Tilbake til søkeresultatene

P-SAMISK-Program for samisk forskning

The Societal Dimensions of Sami Research: The Production and Implementation of Knowledge in the High North

Alternativ tittel: Sammfunnsmessige dimensjoner knytt til samisk forsking: produksjon og implementering av kunnskap i nord

Tildelt: kr 6,8 mill.

SoDiSámi - Societal Dimensions of Sámi Research har undersøkt på kva måte ulike institusjonelle og samfunnsmessige forhold og diskursar har påverka produksjonen av kunnskap om samisk kultur og historie i nordiske land. Prosjektet har også løfta fram på kva måte den akademiske produksjonen av kunnskap innverkar på samiske samfunn. Vårt fokus har vore forskingspolitiske endringar etter paradigmeskiftet frå «lappologi» til «samisk forsking», dvs. frå forsking på samar av forskarar som kjem utanfrå samiske samfunn til forsking som tek utgangspunkt i samiske behov. Prosjektet sine forskarar har også vist korleis forholdet mellom forsking og samfunn har endra seg i nordiske museumsinstitusjonar og korleis vitskapleg kunnskap om samiske forhold vert handtert i dei nordiske digitale media. Med finansiering frå UiT vart ein PhD-student tilknytt SoDiSámi prosjektet i 2018 i eit fireårig stipendiatprosjekt. PhD-stipenidaten analyserer kunnskapsproduksjon i to samiske museumsinstitusjonar, Várdobáiki Samisk senter og Árran Lulesamisk senter. Museumsrelaterte problemstillingar vart publisert i eit temanummer av tidsskriftet Nordisk Museologi (27:3, 2019). Artiklane i tidsskriftnummeret viser på ulike måtar korleis endringane i representasjon og kunnskapsproduksjon om samiske kulturar heng saman med endringar i samfunnsmessige diskursar. Den siste utviklinga, nemleg pågåande ?samifisering? av forsking og forskingsforvaltning, inspirert av urfolksmetodologi, vert tematisert i den komande antologien Sami Research in Transition (Routledge 2021). I alle felta har samiske røyster vorte sterkare. Eit samisk utgangspunkt og nytteverdi er i dag forventingar knytt til forsking, men samtidig har fleire systemiske barrierar vorte identifisert, både i akademia og i samfunnet generelt. Dei konkurrerande røystene er mange, og er truleg mest synlege i digitale media. Prosjektet opna ei nettutstilling i 2020, der resultat frå prosjektet vert formidla med utgangspunkt i materielle gjenstandar (sodisami.net).

Prosjektet har auka deltakande forskarar si evne til multidisiplinært samarbeid og forsking. Ny kunnskap har blitt produsert knytt til paradigmeskifte og til «samifisering» av samisk forsking. Resultata frå prosjektet har nytteverdi med tanke på kompetanseheving relatert til eit samisk forskingsfelt. Samtidig som prosjektet avdekka fleire gjennombrot der samar har fått eit breiare handlingsrom i akademia, har forskinga vår også avdekka mange diskursar som står i opposisjon til samisk kunnskapsproduksjon i akademia. Me kan også vise til ei utviding av SoDiSami, prosjektet New Sámi Renaissance: Nordic Colonialism, Social Change and Indigenous Cultural Policy, prosj.nr. 315708. Dette betyr at vår forskarnettverk skal fortsette å jobbe med samisk- og samfunnsrelaterte problemstillingar. Konkrete fylgjer av prosjektet inneber positive sysselsettingseffektar for fleire prosjektpartnarar og rekruttering av yngre forskarar.

The starting point for the project is the recognition of the deep inter-connectedness between research and society. How have the discourses and contexts within which the researchers have worked influenced Sámi research, and what kind of impact has research had on national policies, on the societal discourses on the Sámi, and on Sámi societies themselves? The project covers Norwegian, Swedish and Finnish research on the Sámi from the Lappologist era to the present. Working package 1 charts how the paradigmatic shift associated with a transition from Lappologist to Sámi research in the 1970s and 1980s, when new obligations from the social sciences were introduced, impacted upon the Nordic societies and their policies towards the Sami. These issues will be studied comparatively, as situational and context-specific phenomena. WP2 explores museums as arenas for the production and dissemination of knowledge on Sámi cultures, societies and identities. The museums studied include 1) Tromsø University Museum; 2) Nordiska Museet; and 3) the four Sámi museum institutions in Norway, Sweden and Finland. We analyze the manner in which earlier research at the national museums is adapted and used in order to contribute to the Sámi revitalization processes. Secondly, we seek to generate new knowledge on the ways in which current research, representations, collections, and archives produced by museums impact upon and are implemented within Sámi communities. WP3 charts the ways in which Sami Research has been entangled and used within the Nordic media. What roles has media given to academic knowledges concerning the Sámi and how are these knowledges circulated and applied in media contexts? How do images produced and discourses articulated in media affect the focus and results of the researchers, and thus the professional and disseminated understandings of Sami pasts and presents.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

P-SAMISK-Program for samisk forskning