Tilbake til søkeresultatene

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam

TRAUM: Transforming Author Museums

Alternativ tittel: TRAUM: Forfattarmuseum i endring

Tildelt: kr 8,8 mill.

Vi tenkjer ofte på forfattarmuseum som stader for gamaldags hylling av nasjonale heltar, eller berre for fans. Ein finn ofte musea i det som ein gong var ein heim og freistar å formidle ein spesiell aura kring staden og forfattarens tidlegare eigedelar. Fortel dei oss eigentleg noko om verket til forfattaren, spør vi? Eller om verda vi lever i? Dette forskingsprosjektet - drive av Høgskulen på Vestlandet i samarbeid med Universitetet i Oslo - knytte saman teoretisk og praktisk ekspertise i litteratur, historie, museum og turisme. Vi har undersøkt korleis forfattarmuseum tek opp nye måtar å tenkje kring kultur, litteratur og utstillingar. Kva har vore og kva vil bli rolla til forfattarmusea når det gjeld å skape kulturell identitet og debatt? Kva for innovasjonar kan dei gjere for å representere liv og liv og litteratur? Kvifor vitjar folk forfattarmuseum i dag? Kan forfattarmuseum lære av andre måtar litteratur blir utstilt på, og frå nye utstillingsformer generelt? Ein arbeidshypotese var at svara på desse spørsmåla ligg i måten forfattarmusea koplar saman verkelege og litterære rom, biografiar, tekstar, objekt og lesarar. Med dette i tankane har prosjektet undersøkt regionale, nasjonale (i Noreg både nynorsk- og bokmålsforfattarar), og internasjonale døme frå Europa, Sør-Afrika, USA og Japan. Resultata gjev innsikt i rolla som litteraturen spelar i dagens samfunn og i det pedagogiske og demokratiske potensialet til musea. Samstundes viser resultata at forfattarmusea framleis har ein tendens til å stille ut «høgkultur» og mannlege forfattarar. Kvar er, spør vi, marginaliserte forfattarar som migrantar og forfattarar av populærlitteratur? Feltstudiane og analysane har også vist at forfattarmusea dei siste åra har fokusert meir på litteraturens relevans i ein sosial kontekst. Nye typar museum, som dei ulike forfattarsentera i Noreg, viser denne tendensen og hjelper til å vise fram mindre høyrde forfattarrøyster. Forfattarar og heimane deira kan romme ein vanskeleg historisk arv, som vi kan sjå når det gjeld Knut Hamsun og historia til Bjørnstjerne Bjørnsons Aulestad. Posisjoneringa av forfattarane som nasjonale ikon i musea har vorte stadig meir utfordra. Mange forfattarmuseum held likevel fram med å framheve forfattarens biografi framfor litteraturen, ofte med stor vekt på skrivestaden (skrivebordet) som kontaktpunktet mellom liv og litteratur. Dei kviler seg på 1800-talsbiletet av forfattararen som ein nasjonalhelt. Vi har utvikla og framheva alternative tilnærmingar, som eit fokus på det lokale og det transnasjonale, på nettverk og på museumsgjesten som lesar. Forfattarar, tekstane deira og gjestene går ofte bak dei nasjonale stengsla, og musea kan byggje bru over kulturelle grenser for å leggje til rette for internasjonale gjester. Forfattarar kan bli feira i eit museum i eit anna land enn deira eige; det er August Strindberg-, W. H. Auden-, José Saramago- og Mori Ogai-museum utanfor deira nasjonale grenser. Forfattarmusea tek del i profileringa av stader og skaping av opplevingar, og dei legg stadig meir til rette for internasjonale gjester som kanskje ikkje har kjennskap til den aktuelle forfattarskapen. For å kunne fungere i ein postmoderne, demokratisert og globalisert kontekst, har musea i aukande grad endra seg frå å vere faneberarar av kulturarv til å bli eksperimentelle senter, og til å bli tvinga til å ta ei dobbeltrolle. Vi har fokusert på kor viktig både sjølvidentitet og sosial identitet er for motivasjonen til dei som vitjar forfattarmuseum. Samstundes har spørjegranskingar mellom gjester i Ibsenmuseet i Oslo og Hamsunsenteret på Hamarøy vist at mest alle gjester fyrst og fremst er motiverte av behovet for rekreasjon. I land som nyleg har gått gjennom store politiske og sosiale endringar, kan forfattarmusea potensielt bli lokale stader for forhandling om historiske narrativ og inkludering. Dette er reflektert i museumsstrategiane, til dømes i Olive Schreiner-museet i Sør-Afrika. Den meir historisk forskinga vår har vist at forfattarmuseum ofte kan vere sterkt knytte ikkje berre til den sosiale og nasjonale statusen til forfattarane, men også til måten som arbeidet deira har synleggjort heimar og hus. Ibsens vanskelege forhold til heimar, både i livet og i skodespela, gjorde det vanskeleg å sjå bustadene hans som «Ibsen-heimar». Selma Lagerlöfs Mårbacka var eit forsøk på å rette opp feil frå ei heimsøkt fortid, eit sterkt tema også i romanane hennar. Eit fokus på måten heimar, hus og ånder opptrer i liva og tekstane til forfattarar kan tilby nye strategiar for å stille ut litteratur. Prosjektet har skapt forum for kontakt med museumsarbeidarar og litterære museum i Noreg og utlandet, og det har også gått inn i samarbeid når det gjeld motivasjonen til gjester og innovative utstillingsstrategiar med Hamsunsenteret, Ibsenmuseet i Oslo, Perspektivet museum og Wien Museum.

Forskingsprosjektet har styrka og flytta fokus i den internasjonale forskinga på forfattarmuseum og forståinga av ein utvida forfattar-/litteraturmuseumssjanger som er i sterk endring. Den tverrfaglege samansetjinga i prosjektet har bidrege til innovative kombinasjonar av kvalitative og kvantitative tilnærmingar i forskinga på musea si samfunnsrolle. Prosjektet har gjeve ei monaleg kompetanseheving i kunnskapsutveksling med museumsarbeidarar og andre i kultursektoren. Prosjektet har hatt direkte samarbeid med Ibsenmuseet i Oslo, Hamsunsenteret, Perspektivet museum og Wien Museum, og involvert tilsette i ei rekkje forfattar- og litteraturmuseum i Noreg og i utlandet. Konkret har prosjektet bidrege til nettverksbygging og meir tverrfagleg, tverrseksjonelt og internasjonalt samarbeid, gjennom si eiga heimeside (traum.hisf.no), ei facebook-gruppe, lesegrupper, workshops og konferansar. Offentlege panelsamtalar, radio- og avisintervju har formidla kunnskap til eit allment publikum.

What roles have author museums as creators of cultural identity? What kind of representations do they use to communicate knowledge about literature and its authors? How are real and literary spaces, texts and objects interlinked? Author museums, in the public imagination often associated with an old-fashioned cult of the author, are being transformed into interactive spaces in line with changing understandings of literature, developments in exhibition practices and larger processes of democratization. This interdisciplinary project will provide analyses of museums as cultural texts and performative spaces of memory and production. In the past years, the alleged crisis of the humanities has been a recurring topic of debate. While criticism has been levelled at humanities for lack of relevance, informal polls made in various countries across Europe asking for the most important personality in national history have consistently placed artists on the top, often writers, and in the case of Norway, Henrik Ibsen. There is a paradoxical relationship between the discourse of the uselessness of humanities and the actual interest in and identification with some of its actors. The project aims to investigate how and why (certain) writers and literature have been turned into cultural heritage, helped by the display of auratic places such as their homes in combination with the aestheticization of personal "relics" within specific cultural-political contexts. Combining humanities, social sciences and artistic perspectives, it will critically reflect on existing and historical exhibition strategies and consider alternative and innovative ways of displaying literature, focusing on the potentials of author museums and other literary museums and centres as sites of cultural production and literary creativity. On a meta-level the project will contribute to a better understanding of how to communicate the relevance of humanities to the public.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FRIHUMSAM-Fri prosj.st. hum og sam