Tilbake til søkeresultatene

OFFPHD-Offentlig sektor-ph.d.

Historiebruk på museum

Alternativ tittel: The use of history in museums

Tildelt: kr 1,6 mill.

Prosjektleder:

Prosjektnummer:

258810

Prosjektperiode:

2016 - 2021

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Fagområder:

Formålet med avhandlinga har vore å undersøkje ulike måtar musea skapar samanheng mellom fortid, nåtid og framtid. Omgrepskonstruksjonen «fortidshandtering» er i avhandlinga gjennomgåande brukt til å både skildre og karakterisere det musea gjer med fortida. Omgrepet er meint å fange opp ulike sider ved den museale praksisen knytt til fortida. Fortidshandtering er inspirert av historiebruksfeltet, men er samstundes ein omgrepskonstruksjon, blir det argumentert for i avhandlinga, som i større grad femner om det ein gjer med fortida på musea. Det å handtere fortida kan omfatte mange slags praksisar ulike stader, men er eit særleg tenleg omgrep for å nærme seg den samansette og komplekse institusjonstypen eit museum er. Avhandlinga byggjer på eit større materiale frå dei tre musea Glomdalsmuseet, Norsk Skogbruksmuseum og Norsk Oljemuseum. Dei vart formelt oppretta i 1911, 1954 og 1981 og kvart museum har skapt og produsert eit stort kjeldemateriale der fortidshandteringa kjem til uttrykk i form av tekstar, samlingar, utstillingar, bygningar og anna. Dette er eit svært variert materiale som har gitt ulike inngangar til å tolke dei samanhengane museet skaper eller ønskjer å oppnå, dei framstillingane og forteljingane som blir laga og dei førestillingane som desse kan seiast å bygge på. Avhandlinga diskuterer altså kva slags fortidshandtering ein finn ein på dei utvalde musea, kva funksjon den har hatt og kva som har endra den over tid. I kva grad har fortidshandteringa vore prega av den institusjonelle samanhengen ? som museum, museumstypen eller særskilte forhold på det museet som er undersøkt? På kva måte har fortidshandteringa vore orientert mot faglege og vitskaplege måtar å handtere fortida på? Og kva betydning har forventningar frå samfunnet hatt å seie? Musea handterer fortida på ulike måtar og til mange formål som og endrar seg over tid. Musea er samstundes særprega ved måten dei skaper varige samlingar og oppstillingar som kan vere uttrykk for tidlegare val og perspektiv, som noko museet har klart å halde fast ved eller noko ein må handtere for å bevare eller forholde seg til når nye førestillingar og forteljingar blir lagt til museet. Ved å følgje delar av utviklinga på dei utvalde institusjonane over lengre tidsrom og ved å granske dei ulike fasane som kan lesast ut av desse, har avhandlinga nærma seg dei mekanismane som har forma fortidshandteringa. Analysane viser korleis liknande ytre og indre faktorane har hatt betydning på alle tre musea, men òg korleis styrkjeforholdet mellom dei har skifta og såleis hatt ulik betydning i ulike fasar. Funna peikar altså ikkje mot ei einsarta eller felles utvikling som karakteriserer ei bestemt historisk utvikling av museumssektoren, sjølv om det tendensar i den retninga når det gjeld faktorar som museumsideal og museumspolitiske føringar. Musea blir ofte forklart og vurdert ut frå sine formål, praksisar og faglege orientering i relasjon til statlege interesser, vitskaplege institusjonar og skulesektoren. Avhandlinga viser også tilknytingspunkt mellom akademia, utdanningssektoren og musea. Men det blir lagt vekt på å vise at fortidshandteringa kan bli prega av langt fleire faktorar enn det offentlege museumsoppdraget, orienteringa mot kunnskapar og metodar frå forskingsverda og deling av kunnskaps- og danningsmål med skulane. Det blir i avhandlinga hevda at dei samansette forholda som fortidshandteringa er ramma inn på av museumsinstitusjonen og dei måtane denne er open mot omverda på og dermed ulike interessentar, i sterkare grad skil musea frå andre institusjonstypar enn slik det er forstått innan historiebruksfeltet. Gjennomgangen av fortidshandteringa på dei tre utvalde musea viser ein samansett praksis som eg har tilnærma meg ved å beskrive og diskutere måten dei handterer fortida på, kva samanhengar dei skaper ? eller ønskjer å skape ? og korleis og kvifor dette har endra seg over tid. Når eg vel å samla sett karakterisere fortidshandteringa som samansett er det fordi ulike indre og ytre faktorar har betydning for det musea gjer med fortida, men òg fordi det blir uttrykt på mange måtar og til ulike formål. Slik eg vurderer musea er det i større grad denne kompleksiteten som karakteriserer dei som historiebrukande institusjonar enn det ein kan lese ut av deira formelle oppdrag, slik det er definert internasjonalt av ICOM eller av løyvande museumsinstansar.

Museet erfarer allerede at prosjektet har en nytteverdi i form av det nettverket som prosjektet har skapt. Praktiske og infrastrukturelle erfaringer fra vitenskapelig sektor har overføringsverdi for arbeidet med museets nye planverk. Den forventede nytteverdien av forskningsresultatene er også orientert mot museets indre utvikling og ambisjonene om flere bidrag til relevant forskningsfelt. Avhandlingen har åpnet opp et nytt forskningsfelt der museene og museale praksiser er det sentrale. Kandidaten vil videreføre dette arbeidet ved at avhandlingen blir utviklet videre på en måte som resulterer i fagfellevurderte artikler. Videre vil denne måten å forstå museer på tjene den indre kritiske refleksjonen rundt våre egne opparbeidede praksiser og måter å «handtere» fortiden på. Videre er det forventet at kompetansen kan brukes både som en ressurs for konkrete relaterte forskingsprosjekt på museet og mer allment i den kritiske dialogen museale forskningsprosjekt treng å være en del av.

Det er økende krav og forventninger til museenes faglige utvikling og forskning er vektlagt. Samtidig er det voksende interesse innen historie og kulturfag for museenes ulike faglige roller og perspektiv. Museum Vest og AHKR har derfor sett en stor nytteverdi i å utvikle et phd-prosjekt sammen. Prosjektet vil både bidra til mer forskning på museum, samtidig som det vil øke forskningskompetansen i museet. Prosjektet er godt forankret i både virksomheten og i gradsgivende institusjon. Arbeidet med samarbeidsavtale er godt i gang, og avtale vil bli signert når den faglige prosjektbeskrivelsen har gjennomgått gradsgivende institusjons formelle prosedyrer for godkjenning. I virksomheten er phd-prosjektet og samarbeidet med gradsgivende institusjon godkjent av styret og det er satt av en fast post på budsjettet til å dekke virksomhentens kostnader i prosjektperioden. Gradsgivende institusjon har pekt ut to veiledere for kandidaten, og virksomheten har pekt ut prosjektleder og mentor på virksomhetens vegne. Prosjektet vil starte opp fra og med oppstart av forskerutdanningen ved gradsgivende institusjon høstsemesteret 2016. Kandidaten vil arbeide med avhandlingen på fulltid i tre år. Fordelingen av arbeidstid blir to år ved gradsgivende institusjon og ett år ved virksomheten. Både virksomheten og gradsgivende institusjon er opptatt av at det også skal være god faglig kontakt mellom institusjonene i prosjektperioden. Temaet for avhandlingen vil være historiebruk på museum. Hva kjennetegner museumsinstitusjoner som historiebrukere? Analysen vil ta utgangspunkt i historisk orienterte museer innenfor kulturdepartementets museumsnettverk, universitetsmuseum og sektormuseum. Analysen vil således omfatte både museum som er definert som kulturhistoriske, tematisk orienterte museum og museum bygget rundt sentrale historiske begivenheter.

Budsjettformål:

OFFPHD-Offentlig sektor-ph.d.

Finansieringskilder