Tilbake til søkeresultatene

BIONÆR-Bionæringsprogram

Trehelse i steinfrukt

Alternativ tittel: Tree health in stone fruit

Tildelt: kr 3,8 mill.

I prosjektet TreHelse er ein planteskule i Nederland som produserer frukttre for den norske marknaden, firmaet som importerer trea til Noreg, ein produsent av plantevernmiddel, rådgivarar, fruktdyrkarar og forskingsinstitusjonar i Noreg og Nederland deltakande. Hovudmålet i prosjektet er å auka utbytet i steinfruktdyrking. Bakteriekreft (Pseudomonas syringae) er den viktigaste sjukdomen i prosjektet. I unge søtkirsebærfelt har det vore kvantifisert symptom fleire gonger kvar av sesongane 2015-2018. Det var ein klår auke i tal tre per felt med symptom av bakteriekreft. I fleire hagar hadde 100% av trea bakteriekreftsymptom tre år etter planting. Utviklinga varierte mellom frukthagar, sortar og tre. Observasjonane gav ikkje grunnlag for tilråding om kor kraftige angrep og kva for symptom på trea ved mottak det bør reklamerast på. I nyplanta felt av plomme har det ikkje vore angrep av bakteriekreft, men i eldre felt var det tre som døydde ut som truleg hadde angrep av bakteriekreft. Bakteriekreft på plommetre vert undersøkt vidare. Isoleringar av bakteriar frå tre søtkirsebær og plomme med symptom på bakteriekreft har, og førebels er alle identifisert ved hjelp av såkalla feittsyreanalysar til Pseudomonas syringae pv. syringae (Pss). Frå søtkirsebærtre utan symptom vart det også isolert Pseudomonas syringae pv. morspronorum (Psm). Eit viktig spørsmål for planteskulen var om symptoma av bakteriekreft utvikla seg gjennom kjølelagring. Det vart sett i gong forsøk i Nederland for å dokumentera utvikling gjennom vinteren på søtkirsebærtre som er på kjølelager. Til saman var det bakteriekreft på mellom 20 og 80% av trea som vart merka som friske hausten før. I planteskulen vart det starta eit forsøk med ulike metodar for å verna snittflata ved topping eit år etter poding. Det var ikkje skilnad mellom dei ulike behandlingane korkje i 2016 eller 2017, noko som kan skuldast at det var bakteriar i trea før toppinga. For å opparbeida meir kunnskap om kor raskt infeksjonar av bakteriekreft utviklar seg på unge tre vart søtkirsebær- og plommetre smitta med Pss hausten 2015, og det vart isolert att frå dei i mai 2016. Vidare vart det poda tre av ulike sortar av søtkirsebær og plomme og påført Pss på podekvisten. Ingen av søtkirsebærtrea og 14% av plommetrea byrja å veksa. Det vart isolert Pss frå trea 7 og 10 veker etter poding og observert ròte i veden også under podekvisten. I 2017 vart det levert podingar frå planteskulen i Nederland for smitteforsøk. Dei hadde allereie infeksjonar i podekvisten og det var rote i overgangen mellom podekvist og grunnstamme. Dei som vaks vart smitta anten i pinseringssår eller på snittflate etter topping. Bakteriar vart isolert att frå smitta vev i ein del av prøvane. Plommetre poda i 2016 vart toppa i midten av juni og påført smitte av Pss i snittflata. Etter fire månader var det ròte inni skotet mellom 2 og 16 cm frå der smitten vart påført. Bakterien vart isolert frå ròten. Forsøk med sprøyting med kopar-preparatet Nordox (haust- og vårsprøyting) mot plommepung synte god effekt av handsaming med kopar i dei fleste felta. Resultata tyder på at det bør sprøytast tidlegare om våren enn det som har vore tilrådd. For å undersøkja kor lenge det vert løyst opp kopar i regn etter sprøyting vart det samla opp regnvatn til ulike tidspunkt etter sprøyting våren 2017. Det var klart høgare koparinnhald i vatn samla opp frå sprøyta enn usprøyta plommetre. Det vart gjort att våren 2018, men då regna det for lite til at det vart samla representative prøvar. Symptoma av bakteriekreft i søtkirsebær er både kreftsår (med og utan gummiflod), døde knoppar og greiner/tre i tillegg til flekkar på bladverk. Det er difor vanskeleg å dokumentera effekt av sprøytingar. Det vart gjennomført fleire forsøk med sprøytingar med kopar både om våren og hausten. Ein molekylær metode for å kvantifisera populasjonar av bakteriar på blad er utvikla. Denne vart brukt på blad av ulike sortar og stader i tillegg til frå sprøyteforsøka. Det var for store skilnader mellom blad frå ulike tre til at undersøkingane kunne syna skilnader mellom sprøyteregime. Vidare arbeid med metodikken har vore lovande, men framleis er det for stor skilnad mellom prøvane til at me er sikre på om metodikken kan fungera slik det er tenkt. Hausten 2018 vart det dokumentert at det var kopar tilstades på trea heile bladfallperioden i søtkirsebær, gjennom å analysera regnvatn samla opp i trea. Sølvglans på plomme har hovudsakleg vore omfemnade i litt eldre felt, men er også funne i planteåret. I eit søtkirsebærfelt var 19 % av trea skadd av honningsopp. Det har vore undersøkt for Phytophthora, det har ikkje vore stort omfang av sjuke tre av denne skadegjeraren. Omfanget av bladflekkar i plomme har auka i prosjektperioden. Arbeid med ulike metodar for identifisering av årsak har ikkje gitt gode nok svar. Sølvglans og bladflekkar vert arbeidd vidare med i nytt prosjekt.

Eit auka fokus på sjukdomar på steinfrukttre har ført til at fruktdyrkarar har sett meir krav til trea ved mottak og dei har byrja å kjøpa tre frå andre leverandørar.

Dyrking av steinfrukt (plomme og søtkirsebær) er viktig for Norsk landbruksrådgiving på Vestlandet. Medlemer i NLR Sogn og Fjordane og Norsk fruktrådgiving Hardanger driv meir enn 70% av steinfruktarealet i Noreg. I regionen er det ein klår strategi å auka volumet av begge steinfruktartane med mellom 50 og 100%. Det kan ikkje skje utan at trea er friske. Gjennom eit forprosjekt finansiert av RFFVEST i 2013 vart det avdekka at 1-20% av trea går ut dei første åra etter planting og at det i alle ledd i verdikjeda er eit stort potensiale for å handtera trea betre for å redusera risiko for sjukdomsutvikling. Det manglar kunnskap om biologien til viktige sjukdomar, korleis dei skal handterast optimalt og korleis dyrkingstekniske tiltak påverkar trehelse og sjukdomsutvikling. I prosjektet TreHelse skal det byggjast kunnskap og kommuniserast eksisterande kunnskap. Alle ledda i verdikjeda frå planteskulen i Nederland, via planteskulane som importerer tre til Noreg, produsent av plantevernmiddel til rådgivarar og fruktdyrkarar vil samarbeida med forskingsinstitusjonar i Noreg og Nederland. Dette er første gong alle desse partane i eksportør- og importørlandet samarbeider om ein strategi for sjukdomsfritt plantemateriale. Hovudmålet i prosjektet TreHelse er å auka utbytet i steinfruktdyrking. Tiltak tilrådd på bakgrunn av ny kunnskap og samanfatting av eksisterande kunnskap skal redusera risikoen for utvikling av sjukdomar på trea etter planting og totalt sett gje friskare fruktfelt med større avlingspotensiale. Gjennom kunnskapsbasert rådgiving skal dyrkarane få grunngjevne og rette råd til rett tid. Det vil heva kunnskapsnivået i alle ledd og sikra høgare avlingar av steinfrukt. TreHelse vil auka verdiskapinga i vestnorsk steinfruktdyrking. Potensialet er høgt, og eit forsiktig estimat på 20% høgare avling vil årleg gje ein auke i førstehandsverdi på minst 10 millionar kr for steinfruktdyrkarane på Vestlandet. Resultat frå prosjektet kjem heile norsk fruktdyrking til gode.

Budsjettformål:

BIONÆR-Bionæringsprogram