Tilbake til søkeresultatene

OFFPHD-Offentlig sektor-ph.d.

Effekten av lysterapi-rom på sykehjemspasienter med demens - DEM.LIGHT

Tildelt: kr 1,0 mill.

Prosjektnummer:

259987

Prosjektperiode:

2016 - 2021

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Samarbeidsland:

Bakgrunn: Søvnforstyrringar råkar opp til 70% av personar med demens i sjukeheim. Forstyrringane inneber ofte hyppige oppvakningar på natta og mykje søvn på dagtid, og har negative konsekvensar for kognisjon, humør, åtferd og livskvalitet hos pasientane. Symptoma er òg krevjande å handtere for personalet. Søvnvanskar hos sjukeheimspasientar behandlast ofte medikamentelt. Forsking har vist at dei mest brukte medikamenta har uklar effekt og er assosiert med alvorlege biverknader for pasientane. Det er difor behov for å finne ikkje-medikamentelle behandlingsalternativ for å betre søvn i denne gruppa. Ein viktig bidragande årsak til forstyrra søvn er mangel på lys. Lys er den viktigaste tidgjevaren til vår indre biologiske klokke, som styrer døgnrytmen, og er difor sentral i regulering av søvn-vaken-syklusen. Bebuarar i sjukeheim er lite utandørs, og lysmålingar i sjukeheimar har vist utilstrekkelege nivå av innandørs lys til å stabilisere døgnrytmen. Noko forsking har vist at auka eksponering for lys på dagtid, eller bright light treatment (BLT), kan betre søvn, døgnrytme og humør i denne gruppa. Forskinga så langt har ei rekke svakheiter, blant anna finst det få randomiserte kontrollerte studiar. Vidare finst det få instrument som er utvikla og validert for bruk hos personar med demens i sjukeheim, og god kartlegging av søvnforstyrringar er difor ei utfordring i forsking og i klinikken. Målet med avhandlinga mi var å undersøke om BLT kan betre søvn hos personar med demens i sjukeheim, samt å sjå nærare på dei metodologiske utfordringane i dette forskingsfeltet, gjennom tre vitskapelege artiklar. Metode: Artikkel 1 er ein systematisk litteraturgjennomgang der vi oppsummerte tidlegare forsking på effekten av BLT hos personar med demens. Artikkel 2 og 3 er basert på data frå DEM.LIGHT-studien; ein klynge-randomisert placebo-kontrollert studie, der 69 sjukeheimspasientar med demens deltok. Intervensjonen bestod av takmontert LED-lys som produserte ein syklus av lys i løpet av dagen, installert i daglegstova på sjukeheimane. Frå kl. 10:00 til 15:00 var lyset kraftig og kjølig i fargen. Før og etter dette intervallet var lyset meir dempa i styrke og gulare/varmare i fargen. Kontrollgruppa hadde standard lys gjennom heile dagen. Data på søvn, døgnrytme, humør, åtferd og funksjon blei samla inn ved baseline og i veke 8, 16 og 24. I artikkel 2 blei baseline-data frå DEM.LIGHT-studien brukt til å undersøke validiteten av ein søvnskala opp mot eit objektivt søvnmål (aktigrafi). Artikkel 3 evaluerte effekten av intervensjonen på søvn hos deltakarane i veke 8, 16 og 24. Resultat: I artikkel 1 viste vi at forskinga samla sett har gitt varierande resultat om effekten av BLT på søvn og døgnrytmeforstyrringar hos personar med demens. Det var stor variasjon i val av intervensjon, design, studiepopulasjon og kva utfallsmål som blei nytta, som i nokon grad kan forklare dei sprikande funna. I artikkel 2 viste vi at søvnskalaen Sleep Disorder Inventory (SDI) hadde tilfredsstillande validitet, og at ein skåre på fem eller meir på skalen kan nyttast til å identifisere personar med søvnproblem. Det er viktig å ta hensyn til at SDI blei validert mot aktigrafi, som mellom anna har ulempa at dei kan undervurdere vakentid på natta. I den siste artikkelen viste vi at gruppa som mottok BLT hadde ei forbetring av søvn frå baseline til veke 16 og 24, samanlikna med kontrollgruppa. Det var ingen forandring i søvn målt med aktigrafi. Konklusjon: Avhandlinga viste lovande, men ikkje eintydige resultat om effekten av BLT på søvn hos personar med demens i sjukeheim. Meir forsking trengs for å identifisere dei optimale lystilhøva for personar med demens i sjukeheim og kva pasientar som kan dra nytte av slik behandling. Det at betringa i SDI kom første i veke 16 og ikkje i veke 8 kan tyde på at effekten av BLT i denne populasjonen kjem først etter noko tid. Forskingsfeltet er prega av nokre viktige metodologiske utfordringar, mellom anna korleis ein skal få nøyaktige mål av søvn. SDI kan bidra til betre kartlegging av søvnproblem hos bebuarar i sjukeheim. SDI representerer eit steg i riktig retning, men feltet vil ha stor nytte av framtidige forbetringar av målemetodar.

Artiklane som inngår i avhandlinga er viktige bidrag til forskingslitteraturen og forståinga av effekten av lys på søvn hos personar med demens i sjukeheim. Den siste artikkelen viste ei betring i søvn hos personar med demens i sjukeheim i respons til lysbehandling over 16 og 24 veker. Prosjektet bidrege til å auke kompetanse blant personale i sjukeheim i å fylle ut kliniske spørjeskjema som kan komme avdelinga og bebuarar til gode. Vidare har prosjektet bidrege til å knyte band mellom universitet, kommune og industri og lagt til rette for framtidig samarbeid. Prosjektet har blitt presentert i lokale, nasjonale og internasjonale fora, både vitskapelege og meir praksisnære. På lang sikt kan forskinga som inngår i kandidatens doktorgrad bidra til at viktigheita av lys blir løfta fram som eit viktig omsyn ein må ta i utbygging av sjukeheimar og i den daglege drifta.

Atferdsproblemer og symptomer på psykisk lidelse (Behavioral and psychological symptoms of dementia; BPSD) og søvnproblemer, og 90 % rammes i løpet av demensforløpet. BPSD omfatter symptomer som utagerende atferd, angst, nedstemthet, hallusinasjoner og vrangforestillinger. BPSD viser døgnfluktuasjon, der atferdsforstyrrelser ofte er mer uttalt om ettermiddag og kveld (kalt sundowning). BPSD og søvnproblemer er ofte belastende, ikke bare for den personen som lider av demens, men også for deres omsorgspersoner; både familie og helsepersonell. Omlag 80 % av sykehjemspopulasjonen har symptomer forenlig med demens. Sykehjemspasienter med demens får ofte flere ulike psykofarmaka å lindre søvn og atferdsforstyrrelser, men studier tyder på lite gunstige effekter, og betydelige bivirkninger. Samtidig er det økende støtte for bruk av ikke-farmakologiske tiltak i denne populasjonen. Lys har i flere studier vist å forbedre både døgnrytme, søvn og BPSD, men mer forskning er nødvendig. Hovedmålet til DEM.LIGHT studien er å undersøke effekten av lysterapi-rom på søvn og BPSD (primærmål) hos sykehjemspasienter med demens med en klynge-randomisert kryssbalansert studie. Vi vil rekruttere 60 pasienter fra 6 demensenheter (en enhet = 1 klynge) ved 2-3 sykehjem i Bergen. Døgnrytmen vår synkroniseres av daglys, som er best simulert av lysterapi gitt fra takmonterte LED-kilder. Lyset vil bli installert i fellesrom både i intervensjons- og kontrollenhetene. I intervensjonsbetingelsen administreres følgende lys: a) 07:00-10:00: 500 lux i øyehøyde, 4000 Kelvin(K), b) 10:00-16:00: 1000 lux, 6000 K, c)16:00-20:00: 500 lux, 4000 K, og 20:00-07:00, vil standard lys (100 lux, 3000K) være tilgjengelig. I kontrollgruppen vil standard lys gis 07:00-20:00, tilgjengelig 20:00-07:00. Vi benytter validerte instrumenter og objektive mål (kroppstemperatur og aktigrafer) for effekt-mål av intervensjonen etter 4 måneder.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

OFFPHD-Offentlig sektor-ph.d.

Finansieringskilder