Tilbake til søkeresultatene

PES2020-Prosj.etabl.støtte H2020

Women Writers in Past European Culture

Tildelt: kr 19 999

Denne søknaden gjeld posisjoneringsmidlar i form av reisestøtte til deltaking i to planleggingsmøte for H2020 søknad. Som aktivt medlem i nettverket 'Women Writers in History' har eg fått ansvar for å legge til rette for og utforme skisse til ein ny prosjektsøknad. Nettverket var tidlegare ein EU COST Action med same namn (2009-13), og så eit HERA prosjekt med støtte frå EUs sjuande rammeprogram (2013-16). Frå hausten 2016 er vi arbeidsgruppe i EU DARIAH. Eit av hovudmåla er å finne opningar for prosjektsøknad i dei nye H2020 utlysingane til hausten. Nettverket består av forskarar frå dei fleste europeiske land, og arbeidsgruppa har i dag om lag 80 namn. I første omgang er forskarar frå sju land i samtalar for å legge grunnlag for ny søknad, men dette vil bli justert etter utlysinga. Eg ønsker å sikre at Høgskulen i Volda er med som partnar i ein slik ny søknad, og søker difor om reisestøtte til desse møta: Huygens Instituttet, Amsterdam, 15-15 juni 2017 (sjå vedlagt program) Universitetet i Nova Gorica, Ljubljana, 16-17 november 2017. (sjå budsjett) På begge desse møta tek eg del med innlegg/programleiing, i Amsterdam som invitert fagekspert. Halve tida er satt av til H2020 samtalar.

Budsjettformål:

PES2020-Prosj.etabl.støtte H2020