Tilbake til søkeresultatene

NORGLOBAL2-Norge - global partner

Women on the Bench: The Role of Female Judges in Fragile States

Alternativ tittel: Ikkje Berre Ord: Implementering av Anbefalingar frå Latinamerikanske Sanningskommisjonar

Tildelt: kr 9,4 mill.

Sidan 1970-talet har talet på kvinnelege dommarar gått dramatisk opp. Overraskande nok, er andelen kvinnelege dommarar ofte høgare i post-konflikt land enn i meir etablerte demokrati. Dette prosjektet undersøker om brå politiske omveltingar kan skapa handlingsrom for kvinner som gjer det enklare for dei å få maktposisjonar innanfor rettsapparatet. Ein liten, men veksande, litteratur om kvinner i domstolane har hittil oversett kvinnelege dommarar i post-konflikt og sårbare statar. Vårt prosjekt har prøvd å tetta noko av dette kunnskapsholet ved å utføra ein komparativ analyse av fem post-konflikt-statar, som varierer i forhold til grad av sårbarheit og som har svært ulike andeler av kvinnlege dommarar: Afghanistan, Angola, Guatemala, Haiti og Uganda. Me har systematisk undersøkt to hovudspørsmål i alle fem land: (1) korleis vert kvinner dommarar? og (2) korleis opplever kvinnelege dommarar rolla si som dommar? Me har også gjort ein innleiande studie av kva følgjer det kan få når andelen av kvinnelege dommarar aukar i domstolane. Me har sett på dette til dømes i forhold til rekruttering av yngre kvinner til dommarstolane; og i forhold til måten rettssaker vert forhandla på, spesielt i høgsterett og konstitusjonsdomstolar. Funna våre viser at det oftast, men ikkje alltid, er kvinner frå øvre sosiale sjikt i samfunnet som vert dommarar. For å forstå skilnader mellom menn og kvinner sin tilgang til og virke i domstolane, viser prosjektet vårt at det er viktig å utforske uskrivne normer så vel som formelle strukturar. Merittbaserte karriære-løp går i favør av kvinner i alle fem land, men særleg i Angola og Haiti. Kvinnelege dommarar i sårbare statar (særleg dei med urfolks- eller minoritetsbakgrunn) vert ofte utsett for ekstra utfordringar som kjønnsdiskriminering og trugsmål, både frå kollegar og brukarar av rettsvesenet. Feltarbeid har blitt utført i alle fem land som inngår i analysen. Innsamla data inkluderer intervju med ei rekke kvinlege og mannlege dommarar. Kvinner er svært ulikt representere i domstolane i dei fem landa, frå 11% i Haiti og Afghanistan til 45% i Uganda. I Angola er kvinnerepresentasjonen i høgsterett og den konstitusjonelle domstolen blant dei høgste i verda. I både Uganda og Haiti utgjer kvinner ein større del av dommarar enn parlamentarikarar, noko som er svært uvanleg. Eit viktig funn på tvers av dei fem svært ulike landa er at kvinner sin tilgang til dommarembetet går merkbart opp når utnemningssystemet av dommarar er basert på merittar (altså fagkarakterar og fagleg kompetanse) og ikkje på politiske utnemningar eller kjennskap og vennskap. Kvinner møter svært ulike grader av opposisjon eller hinder for å bli dommarar, og dei opplever ulike former av diskriminering på grunnlag av kjønn som fungerande dommarar. Medan politisk partitilknyting er ein viktig faktor i Angola, spelar etnisitet og klasse ein større rolle i Guatemala. Religion og sosiale normer verkar ekskluderande for kvinlege dommarar i Afghanistan. Profesjonelle nettverk spelar ein positiv rolle i Uganda, medan vald i samfunnet generelt og usikkerheit knytt til vald spelar ei svært negativ rolle for kvinnelege dommarar i Afghanistan, Haiti, og Guatemala. Dette prosjektet er fyrst og fremst relevant for akademiske og policy-orienterte debattar om kjønn og domstolar i det globale sør, men har også eit vidare teoretisk potensiale. Ved å gjennomføra empirisk baserte analysar av kvinner sin tilgang på dommarembete og erfaringane deira som dommarar, har prosjektet utvikla eit analytisk rammeverk for tverr-regional forsking på korleis kvinner i domstolane påverkar rettsprosessen og utfallet av denne. Prosjektet har også relevans for praktisk arbeid med likestilling, for donorar opptatt av ein betre kjønnsbalanse i domstolane, og for aktørar som driv med støtte til juridisk reform i sårbare statar. Me har difor prøva å nå ut til ulike grupper med prosjektfunna våre. I tillegg til ein doktorgrad om Haiti, artiklar i velrennomerte tidsskrift, har me publisert fleire landrapportar og policy briefs der sentrale funn frå landstudiene er gjort tilgjengeleg i kort-form for praktikarar. Eit spesialtidsskrift om «Women Judges in Fragile States» er undervegs i Law & Society Review; eit topp tiddskrift i feltet. Prosjektet er gjennomført av eit tverrfagleg forskingsteam ankra på Chr. Michelsen Institutt (CMI i Bergen), Universitetet i Bergen, og Overseas Development Institute (ODI, London) i samarbeid med institusjonelle partnarar (Mexico, Afghanistan). Prosjektet bygger på tidlegare forskingsprosjekt som handlar om domstolar, rettferd, og kjønn som kjerneteamet har jobba med, og vart designa for å ytterlegare styrka kompetansen i dette raskt veksande saksfeltet.

Contributions to the scholarship • Contribution to academic knowledge on the gendered experience of judicial office, analysing women’s access to the bench, and career prospects, including appointment to leadership positions. • Contribution to academic knowledge on barriers for women to access decision-making roles, with a focus on judicial office which remains a key gap in the literature on women’s political empowerment. • Contribution to the academic knowledge on the gendered experience of judicial office in fragile and conflict affected states, and the impact of political instability, insecurity and violence on gender justice, rule of law and inclusive governance. • Interdisciplinary and cross regional analysis of the gendered experience of judicial office Contributions to policy and practice • Engagement with different relevant communities of practice in country and cross regionally, to share findings and contribute to policy and practitioner thinking on this. This includes: o Learning from and sharing findings with women judges and other members of the judicial branch and legal profession in country o Learning from and sharing findings with professional bodies at the national and global levels. This includes engagement with national associations of women judges (Uganda), the International Association of Women Judges, national law societies. o Learning from and sharing findings with women lawyers’ associations. • Dissemination activities attended by academics and practitioners. Potential outcomes • Findings will continue to inform academic and policy oriented publications and strategic approaches to judicial reform and rule of law support in fragile and conflict affected settings. • Ongoing activities and publications includes informing policy makers and practitioners on investing more in supporting women judges and gender equity on the bench in fragile and conflict affected settings, as well as other contexts in order to advance objectives of gender equality, gender-transformative rule of law and inclusive governance • Findings will contribute to informing future research on women judges, the impact of improved gender equality on the bench, and future research objectives of looking at women prosecutors. • Findings and dissemination activities will continue to contribute to critical thinking on how violence and insecurity undermines gender equality and women’s rights. • Selected global policy areas for which project findings are relevant: o Achievement of the Sustainable Development Goals, specifically: SDG 5 on gender equality and violence against women and girls; SDG 16 on sustainable peace, inclusive societies, and access to justice for all. o Achievement of objectives of the Women, Peace and Security agenda, with a focus on women’s participation and access to decision-making roles. o Gender responsive peacebuilding, as a component of the global peacebuilding agenda.

Since the 1970s, women increasingly have made it to the bench. Surprisingly, the proportion of women judges is generally higher in post-conflict countries than in well-established western democracies. This project investigates this puzzle by hypothesising that political rupture can provide women with opportunity structures that favour their access to judicial power. A small but growing literature on the role of women in the legal profession has paid virtually no attention to women judges in post-conflict and fragile states. The proposed research has primary relevance to intellectual and policy debates on gender and justice in the south/developing world, but carries a broader theoretical potential. By establishing an empirically based analysis of women's access to judicial office and their experience on the bench, and drawing out the implications for judicial outcomes in fragile states, the project provides an analytical basis for cross-regional research on the nature and impact of women in the courts. The project has policy implications for legal professionals who are concerned with gender balance and gender justice, for donors promoting gender equity in the judicial sector, and for the management of expectations generated by aid to judicial reform in fragile states. The project will be carried out by an interdisciplinary research team based at the Chr. Michelsen Institute (CMI, Bergen), the University of Bergen, and the Overseas Development Institute (ODI, London) in collaboration with institutional partners (Mexico, Afghanistan) to cover five countries in Sub-Saharan Africa (Angola and Uganda), Latin America (Guatemala and Haiti) and Southwest Asia (Afghanistan). The project builds on previous work on courts, justice, and gender undertaken by the core research team and is designed to further strengthen competence in this rapidly expanding academic and policy field.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Budsjettformål:

NORGLOBAL2-Norge - global partner