Tilbake til søkeresultatene

NORGLOBAL-Norge - Global partner

Gender Equality, Peace and Security in Nepal and Myanmar (WOMENsPEACE)

Alternativ tittel: Likestilling, Fred og Sikkerhet i Nepal og Myanmar (WOMENsPEACE)

Tildelt: kr 5,9 mill.

Dette prosjektet ser på kjønnsdimensjonen i prosessen for avvæpning, demobilisering og reintegrering av geriljasoldatar i Nepal, og på kjønnsdimensjonen ved fredsprosessen i Myanmar. I tillegg fokuserer prosjektet på konsekvensane av desse prosessesane for likestilling mellom kvinner og menn i etterkant av konflikt, sosial inkudering av kvinner og menn, og på kvinner sine rettar. Det har vore gjort mange teoretiske studiar av kjønnsdimensjonen i demobiliserings- og reintegreringsprosessar, og av kjønnsdimensjonen i fredsprosessar, men framleis finst det få case studiar. Dette prosjektet er viktig - ikkje berre fordi det kjem med nye case studiar - men fordi desse studiane er henta frå to ulike typar av konfliktar, den hovudsakleg ideologiske konflikten i Nepal og etniske konfliktar i Myanmar. Prosjektet er eit samarbeid mellom PRIO og partnerinstitusjonane Nepal Centre for Contemporary Research (NCCR) og Ar Yone Oo (AYO) i Myanmar. Den 26. november 2016 organiserte NCCR ein internasjonal workshop i Kathmandu, Nepal, med kvinners erfaringar frå konflikt, fredsprosessar og post-konflikt som tema. Den 9. oktober 2017 organiserte AYO ein tilsvarande internasjonal workshop i Yangoon, Myanmar. Arrangementa samla kvinneorganisasjonar, kvinnelege politikarar, aktivistar, tidlegare geriljasoldatar (Nepal), medlemmar av væpna grupper (Myanmar) og sivilt samfunn frå begge landa. Arrangementa blei godt dekte av media i Nepal og Myanmar, og av internasjonal media. Den 5. mars 2018 organiserte PRIO også ein internasjonal konferanse i Bangkok under temaet Kvinner fred og sikkerhet i Myanmar, med aktiv deltaking frå NCCR og AYO. Konferansen samla forskarar frå Myanmar og Nepal, samt frå fleire andre land, mellom andre frå Colombia og Korea. WOMENsPEACE prosjektet har allereie resultert i fleire publikasjonar, mellom desse antologien, Women, Peace and Security in Nepal. From Civil War to Post-Conflict Reconstruction (Kvinner, fred og sikkerhet i Nepal. Frå borgarkrig til post-konflikt gjenoppbygging). Ein monografi på nepalesisk er også publisert under tittelen Nepalko Rajnitima Mahila: Donda Bebashapandekhi Sambidhan Karyannonsamma (Kvinner i nepalesisk politikk: Frå konflikthandtering til implementering av grunnlova). Ein antologi med tittelen Women, Peace and Security in Myanmar (Kvinner, fred og sikkerhet I Myanmar) er godkjent for publisering av Routledge, og denne har også blitt omsett til burmesisk. I tillegg har prosjektet resultert I akademiske artiklar, policy briefs og rapportar, og to nye artiklar er på veg til å bli publisert. Studien av kjønnsdimensjonen ved DDR prosessen i Nepal avdekka ein del svært klare tendensar. Medan dei intervjua kvinnelege gerilasoldatane uttrykte seg svært positivt om likestillingssituasjonen i Maoisthæren under krigen, peika dei på at DDR prosessen hadde vore svært mangelfull. Mange av dei blei sitajande att i ein fattigdomssituasjon, med manglande arbeid og inntekt og opplevde kulturelle barrierer og stigmatisering i forhald til den nyvunne likestillingsrollen dei hadde erverva seg som kvinnelege geriljasoldatar under krigen. Det viste seg at gruppeidentitet var viktig og at dei som generelt sett greidde seg best, var kvinnelege geriljasoldatar som hadde reintegrert seg i område der det budde mange andre tidlegare geriljasoldatar og Maoistar, medan dei som drog tilbake til heimplassen, eller blei buande langt unna sine geriljasoldatvenar frå krigen, hadde det svært vanskeleg. Dei yngste blant dei, dvs tidlegare jentesoldatar - hadde det verst. I Myanmar er likestillingsprinsippet nedfelt I store delar av lovgjevinga, men den formelle likestillinga og eit image av at kvinner no har likestilling, sameksisterer med kvinners erfaringar av nettop mangelen på likestilling I kvardagen. Det er framleis konflikt i fleire av Myanmars etniske statar, og så langt har ingen avvæpning, demobiliserings og reintegreringsprosess starta. WOMENsPEACE prosjektet har difor fokusert på kvinners deltaking i dei nasjonale fredsforhandlingane mellom regjeringa og etniske væpna organisasjonar (EAOs) i Myanmar. I juni 2015 blei ei kvinne med namn Naw Zipporah Sein, hovudforhandlar for dei etniske organisasjonane (EAOs). Nøkkelmekanismar i fredsforhandlingane er det nasjonale våpenkvileteamet og Union Peace Dialogue Joint Committee. Per 2018 hadde det nasjonale våpenkvileteamet berre 4 kvinnelege medlemmar av totalt 78 (5%), medan Union Peace Dialogue Joint Committee hadde 8 kvinnelege medlemmar av totalt 75 (11%). Det finst fleire forklaringar på den lave kvinnelege deltakinga, men ein viktig årsak er at dei væpna organisasjonane er dei einaste aktørane ved forhandlingsbordet, og at få kvinner spelar leiande rollar I dei væpna organisasjonane. Ein annan årsak er at komitéane for fredsdialogen er tematisk baserte, og det eksisterer ein kjønnsbias I desse komitéane, der menn konsekvent har fått oppgåvene med å diskutere politiske saker, medan kvinner har fått oppgåvene med å handtere sosiale saker.

Outcomes 1)The project has provided meeting places for different actors involved in the gender dimension of peace and security within Nepal and Myanmar, not least through workshops organized in Nepal and Myanmar, and through the international conference held in Bangkok in 2018. 2)The project has facilitated increased South-South cooperation between actors concerned with women, peace and security in Nepal and Myanmar, as the project leaders and assistants of NCCR and AYO and the PhD candidate of NCCR, have participated in the activities in the two countries and have established links. 3)Project activities in Nepal and Myanmar have been covered by the media in the respective countries and have contributed to increased focus on gender equality in the two countries. The workshop in Myanmar was for example referred to in the IRRAWADDY, Myanmar's largest independent English language newspaper, on 13 October 2017. Impact It is too early to assess any impact.

This project compares gendered experiences of war and post-conflict demobilization and reintegration in armed conflicts with different types of fault-lines; ideological in Nepal and ethnic in Myanmar, and with different political frameworks for addressing group and identity-based rights. The aim is to generate new knowledge and synthesize lessons learned about the effects of peace and security processes on post-war gender equality and the political participation of women. The research is designed to encourage cross-case learning and comparisons between the cases of Nepal and Myanmar. During the first phase of the project the method of structured, focused comparison will be applied focusing on how gender equality was/is handled by the respective armed groups in the two countries during the war. The second part of the project is adjusted to the specific conditions in each country, focusing on female participation in the peace processes in Myanmar and on the gendered experiences from the DDR process in Nepal. In Myanmar data will thus be collected on the participation of women and its implications for the peace process. In Nepal data will be collected on education provided in the transition camps, how well this was adapted to the particular needs of women and men and the needs of the community in which they were reintegrated, how and by whom reintegration was planned, what kind of support was provided for receiving communities, economic resources made available to ex-combatants, and how reintegration was conducted, whether individually or into a co-operative. Our research will further address the impact of reintegration on post-conflict political participation, especially how and for what purposes female ex-combatants are politically active, and the broader implications of this for post-conflict gender equality and women's rights in each country. Partners in this project are Nepal Centre for Contemporary Research (Nepal) and Ar Yone Oo (Ayo) (Myanmar).

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

NORGLOBAL-Norge - Global partner