Tilbake til søkeresultatene

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Presisjonsdyrking av epleproduksjonen for auka lønsemd

Alternativ tittel: Precision management of apple production for improved production economy

Tildelt: kr 0,39 mill.

Føremålet med dette prosjektet var å stimulera til auka produksjon av norske eple med god fruktkvalitet dyrka på ein effektiv måte. Forbruket av frukt er aukande, men det meste er importvare. Den norske epleproduksjon har minka i siste 10 årsperioden. Også i den norske salsesongen for eple, september til november, har andelen importerte eple auka. Produksjonsstatistikken viser eit tydeleg vekselberingsmønster. Høge avlingar eit år vert etterfylgde av låge året etter. Ujamn produksjon frå år til år skapar problem både for fruktdyrkarane og marknaden. For å oppnå regulære, høge epleavlingar av god spisekvalitet, må fruktmengda på trea og treveksten under betre kontroll. Dette prosjektet hadde som mål å vidareutvikla nye dyrkingsteknikkar i norsk fruktdyrking som betrar økonomien og aukar graden av miljøomsyn i produksjon. Vekstsesongane 2016, 2017, 2018 , 2019 og 2020 vart det ved NLR Viken i Lier og NIBIO Ullensvang gjennomført feltforsøk med kjemisk tynning under blomstringa og på karten med bruk av ulike bioregulatorar, mekanisk tynning med maskin under blomtringa, rotskjering, utprøving av vekstregulatoren Regalis og gjødselvatning til to eplesortar. Regalis reduserte årstilveksten hjå epletre utan å ha negativ verknad på avling og fruktkvalitet Kontrollert gjødseltilføring med epletre i potter i plasthus har vore gjennomført ved Nibio Særheim og næringsopptaket av ulike mineral granska. Målsetjinga heile tida var å gjera forsøk med miljøvennlege teknikkar til å gjødsla epletre optimalt for å auka den generelle fruktkvaliteten og heva andelen av årleg klasse 1 kvalitet. Dessutan var det viktig å nytta bærekraftige metodar for å redusere skotveksten og regulera avlinga i trea for å oppnå rett fruktsetjing under norske vilkår. NIBIO Ullensvang og Norsk landbruksrådgiving Viken og norske fruktdyrkarar samarbeidde med gjennomføringa av desse feltforsøka og formidla resultat til dyrkarane og samfunnet elles. Resultata er formidla til fruktdyrkarane som medlemsskriv, ved dyrkarmøte, ved Frukt og Bærseminaret i Drammen i mars 2017 og 2019 , Norske Fruktdagar på Voss februar 2018 og 2020 og ved internasjonale møte. Ein Nibio Rapport er utarbeidd der resultata frå alle feltforsøka er samla.

For å oppnå regulære, høge epleavlingar av god spisekvalitet, må fruktmengda på trea og treveksten regulerast. Feltforsøk med kjemisk tynning under blomstringa og på karten med bruk av bioregulatorar, mekanisk tynning med maskin under blomstringa, rotskjering, utprøving av vekstregulatoren Regalis og forsøk med gjødselvatning vart gjennomført i fem vekstsesongar. Resultata frå forsøka med kjemisk avlingsregulering er no innarbeidde i dei offisielle tilrådingane. Rotskjering er ein mijøvennleg metode til å redusera tilveksten på i frukttrea og er no i vanleg bruk. Bioregulatoren Regalis reduserte årstilveksten hjå epletre utan å ha negativ verknad på avling og fruktkvalitet og er no registrert til bruk i norske frukthagar. Kontrollert gjødseltilføring med epletre i både på friland og potter i plasthus har vore gjennomført, næringsopptaket av ulike mineral granska og mange fruktdyrkarar installerer gjødselvatning no i frukthagane. Forskingsresultata har internasjonal interesse.

Føremålet med dette prosjektet er å stimulera til auka produksjon av norske eple med god fruktkvalitet dyrka på ein effektiv måte. NIBIO Ullensvang og Særheim i samarbeid med Norsk landbruksrådgiving Viken og norske fruktdyrkarar vil forbetra ulike dyrkingsteknikkar og dermed betra økonomien til dyrkarane. Forbruket av frukt er aukande, men det meste er importvare. Den norske epleproduksjon har minka i siste 10 årsperioden. Også i den norske salsesongen for eple, september til november, har andelen importerte eple auka. Produksjonsstatistikken viser eit tydeleg vekselberingsmønster. Høge avlingar eit år vert etterfylgde av låge året etter. Ujamn produksjon frå år til år skapar problem både for fruktdyrkarane og marknaden. For å oppnå regulære, høge epleavlingar av god spisekvalitet, må fruktmengda på trea og treveksten under betre kontroll. Prosjektet sin overordna ide er å auka verdiskapinga innan frukt ved at fruktdyrkarane får ny kunnskap om presisjonsgjødsling, avlingsregulering og vekstkontroll. Hovudvekta skal leggjast på samanhengen mellom sentrale plantefysiologiske utviklingsstadium i plantene og presisjonsgjødsling, relaterert til vekst og avlingsnivå slik at ein får positiv verknad på årvisse og jamne avlingar, god fruktkvalitet og lagringsevne. Det skal gjennomførast feltforsøk over ein periode på fire år, gjera kunnskapen kjend til norske fruktdyrkarar og publisera resultata.

Budsjettformål:

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Finansieringskilder