikkje blir betalt ut som utbytte. Tar ein omsyn til det, aukar inntektsandelen til dei aller rikaste til 12%. Dersom ein kun ser på realisert inntekt på individnivå ser det ut som om skattereformen i USA i 1986 førte til auka ulikhet. Men etter denne reformen vart det også meir vanleg å registrere selskapa som såkalla pass-through selskap, der inntekten ikkje blir skattlagt på selskapsnivå men ført direkte til eigarnivå og skattlagt der. Dermed vil all selskapsinntekten umiddelbart bli registrert hos eigaren ved opptjening og ikkje lenger avhenge av når eigaren vel å realisere den frå selskapet som enten utbytte, gevinst eller løn. Relatert til dette ser vi også på utviklinga i formuesandelen til dei rikaste i USA dei siste hundre åra. Fram til midten av 1980-talet gir ulike metodar å berekne denne på nokonlunde same svar, men på grunn av ulik samansetning av topp inntekter og formuer gir nå ulike metodar ulike svar. Det er heterogenitet i kven som deltar i skattetilpassing. Ved å studere svenske data og tilpassingar til ein utbytteskatt som ga incentiv til å opprette holdingselskap finn vi at det ikkje er tilstrekkelig at ein person har incentiv til å opprette eit holdingselskap, han må også ha muligheten samt kunnskapen som skal til for å gjere dette. Det ser også ut til at skatteytarar lærer av kvarandre. Vidare finn vi at utbytteskatt ser ut til å påverke selskapa sine investeringar. Ein svensk reduksjon i utbytteskatt i 2006 førte til redusert kapitalkostnad for selskap som i utgangspunktet hadde låg likviditet og som kan antas å vere avhengige av ny eigenkapital for å finansiere nye prosjekt. Desse selskapa auka sine investeringar etter reforma når ein samanlikna med selskap som hadde store oppsparte overskot. Til nå har vi analysert lovlig skattetilpassing, som er krevjande nok å observere i mikro-data. Enda meir krevjande er det å analysere skatteunndragelse, som er forsøkt skjult. Men i dei svenske dataene kan vi observere over-rapportering av sjølvrapporterte frådrag i skattbart utbytter for aktive eigarar i nært eigne aksjeselskap. Vi finn at skatteunndragelse ser ut til å vere avhengig av nivået på skattesatsane; fleire eigarar over-rapporterer disse frådraga når dei står ovanfor høge skattesatsar og frådraga dermed er meir verdt. Ein alternativ måte å studere skatteunndragelse på er gjennom kontroller, der vi ser nærare på forholdet mellom arbeidsgjevar og ?takar. Tredjepartsrapportering og arbeidsgjevars innbetaling av skatt på vegne av arbeidstakaren fungerer kun dersom arbeidsgjevar og ?takar ikkje samarbeider om å underrapportere løn. Saman med Skatt Øst har vi etablert eit eksperiment med tilfeldige kontrollar på selskapsnivå for å avdekke svart arbeid. Ved å koble disse kontrolldatene med administrative data og analysere viser vi at arbeidstakar og ?gjevar samarbeider for å unndra skatt, samt at kontroller virker. Etter kontroll aukar rapportert lønn.

Much of the economic literature draws a sharp distinction between firms and individuals. However, for firms with one or few owners, there is usually no separation of management and control, and specific individual owner's circumstances can shape the behav ior of the firm. The interactions of closely-held firms and individual behavior is central for a number of important topics such as the effects of tax policy on firm behavior, effects of audits on firm and personal tax compliance, estimates of taxable inc ome elasticity, tax evasion, and income and wealth inequality. We analyze the following questions: 1. How do changes in tax incentives and monitoring activities affect closely held firms' and their owners' reporting of tax liabilities? In particular, ca n we detect effects on the propensity of owner-managers of closely-held corporations to distribute corporate earnings through other channels, so-called masked dividends, such as through shareholder loans and private consumption within the firm? 2. How d o tax authorities' monitoring of firms affect the reported tax liabilities of closely held firms and their owners? Again, we pay particular attention to possible effects on masked dividends as well as studying possible spill-over effects of audits at the firm level on the behavior of the owner as well as on the behavior of other firms of the owner. 3. How does the possibility of owner-managers in closely held firms to use the firm as a tax shelter affect measures of income inequality? How do income equali ty measures evolve if we combine firm and shareholder level information? To analyze these questions, we utilize unique individual-owner linked data from Norwegian administrative registers and a natural field experiment under conduction by the Norwegian t ax authorities. Variation in incentives for reporting tax liabilities are obtained from both the natural field experiment and two recent reforms (a 2006 dividend tax reform and a 2011 removal of accountant duty).

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

SKATT-Skatteøkonomi