Tilbake til søkeresultatene

PUBL-Publisering/prosjektinform

Høgsteretts historie 1965-2015

Tildelt: kr 35 785

"Høgsteretts historie 1965-2015" vart lansert i Høgsterett 1. juni 2015. Boka fekk brei medieomtale, vart bokmeldt i fleire større aviser, og vart utgangspunktet for ein debatt om Høgsterett og demokratiet. Men boka har òg eit potensiale til å bidrag til ein større global diskusjon om dei øvste domstolane si rolle i samfunnsstringa. Forfattaren av boka har dei siste to åra førelest om norsk høgsterett i USA, Kina, Italia, Tyskland, Nederland, Skottland og dei andre nordiske landa, ved sida av å delta på internasjonale konferansar. Gjennom dette har forfattaren erfart at historia om Høgsterett kan nyttast som eit prisme til å forstå andre høgsterettar, og den endringa og styrkinga av øvste domstolar si rolle i samfunnsstyringa som ein kan observera globalt. På denne bakgrunn søkjer forfattaren Norges forskingsråd om støtte til å prøveomsetja forordet, innhaldslista og kapittel 10 i Høgsteretts historie til engelsk. Føremåle er å nytta det omsette materialet til å få ein forlagskontrakt med tanke på internasjonale utgjeving.

Aktivitet:

PUBL-Publisering/prosjektinform