Tilbake til søkeresultatene

OFFPHD-Offentlig sektor-ph.d.

Utvikling av ein modell for evaluering og læring i store statlege investeringsprosjekt, med fokus på helsesektoren.

Alternativ tittel: Developing a model for project evaluation and learning in large public investment projects focusing on hospital projects

Tildelt: kr 1,8 mill.

Investeringar og drift av helsetenester utgjer ein betydeleg del av det norske statsbudsjettet generelt, og av sjukehus og spesialisthelsetenester spesielt. Etterslepet på statleg eigde helsebygg i Noreg er stort, og fram mot 2024 skal ein investere nesten 58 milliardar kroner i sjukehus. Ofte vert investeringane organiserte som prosjekt, og desse prosjekta er i seg sjølve kostnadskrevjande. Dei har også store ringverknader for samfunnsutviklinga på generell basis. Sjukehusprosjekt er komplekse på fleire måtar; dei er både byggeprosjekt og organisasjonsendringsprosjekt, dei involverer mange interessentar med ulike syn på kva prosjektet er og kvar ein skal ende opp, dei har lange tidslinjer, høge kostnader og organisatoriske utfordringar. I tillegg må prosjekta forhalde seg til raske endringar i samfunnet og miljøet rundt seg, som følgje av medisinsk, teknologisk og demografisk utvikling. Sidan sjukehusprosjekt og sjukehus har lang levetid (planlegg for fleire ti-år), og er kostnadskrevjande, er det viktig at prosjekta er vellukka på lang sikt. Strategisk prosjektsuksess fordrar relevante og berekraftige løysingar, og prosjektstrategien vert forma i prosjektet sin tidlege fase. Dette gjer denne fasen av prosjektet til ein særs viktig del av eit prosjekt. Strategisk vellukka sjukehusprosjekt er viktige både for samfunnet generelt og for pasientar, pårørande og tilsette i sjukehusa spesielt, og blir til gjennom utforming av berekraftige og relevante løysingar som står seg over tid. Store prosjekt har tidvis fått eit dårleg rykte på grunn av overskridingar både når det gjeld kostnader og tid. Mykje av forklaringa på dette skuldast nettopp ulike manglar i prosjektet sin tidlege fase. Trass i si viktige rolle for strategisk vellukka prosjektresultat, er ikkje den tidlege fasen godt nok forstått slik stoda er i dag. Sidan Noreg er i gang med fleire store investeringsprosjekt, har ein ei unik mogelegheit til å bygge kunnskap om planlegginga av prosjekta, som vidare tener som eit utgangspunkt for forbetring og læring i planleggingsprosessane. Dette forskingsprosjektet har utforska sjukehusprosjekt sin tidlege fase for å få ei djupare forståing og bringe fram meir kunnskap om denne fasen. Auka innsikt og kunnskap styrkar sjansane for å kunne forbetre prosjekta og oppnå eit vellukka prosjektresultat, både på kort og lang sikt. Forskingsprosjektet har søkt svar på tre sentrale forskingsspørsmål: I. Kva for tydelege utfordringar finn ein i tidlegfaseplanlegging av norske sjukehusprosjekt? II. Kva innsikt får vi gjennom å (empirisk) utforske desse tydelege utfordringane i norske sjukehusprosjekt sin tidlege fase? III. Korleis kan vi forbetre norske sjukehusprosjekt sin tidlege fase? Dei overordna funna frå forskingsprosjektet gir eit bidrag til å tette forskingsgapet ein finn knytt til kunnskap om store, offentlege prosjekt sin tidlege fase. På eit meir detaljert nivå gir funna innsikt i tema som er viktige for utføringa av den tidlege fasen, og som også har etablerte forskingsgap. Kunnskap om relasjonar og interaksjonar mellom interessentar veit ein for lite om i den tidlege fasen, og dette er studert gjennom å granske korleis samarbeid fortonar seg i denne konteksten. Prosjektstyringsordningar kan støtte og forbetre prosjekta gjennom å finne eit passande nivå og innhald i desse, noko som ikkje er godt nok kjent for statleg eigde selskap. Vidare veit ein også lite om korleis tidlege varslingssignal kan nyttast til forbetring i den tidlege fasen av eit prosjekt. Ved å få betre kjennskap til og kunnskap om desse ulike elementa i den tidlege prosjektfasen, dannar ein eit grunnlag for forbetring som vidare aukar sjansane for startegisk prosjektsuksess.

I teoretisk samanheng, bidreg resultata frå avhandlinga til å utvide etablert teori og litteratur på feltet, som vidare er fordelaktig for å handtere kompleksiteten som finst i prosjekta. I praktisk samanheng gir funna ei oversikt over nokre av utfordringane ein finn i den tidlege fasen til sjukehusprosjekt, som vidare er eit nyttig utgangspunkt for forbetring. Dei fire forskingsartiklane (den fjerde vart godkjend i desember 2021, og vidare publisert 17.01.2022) har alle praktiske tilnærmingar til korleis ein betre kan forstå og handtere den tidlege fasen, og er tiltenkt både praktikarar, planleggarar og dei som tek avgjerder i planleggingsprosessen.

Investeringar og drift av helsetenester utgjer ein betydeleg del av det norske statsbudsjettet generelt, og av sjukehus og spesialisthelsetenester spesielt. Fram mot 2019 skal det investerast over 24 mrd. kroner i sjukehusbygg i Noreg. Investeringsprosjekta er kostnadskrevjande i seg sjølv og har ringverknader for samfunnsutviklinga. Sjukehusplanlegging krev også at ein mobiliserer store delar av organisasjonen direkte i arbeidet for å sikre involvering og fagleg forankring. Det eit er stort potensiale for å lære av kvarandre i slike prosjekt, både mellom ulike sjukehusprosjekt og mellom desse og tilsvarande prosjekt i andre statlege sektorar. Styringsdialogen mellom departement og helseføretak stiller også krav om evaluering av prosjekt for å bidra til kunnskapsdeling og erfaringsutveksling. Det finst lite systematisk og metodisk arbeid på evaluering av store statlege investeringsprosjekt, særskilt innan helsesektoren. Doktorgradsprosjektet ynskjer å utvikle ein modell for evaluering i store statlege investeringsprosjekt med hovudvekt på helsesektoren, både i operasjonelt, taktisk og strategisk perspektiv, og utvikle eigna indikatorar for prestasjonsmåling og effektvurdering. Samanlikning med andre statlege sektorar vil også vere verdifullt med tanke på erfaringsoverføring og læring, då desse er underlagt Statens prosjektstyringsmodell og har hatt erfaring med tidlegfaseplanlegging og kvalitetssikringsordningar (KS) over lenger tid enn helsesektoren. I 2012 vedtok Helse Møre og Romsdal oppstart av tidlegfasen for nytt sjukehus i Nordmøre og Romsdal. Prosjektet har gått gjennom idéfase og konseptfase, og er inne i forprosjektet, og vil fungere som hovudcase i doktorgradsarbeidet i tillegg til andre sjukehusprosjekt under planlegging eller som er gjennomførte seinare år. Arbeidet fordrar også å styrke kompetansen rundt prosjektleiing, prosjektorganisering og prosjektstyring generelt i helsesektoren.

Budsjettformål:

OFFPHD-Offentlig sektor-ph.d.

Finansieringskilder