Tilbake til søkeresultatene

NORGLOBAL2-Norge - global partner

Women on the Bench: The Role of Female Judges in Fragile States

Alternativ tittel: Ikkje Berre Ord: Implementering av Anbefalingar frå Latinamerikanske Sanningskommisjonar

Tildelt: kr 9,5 mill.

Sidan 1970-talet har talet på kvinnelege dommarar gått dramatisk opp. Overraskande nok, er andelen kvinnelege dommarar ofte høgare i post-konflikt land enn i meir etablerte demokrati. Dette prosjektet undersøker om brå politiske omveltingar kan skapa handlingsrom for kvinner som gjer det enklare for dei å få maktposisjonar innanfor rettsapparatet. Ein liten, men veksande, litteratur om kvinner i domstolane har hittil oversett kvinnelege dommarar i post-konflikt og sårbare statar. Vårt prosjekt prøver å tetta noko av dette kunnskapsholet ved å utføra ein komparativ analyse av fem post-konflikt-statar, som varierer i forhold til grad av sårbarheit og som har svært ulike andeler av kvinnlege dommarar: Afghanistan, Angola, Guatemala, Haiti og Uganda. Me undersøker systematisk to hovudspørsmål i alle fem land: (1) korleis vert kvinner dommarar? og (2) korleis opplever kvinnelege dommarar rolla si som dommar? Me gjer også ein innleiande studie av kva følgjer det kan få når andelen av kvinnelege dommarar aukar i domstolane. Me ser på dette for eksempel i forhold til rekruttering av yngre kvinner til dommarstolane; og i forhold til måten rettssaker vert forhandla på, spesielt i høgsterett og konstitusjonsdomstolar. Me har óg undersøkt (svært tentativt) om kjønn kan ha noko å sei for domsutfallet i enkelte typer saker, for eksempel i familiesaker som gjeld vald mot kvinner og barn. Førebelse funn viser at det oftast, men ikkje alltid, er kvinner frå øvre sosiale sjikt i samfunnet som vert dommarar. For å forstå skilnader mellom menn og kvinner sin tilgang til og virke i domstolane, er det viktig å utforske uskrivne normer så vel som formelle strukturar. Merittbaserte karriære-løp går i favør av kvinner i alle fem land, men særleg Angola og Haiti. Kvinnelege dommarar i sårbare statar (særleg dei med urfolks- eller minoritetsbakgrunn) vert ofte utsett for ekstra utfordringar som kjønnsdiskriminering og trugsmål, både frå kollegar og brukarar av rettsvesenet. Feltarbeid har blitt utført i alle fem land som inngår i analysen. Innsamla data inkluderer intervju med ei rekke kvinlege og mannlege dommarar. Kvinner er svært ulikt representere i domstolane i dei fem landa, frå 11% i Haiti og Afghanistan til 45% i Uganda. I Angola er kvinnerepresentasjonen i høgsterett og den konstitusjonelle domstolen blant dei høgste i verda. I både Uganda og Haiti utgjer kvinner ein større del av dommarar enn parlamentarikarar, noko som er svært uvanleg. Eit viktig funn på tvers av dei fem svært ulike landa er at kvinner sin tilgang til dommarembetet går merkbart opp når utnemningssystemet av dommarar er basert på merittar (altså fagkarakterar og fagleg kompetanse) og ikkje på politiske utnemningar eller kjennskap og vennskap. Kvinner møter svært ulike grader av opposisjon eller hinder for å bli dommarar, og dei opplever ulike former av diskriminering på grunnlag av kjønn som fungerande dommarar. Medan politisk partitilknyting er ein viktig faktor i Angola, spelar etnisitet og klasse ein større rolle i Guatemala. Religion og sosiale normer verkar ekskluderande for kvinlege dommarar i Afghanistan. Profesjonelle nettverk spelar ein positiv rolle i Uganda, medan vald i samfunnet generelt og usikkerheit knytt til vald spelar ei svært negativ rolle for kvinlege dommarar i Afghanistan, Haiti, og Guatemala. Dette prosjektet er fyrst og fremst relevant for akademiske og policy-orienterte debattar om kjønn og domstolar i det globale sør, men har også eit vidare teoretisk potensiale. Ved å gjennomføra empirisk baserte analysar av kvinner sin tilgang på dommarembete og erfaringane deira som dommarar, vil prosjektet utvikla eit analytisk rammeverk for tverr-regional forsking på korleis kvinner i domstolane påverkar rettsprosessen og utfallet av denne. Prosjektet har også relevans for praktisk arbeid med likestilling, for donorar opptatt av ein betre kjønnsbalanse i domstolane, og for aktørar som driv med støtte til juridisk reform i sårbare statar. Me vil difor prøva å nå ut til ulike grupper med prosjektfunna våre. I tillegg til artiklar i velrennomerte tidsskrift, vil me publisera ein serie med policy briefs der sentrale funn frå landstudiene vil bli gjort tilgjengeleg i kort-form for praktikarar. Me har planar om eit spesialtidsskrift om «Women Judges in Fragile States» som vil komma ut i 2022. Prosjektet vert gjennomført av eit tverrfagleg forskingsteam ankra på Chr. Michelsen Institutt (CMI i Bergen), Universitetet i Bergen, og Overseas Development Institute (ODI, London) i samarbeid med institusjonelle partnarar (Mexico, Afghanistan). Prosjektet bygger på tidlegare forskingsprosjekt som handlar om domstolar, rettferd, og kjønn som kjerneteamet har jobba med, og er designa for å ytterlegare styrka kompetansen i dette raskt veksande saksfeltet.

Since the 1970s, women increasingly have made it to the bench. Surprisingly, the proportion of women judges is generally higher in post-conflict countries than in well-established western democracies. This project investigates this puzzle by hypothesising that political rupture can provide women with opportunity structures that favour their access to judicial power. A small but growing literature on the role of women in the legal profession has paid virtually no attention to women judges in post-conflict and fragile states. The proposed research has primary relevance to intellectual and policy debates on gender and justice in the south/developing world, but carries a broader theoretical potential. By establishing an empirically based analysis of women's access to judicial office and their experience on the bench, and drawing out the implications for judicial outcomes in fragile states, the project provides an analytical basis for cross-regional research on the nature and impact of women in the courts. The project has policy implications for legal professionals who are concerned with gender balance and gender justice, for donors promoting gender equity in the judicial sector, and for the management of expectations generated by aid to judicial reform in fragile states. The project will be carried out by an interdisciplinary research team based at the Chr. Michelsen Institute (CMI, Bergen), the University of Bergen, and the Overseas Development Institute (ODI, London) in collaboration with institutional partners (Mexico, Afghanistan) to cover five countries in Sub-Saharan Africa (Angola and Uganda), Latin America (Guatemala and Haiti) and Southwest Asia (Afghanistan). The project builds on previous work on courts, justice, and gender undertaken by the core research team and is designed to further strengthen competence in this rapidly expanding academic and policy field.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Aktivitet:

NORGLOBAL2-Norge - global partner