Tilbake til søkeresultatene

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Improved cost-efficiency in Norwegian forage production

Alternativ tittel: Kostnadseffektiv grovfôrproduksjon

Tildelt: kr 2,2 mill.

I "Kostnadseffektiv grovfôrproduksjon" har vi med utgangspunkt i den norske analysemodellen Grovfôrøkonomi, laga ei plattform for heilskapelege analysar av ulike produksjonsliner for grovfôr. Målet har vore å kunne studere korleis det endelege økonomiske resultatet er avhengig av engfornyingsmetode, frøblanding, gjødsling, hausteintensitet, konserveringsteknikk og type innandørsmekanisering. Plattforma vart brukt til å lage scenaria for ulike mjølkeproduksjonsbruk, sauebruk og ammekubruk på ulike naturgrunnlag. Ein såg både på grovfôrkostnader og totale fôrkostnader. Det som i størst grad ga variasjon i totale fôrkostnader på mellomstore sauebruk (170 vinterfôra søyer), mellomstore mjølkebruk (kvote 200 tonn) og ammekubruk (30 årskyr), var grad av eige eller leige av maskiner, fortørking, køyreavstandar, og utfôringssystem. På store mjølkeproduksjonsbruk (kvote 400 tonn) varierte totale fôrkostnader mest etter hauste- og konserveringsline, grad av fortørking, lagring og utstyr for spreiing av husdyrgjødsel, samt grad av sameiege av nokre haustemaskiner. Med avlingstal frå Trøndelag, ga to slåttar per år lågare kostnader enn tre, og blandingseng av gras og kløver ga lågare kostnader enn graseng. Dersom kvoten vart produsert på færre kyr med høgare avdrått, auka kraftfôrbehovet, men både grovfôrkostnadene og dei totale fôrkostnadene vart lågare. Det var fordi det totale grovfôrbehovet gjekk ned, og det vart da liten skilnad i kostnader etter om enga vart slått to eller tre gonger i året. Uavhengig av kor i intervallet 0-300 kr ein sette timeprisen på eige arbeid, var sameige versus eineige og leigekøyring det som påverka grovfôrkostnaden mest på alle typebruka. Vidare såg prosjektet på om ein kunne utvikle agronomiske tiltak og teknologi som kan auke avlingane og minke svinnet i grovfôrproduksjonen. I arbeidspakken der ein skulle sjå på nye og betre tilpassa måtar for vedlikehaldssåing og fornying av enga, har vi undersøkt om fjernmåling kan brukast til å karakterisere grassvoren som skal fornyast. Det er utvikla algoritmar som ut frå informasjon i foto presist kan klassifisere svoren i levande og daudt plantemateriale, samt jord. I forsøk der ein systematisk har manipulert desse karakterane før direktesåing, har det vist seg at det er både øvre og nedre grenser for kor mykje levande materiale det kan vere dersom nysådde plantar skal etablere seg og overleve over tid. Tersklane for at ein skal få ein avlingsauke etter direktesåing synest å vere ulike i timoteibasert og raigrasbasert eng, og er heller ikkje dei same vår og sommar. Er det lite etablert vegetasjon (0-15% dekking) når det blir direktesådd, blir det gjerne for stort oppslag av ugras som konkurrerer ut nysådd gras eller kløver. Eit viktig forskingsfelt i prosjektet var også korleis ein med meir målretta og lokalt tilpassa artsblandingar kunne auke avlingane. I fem felt vart det sådd ut i alt sju gras- og kløverartar, klassifiserte som seine eller raske etablererar, enten åleine eller i lag. I alle engår var det stort meirutbytte av å så artar i blanding mot kva dei ytte kvar for seg. Blanding av gras og kløver ga størst meirutbytte, men også blandingar med ulike grasarter utan kløver ga større avling enn monokulturar. Blandingar hadde vesentleg mindre ugras enn monokulturar, og dei som inneheldt fleirårig raigras, ga noko høgare avlingar enn tilsvarande utan. Denne effekten minka utover i engåra. Artsblandingar hadde gjennomgåande minst like høgt energiinnhald som monokulturar. Potensialet for å auke nettoavlingane gjennom betre konserveringsmåtar har vorte studert i forsøk på NMBU. Ein har sett på kva det har å seie for svinn frå plansiloar om komprimering blir gjort med traktor (8,3 tonn) eller hjullastar (14,8 tonn) og om det blir brukt syrehaldig ensileringsmiddel eller ikkje. Sjølv om graset vart ulikt komprimert, var det ingen effekt av type pakkemaskin på gjæringskvalitet, kjemisk samansetjing eller aerob stabilitet i surfôret. Tørrstofftapet var større frå plansiloar enn frå rundballar og laboratoriesiloar. Når graset hadde lågare tørrstoffinnhald enn 28%, vart tapet i plansilo større med tung enn med lettare pakkemaskin, truleg fordi pressafttapet vart større. Når graset hadde 33% tørrstoff, og plansiloane vart lagra over neste sommar, var tapet minst i etter pakking med tung pakkemaskin, truleg fordi auka komprimering beskytta betre mot luft både ved innlegging og uttak. Tapa i plansiloane, aerob stabilitet og innhald av klostridiesporar i surfôret vart ikkje påverka av bruken av ensileringsmiddel. Ensileringsmiddelet forebygde nedbryting av råproteinfraksjonen og ga ein høgare opptaksindeks på surfôret på grunn av svakare gjæring. Forskningsmidlane for jordbruk og matindustri har finansiert prosjektet saman med Addcon Nordic, Agromiljø, Animalia, Fiskå Mølle, FK Agri, FK Rogaland Agder, Felleskjøpet fôrutvikling, Norske FK, Nortura, Strand Unikorn, Rogaland fylkeskommune, TINE Rådgiving og medlem og Yara Norge.

På kort sikt 1.Forskarar med ulik bakgrunn har fått auka kunnskap om grovfôrproduksjonen som verdikjede og kva som bestemmer verdien på sluttproduktet 2.Ein forbetra analyseplattform for grovfôrkostnader 3.Data frå dyrkings- og gjødslingsforsøk med engvekstar er samla og tilgjengelege for forsking 4.Eit spin-off-prosjekt er i gang med mål om kommersialisering av ein applikasjon for direktesåing 5.Tilgang på ny kunnskap om korleis ulike artar i lag gir godt utbytte i produksjonseng 6.Tilgang på ny kunnskap om rådgjerder for å oppnå godt resultat i plansiloensilering, samt bakgrunn for å velje ensileringsliner på enkeltbruk 7.Engasjerte diskusjonar om det som før var sett på som etablert kunnskap 8.Fire studentar har fullført mastergrad på grovfôr, og ein post doc er rekruttert i fast stilling På lang sikt 1.Tilskott og reguleringar i husdyrproduksjonane tilpassa landbrukspolitiske mål om arealbruk og fôrseddel 2.Nye applikasjonar for beslutningsstøtte 3.Lågare fôrkostnader

The project aims to contribute to increased returns as well as sound investments and production strategies in Norwegian forage production. The background is the overall ambition among the industry partners, farmers' representatives and the funding body to turn the trend of increasing forage costs in absolute terms and relative to concentrate feeding. An analytical platform that allows and conducts integrated analyses and comparisons of presently available and innovated production chains from soil tillage to feeding out will be developed. The Irish Grange Feed Cost Model is meant to be the core of this platform. A substantial part of the project will be research with the objective to develop principles, technology and methods that may contribute to close the gap between potential and realized net yields in forage production. Experiments as well as meta-analyses of available data are planned that specifically address innovations in grassland renovation and renewal, crop composition and preservation techniques. The project will be concluded by scenario analyses of whole production systems, where estimated animal responses to forage qualities and types are included. They shall cover a representative sampling of operating structure, types of livestock under different soils and climatic conditions. The industry partners will take actively part in this work as well as in dissemination activities. It is an important goal in the project to expand knowledge and promote enthusiasm for forage production and utilization among farmers and advisory services. We anticipate that the analytical platform and the data and information gathered will be a resource and basis for development of decision support models. The improved agronomic practises and the consciousness and knowledge of where costs accumulate, and can be reduced, will lead to more sustainable ruminant productions in Norway.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Budsjettformål:

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Finansieringskilder