Tilbake til søkeresultatene

HELSEVEL-Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstjenester

NORSE: Building bridges between psyche and soma through personalized and dynamic mental health systems

Alternativ tittel: NORSE: Brobygging mellom psyke og soma ved personliggjorte og lærande systemer innan psykisk helse

Tildelt: kr 9,7 mill.

Prosjektet «Norse Feedback - building bridges between psyche and soma through personalized dynamic mental health systems” har vorte gjennomført i perioden 2017-2023. Hovudansvarleg for prosjektet har vore Helse Førde, og viktige samarbeidspartar har vore industripartnaren Norse Feedback AS, kliniske utprøvingsstader Førde legesenter og St.Olavs Hospital, samt forskingsleverandørane Høgskulen på Vestlandet og Weill Cornell Medical School. Resultata frå prosjektet er mangfoldige og innanfor forskjellige sektorar. Som innovasjonsprosjekt under HELSEVEL var det eit mål at prosjektet skulle bidra til forskingsresultat, endra kliniske prosessar, og kommersialiseringsmoglegheiter og industrivekst. I denne oppsummering peiker vi på dei overordna resultat i desse ulike sektorane. I den kliniske røynda har no prosjektet bidrege til utvida bruk av det kliniske tilbakemeldingssystemet Norse Feedback til å betre pasientmedverknad og fokus i behandlingsprosessar i fleire ulike kontekstar. I spesialisthelsetenesta har for eksempel Helse Vest vedteke å breidde teknologien og innhaldet til bruk i alle klinikkar for psykisk helse i regionen, noko som vil nå regionens populasjon på ein million menneske. Denne implementeringa er stor, og har vore pågåande sidan 2022. Dette vil gi eit nytt tilbod om datadrive medverknad til alle pasientar i Helse Vest regionen i løpet av 2023. Partnar Norse Feedback har også utvikla og utvida marknaden sin, og leverer teknologi til 50 norske kommunehelsetenester og dei fleste av studenthelsetenestene i Noreg. Det kliniske tenestetilbodet for pasientar i desse tenestene vil også forbetrast som ei følgje av dette. Dette er dømer på korleis prosjektet har vore medverkande til å endre og innovere på klinisk praksisnivå. Kommersielt har partnar Norse Feedback utvikla seg mot soliditet, og har også no etablert fotfeste i Storbritannia og Irland, med pilotering og kommersiell levering av teknologi. Det har vore eit viktig utfall av prosjektet at det har etablert regionale kompetansearbeidsplassar og såleis bidrege til næringsutvikling i regionen. Ambisjonane og moglegheitene til Norse Feedback for fortsett vekst etter at dette prosjektet er ferdig er store, og firmaet er også involvert i andre innovasjonsprosjekt. Forskingsmessig har resultata av prosjektet kome langs dei to hovudlinjene som forsking oftast målast på. Vitskaplege publikasjonar som skildrar prosess og resultat har vorte publisert gjennom perioden, og på grunn av tida ein publikasjonsprosess tek er det også artiklar i prosess som vil verte publisert etter at finansieringsperioden er over. Dette gjeld spesielt artiklar knytt til resultat frå fedmekonteksten, der datainnsamlinga vart fullført i 2022. I tillegg har resultat vorte presentert årleg på internasjonale konferansar. Den andre forma for resultat som prosjektet har gjort mogleg, er vidareførte forskingsprosjekt som oppnår finansiering. Sidan dette prosjektet vart innvilga har det kome til fleire PhD-prosjekt, post.doc prosjekt, og ei større Helse Vest finansiert strategisk tildeling som vidarefører forskingstilnærminga i prosjektet innan smertebehandling, stomibehandling og helseøkonomi. I sum overstig forsingsfinansiering på ulike Norse Feedback applikasjonar no 50MNOK. Ei vidareføring er også tildelt forprosjektmidlar for NFR si PilotHelse tildeling, og det vil sendast inn ein hovudsøknad på denne utlysinga i 2023. Eit siste resultatområde som prosjektet har leia fram til er innovasjon i undervising og helsepedagogikk. Resultatet «Aktiv klinisk refleksjon» er ein digital ressurs med innhald som spring direkte ut av forskinga i arbeidspakke to. Innovasjonen har også fått tilleggsmidlar til utvikling og er ferdigutvikla og i drift. Denne innovasjon tek digitalisert forskingskunnskap i form av strukturerte filmar og engasjerer grupper av fagfolk i refleksjonsprosessar sikta mot å betre poliklinisk praksis. Innovasjonen vert brukt i fagdagar i spesialisthelsetenesta, i studentopplæring og i faglege konferansar, og er kostnadsfritt tilgjengeleg for interesserte partar.

-

The Norwegian Outcome Response System for Evaluation (NORSE) is a second generation Routine Outcome Monitoring (ROM) innovation, with a dynamic clinical feedback system (CFS), developed at Førde Hospital Trust. NORSE has advanced significantly on existing methodologies in that the system A) actively learns from, and B) adapts to, the individual patient´s feedback, and C) instantaneously personalizes the system to individual profiles of suffering and resources. The present proposal details research needed for the next level of development, and for moving NORSE into regional and national use both in mental health clinics and in somatic health care. The group of researchers proposing this project has longstanding experience with research on clinical feedback on mental health, on patient and clinician driven research, and on obesity research. We propose a research program based on advanced quantitative and qualitative research methods to achieve our objectives. Research challenges addressed by this project can be summarized into four domains: A) We need to develop ROM/CFS with psychometrically valid dimensional clinical profiles. Large datasets and advanced statistics must be employed. B) Psychometric properties are only half the story in the effect of ROM/CFS: implementation knowledge is key to outcome and need to be part of research protocols in naturalistic settings. C) Structured work with mental health knowledge in obesity settings is non-existent: Research into these domains is breaking new ground and should thus be experimental. D) Structured access to specialized mental health knowledge to support evaluation and referral in primary care is rare. Research into these domains should thus be experimental. On this background, the project group proposes three work packages: 1) NORSE in the mental health clinic, 2) NORSE in the obesity clinic: improving mental health after bariatric surgery, and 3) NORSE improving services and the general practitioners office.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

HELSEVEL-Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstjenester