Tilbake til søkeresultatene

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam

EUI -Scandinavian left-wing intellectuals in the post-war era: ideas, influences, and continental communications 1945-1962

Tildelt: kr 2,1 mill.

Prosjektnummer:

249081

Prosjektperiode:

2015 - 2018

Midlene er mottatt fra:

Fagområder:

Doktorgradsprosjektet mitt undersøkte ideane og kommunikasjonen mellom skandinaviske venstreintellektuelle i den første delen av den kalde krigen, frå 1945 og til om lag 1960. Eg tok utgangspunkt i tidsskriftmiljøa Orientering i Noreg, Dialog: Dansk tidsskrift for kultur og Internationale Perspektiver i Danmark. Eg forsøkte å gi eit idéhistorisk bilete av eit lite, men innflytingsrikt sjikt på den skandinaviske venstresida; dei kulturinteresserte radikale i det vesle, men vitale rommet mellom sosialdemokrati og kommunisme kor vekstvilkåra var tildels svært vanskelege på det iskalde 1940- og 1950-talet. Dei fleste av desse menneska hadde bakgrunn som unge radikale i organisasjonar som Mot Dag og Clarté på 1920- og 1930-talet, og eg var interessert i korleis denne radikale kampen for fridom og sosialisme i mellomkrigstida vart utfordra og endra i det sosialdemokratiske etterkrigshegemoniet.

-

Budsjettformål:

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam