Tilbake til søkeresultatene

DEMOS-Demokratisk og effektiv styring, planlegging og forvaltning

Legal governance in land use planning. Balance between national and municipal power and between private initiative and public control

Alternativ tittel: Om tilhøvet mellom stat og kommune, og samspelet mellom det offentlege og det private, ved kommunal arealplanlegging og utbyggingsavtalar

Tildelt: kr 5,4 mill.

Prosjektnummer:

255586

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2016 - 2022

Samarbeidsland:

"Legal governance in land use planning [GOVLAND]» har sett nærare på dei rettslege styringsverktøya som regulerer tilhøvet mellom nasjonal og kommunal kompetanse i norsk arealforvaltning. Den rettslege reguleringa av kommunal arealplanlegging, tolkinga av regelverket og den daglege forvaltninga av det, kan få stor innverknad på levevilkår, infrastruktur og berekraft. Kva krav set rettsreglane for å sikre effektive og kunnskapsbaserte avgjerdsprosessar, og korleis vernar rettsreglane lokaldemokratiet i ei tid prega av europeisering, globalisering, privatisering og klimautfordringar? I GOVLAND er det gjort vurderingar av kva reglar som gjeld, og behov for lovendringar. Spørsmålet om demokrati og effektivitet i samband med kommunal arealforvaltning reiser to hovudproblemstillingar, som er studert i seks delprosjekt. Den første utfordringa gjeld samspelet mellom kommunalt sjølvstyre og statleg styring og kontroll, og den andre gjeld tilhøvet mellom offentleg og privat initiativ og forvaltning. GOVLAND utgjer to studentoppgåver, ein ph.d.-student i rettsvitskap, forskaraktivitet frå leiargruppa, og forskingsbidrag frå geografi. Juss-studentane drøfter korleis initiativ, kompetanse og ansvar er delt mellom offentleg forvaltning og private aktørar. Ph.d.-prosjektet analyserer tilhøvet mellom statleg styring og det kommunale sjølvstyret ved eit studie av vilkåra for at staten kan ta over ansvaret i saker der lova, i utgangspunktet, legg vedtakskompetansen til kommunale styresmakter. Leiargruppa vil samanlikne styringssystemer i Norge og Skottland i saker som gjeld planlegging til akvakultur og offshore vind. Prosjektet i geografi vil sjå nærare på demokrati og effektivitet ved kompakt byutvikling. Alle delane av prosjektet er no avslutta. I samarbeid med våre samarbeidspartnarar både innanfor rettsvitskap og samfunnsfag i Norge og internasjonalt, og i tett samarbeid med dyktige juristar i forvaltninga, har vi frå 2016 og fram til i dag, arbeida med å identifisere og løyse sentrale problemstillingar innanfor arealplanlegging og særlig om styreformene for forvaltning av areal- og ressursar. I tråd med planlagt progresjon for prosjektet, har dette så langt leia til to masteroppgåver, ei doktorgrad og fem artiklar. (Sjå liste over publikasjonar). I Phd-oppgåva er det gjort greie for grunnleggjande og sentrale og dagsaktuelle diskusjonar om lovfesting og tolking av samspelet mellom det kommunale sjølvstyret og statleg styring, i relasjon til Grunnlova (2016), ny kommunelov (2019) ny forvaltningslov og sjølvsagt plan- og bygningslovgivinga som er hovudtemaet for analysen. Det sentrale funnet i denne forskinga er at regelverket om motsegn må forståast slik at alle motsegner, og vedtak om å omgjere planar basert på motsegner, skal vere nødvendige og forholdsmessige inngrep i det kommunale sjølvstyret. Dette er basert på ei tolking av plan- og bygningslova, men også med støtte i dei overordna rammene vi finn for det kommunale sjølvstyret i kommunelova § 2-2 og Grunnlova § 49 andre ledd. I avhandlinga er det hevda at det er feil som somme hevdar at omsynet til det kommunale sjølvstyret ikkje er rettsleg relevant i vurderinga av om ei motsegn skal fremjast eller ein plan skal endrast. Doktoravhandlinga deltek dermed til nye perspektiv i vurderinga av kva det kommunale sjølvstyret i realiteten er. I fleire av dei mindre delarbeida i denne studien er det vist korleis vi står overfor eit auka press på bruk av areal, både på land og sjø, som følgje av menneskeleg aktivitet, men også miljøfarar og ureining. Gjennomgåande er det peika på behov for meir overordna institusjonelle ordningar for berte å koordinere arealplanlegging og tildeling av konsesjonar. Det er peika på at betre integrasjon med planlegging, vil føre til betre heilskaplege løysingar, hindre skader med også bidra i eit skritt mot meir økosystemtilnærming av areal og ressursar. I den siste perioden for forskingsprosjektet skal funna frå heile forskingsprosjektet summerast opp i ein artikkel som skal skrivast på engelsk og gjerast tilgjengeleg for eit internasjonalt publikum. Denne mindre delen av prosjektet, er endå ikkje heilt ferdigstilt. Dette blir publisert 2022/23.

Alle arbeida i studien studerer korleis auka press på areal på land og sjø, som følgje av klimaendringar, menneskeleg aktivitet og ulike former for ureining, kan møtast gjennom nye, eller tilpassa, former for styring. Gjennomgåande er det peika på behov for meir overordna institusjonelle ordningar for å koordine planlegging, kommunen sine interesser, private initativ og sektormål. Det er peika på behov for sterkare styring gjennom heilskapelege planar, både nasjonalt, regional og kommunalt kan bidra i eit skritt mot meir økosystemtilnærming av areal og ressursar. I alle delarbeida er det likevel vist at spørsmål om styring ikkje er, og ikkje kan, vere hugge inn i stein. Korleis ansvar mellom forvaltningsnivå og lover skal delast må vurderast både i høve til eit lands sin særlege kontekst, men også i høve til dei til ei kvar tid gjeldande behov for styring. Den rettslege forskinga her vi difor heile tida vere i bevegelse, og sikre at ein til ei kvar tid finn ein balanse mellom behovet for heiskapeleg styring og behovet som borgar og næring har for fleksibilitet til tilpassing av ny teknologi og ny kunnskap. Det tek ofte tid å påverke ei samfunnsutvikling, og påverking skjer som vi veit gjennom mange kanalar, som t.d. akademiske artiklar, diskusjonar i akademiske – og meir samansette kompetansemiljø, førelesingar for studentar m.m., men også gjennom slikt som høyringssvar på lovendringsforslag osb. Av og til kan ein nyttig måte å påverke i utviklinga av samfunnet, og systemet for offentleg styring av areal- og ressursar, vere å stå saman i eit større akademiske fellesskap mot ein vind som bles i feil retning, sjølv om resultatet er status quo. Akademiske påverking er altså ikkje berre å få til endringar, men også å ta vare på viktige verdiar som vi har, som kjem under press. Eit praktisk døme eg kan trekkje fram er lovforslaget frå 2020 om endringar i plan- og bygningslova som skulle gi kommunane vidare fullmakter til å dispensere frå lov- og planvedtak, også byggjeforbodet i 100-metersbeltet, men der dei kontroversielle sidene av dette lovforslaget vart skrella vekk i departementet. Sjølv om ein her – som elles – vanskeleg kan vite sikkert kva som har vore utslagsgivande for dei vala som lovgivar endeleg tok, så heiter det i odelstingsproposisjonen, at ein ved skrinlegging av forslaget har merka seg den store motstand mot lovforslaget, der også høyringa frå Det juridiske fakultet, UiB, er trekt fram som ein del av vurderingsgrunnlaget. (Sjå Prop. 169 L (2020-2021) og s.44 og s.42.)På den måten har vi kanskje gjennom artiklar, avisinnlegg og høyringar, vore ein sentral del av grunnlaget – saman med også sentrale andre aktørar, også Sivilombodet – som har gitt viktige bidrag for å verne om strandsona, og slikt som plante, fugle- og dyreliv og premissane for friluftslivet. Det har vore fleire slike vindar i retning av ønskje om forenkling av dispensasjonsprosessar, som kan føre til «bit for bit» nedbygging, og fleire vindar er varsla.

The question of democracy and efficiency in connection with municipal land management raises two main issues, that will be examined through six subprojects. The first challenge concerns the interplay between municipal autonomy and central government control, and the second concerns the interplay between public and private initiative and management. All subprojects analyse both procedural and substantive rules, and make assessments of legitimacy, sustainability and ability to ensure long-term solutions. What can municipalities decide within their own municipality? The PhD thesis will analyse how decision-making processes take place under the Planning and Building Act. One main question is under which condition the state can take over responsibility for making decisions on matters for which the law, in principle, assigns responsibility to the municipality as administrative authority. Professor Sigrid Eskeland Schütz will analyse the Norwegian system for municipal land use planning and central government control compared with Canada and Scotland and Professor Ingunn Elise Myklebust will focus on objection in relation to spatial planning in the coastal zone and at sea. In Håvard Haarstad's subproject the main focus is on the content of substantive rules. Haarstad will examine the rules that apply to urban development, and discuss new challenges such as globalisation, privatisation and climate change. The last two subprojects analyses the interaction between the municipalities and private actors. The key question here is whether private zoning and development agreements adequately ensure challenges to the climate and environment, and whether the citizens' interests in urban and industrial development, and protection, are sufficiently taken care of.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

DEMOS-Demokratisk og effektiv styring, planlegging og forvaltning