Tilbake til søkeresultatene

KLIMAFORSK-Stort program klima

Nettbasert rettleiar i klimarisiko og klimasårbarheitsanalyse

Tildelt: kr 0,50 mill.

Når kommunar skal planleggje for framtida, må dei ta omsyn til ulike typar risiko og sårbarheit som kan oppstå i ulike delar av kommunen som ei følgje av klimaendringane. Dette er eit krevjande arbeid fordi klimatilpassing er eit nytt felt for mange kommunar og fordi kunnskapen dei treng å hente inn i planprosessane er tverrfagleg og spreidd på svært mange og ulike kjelder. Fleire rettleiarar er utvikla for å støtte kommunane i planarbeidet, og statlege nettportalar inneheld mykje relevant informasjon. Det er likevel behov for eit meir spesifikt og konkret verktøy som kan gjere jobben overkomeleg og sikre at planleggaren gjer alle dei nødvendige vurderingane undervegs. Dette prosjektet skal utvikle eit interaktivt, nettbasert verktøy som kan brukast av dei som har ansvaret for arealplanlegging og klimatilpassing i kommunane. Dette verktøyet skal samle forskingsbasert kunnskap om klimatilpassing og omsetje kunnskapen til handterbare delar som kommuneplanleggjarar kan gå gjennom og knyte til analysar av risiko og sårbarheit i samband med utbyggingar. Verktøyet skal vere enkelt å bruke, men skal samtidig vere fullverdig ved at det inneheld all den nødvendige kunnskapen eller lenkjer til andre relevante ressursar. Verktøyet viser brukaren til eksterne ressursar til dømes når det er nødvendig å laste ned flaumsonekart frå NVE eller tabellar med oversikt over havnivåstiging frå DSB. Verktøyet skal redusere avstanden mellom nettressurs og brukar og bidra til at kartlegginga av klimarisiko og -sårbarheit blir gjort på ein grundig nok måte. Med eit slikt verktøy får kommunane mykje av hjelpa dei lenge har etterlyst til å konkretisere, operasjonalisere og kome i gang med klimatilpassing. Det ferdige verktøyet skal etter planen integrerast på eksisterande, statlege nettportalar for klimatilpassing og planlegging slik at målgruppa lett finn fram til det.

Budsjettformål:

KLIMAFORSK-Stort program klima