Tilbake til søkeresultatene

DEMO2000-Prosj.ret tekn.utv. petro.virk

Drilling Mud Process Control

Alternativ tittel: Prosesskontroll for borevæsker

Tildelt: kr 3,4 mill.

Automatisering og bedre kontrollsystem har gjort mykje for boring av oljebrønnar. Eit eksempel er sokalla trykkbalansert boring, som let datamaskiner automatisk finjustere trykket i bunnen av ein oljebrønn. Men noko er framleis utanfor datamaskinenes kontroll. For å få det ønska trykket i brønnen, holde holet reint for kaks og gjennomføre en effektiv boreoperasjon, må ein ha kontroll på sjølve borevæska. For borevæska vert mykje framleis gjort på gamlemåten, noko som er både tid og arbeidskrevande. Og sjølv om vi får sanntids informasjon om forholda i brønnen, greier vi ikkje å omsette dette til raske endringar i kva vi pumper ned. Prosjektet Drilling Mud Process Control samlar fleire aktørar for å løyse dette problemet. På ein test-rigg hos Huisman i Nederland vil prosjektet sette saman utstyr og programvare som vil automatisere arbeidsprosessane rundt borevæska og trekke styringa av borevæskas tyngde og seigheit inn i eit sanntids kontrollsystem. Dette vil både forenkle arbeidet på boreriggen og gje oss mykje betre kontroll på stadig meir krevjande boreoperasjonar.

- Det er demonstrert at et integrert system med sanntidsovervåkning av væskeegenskaper, nedihullsmodeller og automatisk mikser kan fungere under realistiske operasjoner. - Resultater fra prosjektet vil være en viktig byggestein i utviklingen av automatisert og fjernstyrt boring/borevæskehåndtering.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

DEMO2000-Prosj.ret tekn.utv. petro.virk