Tilbake til søkeresultatene

FORREGION-Forskningsbasert innovasjon i regionene

MOBIFORSK Hordaland

Alternativ tittel: MOBIFORSK

Tildelt: kr 11,5 mill.

Noreg står ovanfor store omstillingsutfordringar og det er naudsynt å utvikle meir berekraftige og klimavenlege løysningar i næringslivet. For å bidra til naudsynt fornying og omstilling har MobiFORSK lagt til rette for meir forskingsbasert innovasjon i næringslivet. I tillegg har MobiFORSK hatt som overordna mål å fremje ansvarleg innovasjon, med det meiner vi innovasjonar som både gir økonomisk, sosial og miljømessig berekraft. Utgangspunktet for arbeidet i MobiFORSK har vore Hordaland sine spesifikke konkurranseføremonar. Difor har ein valt to satsingsområde 1. Berekraftig vekst innanfor bioøkonomien - Dette omfattar berekraftig matproduksjon både sjømat og landbruksprodukt og anna utnytting av biologiske ressursar som ny bruk av avfall, bioenergi, nye ingrediensar mv. 2. Teknologiutvikling gjennom bransjekryssande koplingar - Dette omfattar å bidra til at eksisterande teknologi og kompetanse i regionen vert nytta på nye og smarte måtar og sikrar ein berekraftig vekst i eksisterande og nye bransjar I 2020 vart alle verkemidla i FORREGION nytta: Kompetansemekling, Nettverksmøte, Mobilitet og Forprosjekt. Hordaland fylkeskommune har koordinert mykje av arbeidet gjennom ein samarbeidsavtale med Høgskulen på Vestlandet. I 2020 har aktiviteten vore prega av Covid 19, men likevel høg under dei spesielle førtsetnader som pandemien har skapt. Kompetansemekling er gjennomført i 110 unike bedrifter, det er gjennomført 3 nettverksmøter og 4 mobilitetsprosjekt har fått støtte. Talet på forprosjekt har vore 6. Klyngene , GCE Ocean Tecnology, NCE Seafood , NCE Media, NCE Maritime CleanTech er viktige samarbeidspartnarar i mobiliseringsarbeidet. Samarbeidet med RFF Vestland har vorte styrka m.a gjennom felles prosjektverkstader og felles prosjektleiing.

Langsiktig satsing på kunnskap og betre medvit kring klima og miljø i forskingsmiljøa, bedriften og samfunnet gjennom systematisk prioritering av berekraftige løysingar og grøn verdiskaping ved hjelp av forsking som verktøy. Satsinga har vorte forsterka i 2020 ettersom fylkeskommunen har fått forsterka satsing på desse perspektiva mellom anna gjennom vedteken utviklingsplan for Vestland fylke. Det har ikkje vore så godt resultat frå bedrifter i Hordaland /Vestland særleg til nasjonale og internasjonaleforskingsfond som vi skulle ønskt oss. Dette er eit langsiktig arbeide der Mobiforsk har stort potensial. Derimot har det vore betre kopling til RFF, der Mobiforsk har vore involvert i eit stort tal søknader til RFF - og i aukande grad siste året (2020).Mobiforsk har bidratt til at fleire bedrifter nyttar forsking i innovasjonsarbeidet. Siste året har det vore 110 bedrifter involvert i kompetansemekling, og fleire til gjennom prosjektverkstader og nettverksmøte.

Noreg står ovanfor store omstillingsutfordringar og det er naudsynt å utvikle meir berekraftige og klimavenlege løysningar i næringslivet. I Hordaland bidrog nedgangen innan olje- og gassektoren til ekstra merksemd mot å utvikle ein meir variert og konkurransedyktig næringsstruktur. Nedturen har snudd og næringslivet har igjen betre tider. Nettopp derfor er det viktig at MobiFORSK bidrar å leggje til rette for meir forskingbasert innovasjon i næringslivet, det er i oppgangstider ein legg grunnlaget for å unngå framtidige svingingar. I tillegg vil MobiFORSK halde fram med å ha som overordna mål å fremje innovasjonar som både gir økonomisk, sosial og miljømessig berekraft. Utgangspunktet for arbeidet i MobiFORSK Vestland 2020 vil ein vidareføre dei to satsingsområda frå MobiFORSK Hordaland. 1. Berekraftig vekst innanfor bioøkonomien - Dette omfattar berekraftig matproduksjon både sjømat og landbruksprodukt og anna utnytting av biologiske ressursar som ny bruk av avfall, bioenergi, nye ingrediensar mv. 2. Teknologiutvikling gjennom bransjekryssande koplingar - Dette omfattar å bidra til at eksisterande teknologi og kompetanse i regionen vert nytta på nye og smarte måtar og sikrar ein berekraftig vekst i eksisterande og nye bransjar. Virkemidlane kompetansemekling og nettverksmøter skal nyttast til å mobilisere til forskingsbasert innovasjon i bedrifter. Vi vil vidareføre verkemidlet personmobilitet og forprosjekt.I tillegg ynskjer vi å utforske og tilpasse virkemiddelet «FoU-startpakken» som er utvikla i VRI Sogn og Fjordane. Sjølv om Hordaland og Sogn og Fjordane pr 1.1.2020 vert til Vestland fylke vil ein likevel halde fram med to mobiliseringsprosjekt MobiFORSK Vestland og VRI-prosjektet. For at dei to prosjekta skal kunne levere mest mulig likt tilbod til bedriftane, vil vi legge opp til godt samarbeid og felles møteplassar. Vi vil også hente erfaring frå dei to kvinnesatsingsprosjekta og bidra til vidareføring av desse.

Budsjettformål:

FORREGION-Forskningsbasert innovasjon i regionene