Tilbake til søkeresultatene

SAMKUL-Samfunnsutviklingens kulturell

Nevrasteni: forhandling mellom natur og kultur (arbeidstittel)

Tildelt: kr 0,75 mill.

Målet med dette prosjektet er å lage ein dokumentarfilm av 25 minutts varigheit, på grunnlag av nokre av dei funna eg har gjort i mine studiar av nevrastenidiagnosen si historie i Noreg. Filmen har førebels arbeidstittelen "Nevrasteni: forhandling mellom natur og kultur". Nevrasteni var ein diagnose som vart mykje brukt i vestlege land, inkludert Noreg, i tiåra rundt 1900. Tilstanden var kjenneteikna av mellom anna utmatting, sømnvanskar, muskelsmerter, hovudpine og mageplager. Hovudtemaet vi vil utforske, er ein av dei mange årsaksteoriane som fanst for denne tilstanden på slutten av 1800-talet, nemleg at nevrastenien var å forstå som eit direkte produkt av "kulturen", modernisering og andre samfunnsendringar i samtida. Sjølv om det er lenge sidan nevrastenidiagnosen hadde si "stordomstid", og mykje har endra seg ved det norske samfunnet sidan den tid, er "samfunnet" ein forklaringsmodell som vi også finn att i vår tid ved mange liknande lidingar. Nevrastenien si historie har såleis fleire dagsaktuelle aspekt ved seg, og kan utvide våre perspektiv på nokre av dei liknande helseutfordringane vi har i dag. Difor ynskjer vi, mellom anna med hjelp av arkivfoto og medisinsk litteratur om nevrasteni, vesentleg frå perioden 1880-1920, å belyse norske legar sine ulike syn på samanhengen mellom moderniseringa av Noreg og den aukande førekomsten av nevrasteni i denne perioden. Vi ynskjer også å sjå nærare på korleis slike antatt "samfunnspåførte" plager vart behandla, særleg ved sanatorier og kurbad, der naturen utgjorde eit vesentleg element i behandlinga.

Budsjettformål:

SAMKUL-Samfunnsutviklingens kulturell