Tilbake til søkeresultatene

SAMKUL-Samfunnsutviklingens kulturell

Det moderne mennesket

Tildelt: kr 89 999

Dette forprosjektet er fyrste steg mot produksjon av ein dokumentarfilm, som eg og mine samarbeidspartnarar ynskjer å lage på grunnlag av funn eg har gjort i mine studiar av nevrastenidiagnosen si historie i Noreg. Filmen har førebels arbeidstittelen "Det moderne mennesket". Hovudtemaet vi vil utforske i denne filmen, er ein av dei mange årsaksteoriane som fanst for tilstanden nevrasteni på slutten av 1800-talet, nemleg at nevrastenien vart forstått som eit direkte produkt av modernisering og andre samfunnsendringar i samtida. Sjølv om mykje har endra seg ved det norske samfunnet sidan den tid, er dette ein forklaringsmodell som vi også finn att i vår tid ved ei rekkje "stress"-relaterte symptom, som til dømes muskelsmerter, trøyttleik, hovudpine, sømnvanskar og mageplager. Med hjelp av bl.a. arkivfoto og medisinsk litteratur om nevrasteni frå perioden 1880-1920, ynskjer vi å belyse norske legar sine ulike syn på samanhengen mellom moderniseringa av Noreg og den aukande førekomsten av nevrasteni i denne perioden. Vi ynskjer også å sjå nærare på korleis slike antatt "samfunnspåførte" plager vart behandla, særleg ved sanatorier og kurbad, der naturen utgjorde eit vesentleg element i behandlinga. Sidan det tek tid å utvikle ein komplett søknad om støtte til produksjon av ein slik film, har vi valt å i fyrste omgong søkje om støtte til eit forprosjekt. Midlane i dette forprosjektet vil gå til lønn til regissør og produsent, slik at dei får høve til å setje av den tida som trengst for å gjere tilstrekkeleg research, utvikle manuskript og gjere avtaler med tanke på distribusjon av filmen. Forprosjektet skal til slutt munne ut i ein ny søknad om støtte til sjølve filmproduksjonen.

Budsjettformål:

SAMKUL-Samfunnsutviklingens kulturell