Tilbake til søkeresultatene

FINANSMARK-Finansmarkedet

Making Transparency Possible - Interdisciplinary dialogues

Alternativ tittel: Korleis kan transparens gjerast mogeleg? Tverrfagleg dialog.

Tildelt: kr 2,4 mill.

Populærvitenskaplig framstilling - Norsk Dette prosjektet har medverka til å skape innsikt og betre forståing for korleis finansmarknaden fungerer. Det er naudsynt å skape offentleg debatt om juridiske og etiske spørsmål i finansmarknaden basert på open tilgang til informasjon. Dei siste åra har gravande journalistar medverka til avsløringar knytt til «Panama-papers», «Swiss Leaks» og «Lux Leaks» som viser korleis offentleg debatt om finansflyt vert hindra gjennom utbreidd bruk av hemmeleghald. Men samarbeid om gravande journalistikk på tvers av grenser har medverka til å skape merksemd om illegal finansflyt og skatteparadis. For å skape djupare innsikt og forståing er publikum avhengig av at journalistar har kunnskap og evne til å samle inn, vurdere og presentere komplisert informasjon på ein pålitelig måte. Prosjektet undersøker korleis me kan medverke til å styrke kvaliteten på slik gravande journalistikk. Det har vi fått til gjennom å etablere tverrfagleg dialog mellom gravande journalistar og fagekspertar på områder som økonomi, finans, revisjon, jus, media og journalistikk. Prosjektet starta i januar 2018. Prosjektet har kvart år arrangert konferansen making Transparency Possible med deltakarar frå både journalistikk, økonomi, jus og offentlege instansar. Den andre hovudaktiviteten var produksjon av ein antologi på CappelenDam. Den vart lansert i 2019. Antologien inneheld 19 originale artiklar basert på arbeidet i prosjektet. På konferansen i mars 2019 heldt Anya Schiffrin (Columbia University) og Joseph Stiglitz (Columbia University) keynotes om journalistikk, informasjonsasymmetri og finans. Arbeidet i 2020 og 2021 vart forstyrra av covid-19-pandemien. Likevel greidde vi å gjennomføre digitale konferansar i både 2020 og 2021. Materialet frå konferansane danna grunnlaget for to nye digitale læreverk massive Open Online Courses) - Making Transparency Possible og Follow the Money publisert gjennom Bokskapet for digitale læreverk på OsloMet.

Verknadar: Auka tverrfagleg samarbeid om illicit financial flows. Auka samarbeid mellom journalistikk og fagfolk frå økonomi og jus. Etablert forum for diskusjon mellom journalistar på området og offentlege instansar. Gryande samarbeid mellom journalistikk og investorar. Effekt: Betre kvalitet på utdanning av økonomijournalistar Utvikling av metodar for journalistisk gransking av finansfeltet

This project seeks to contribute to improving the quality of cross border journalism on global financial markets related to illicit financial flows and tax havens in order to facilitate public debate and make public understanding of financial markets possible. The project will do this by analyzing journalism on the landmark cases Panama papers, Lux leaks and Swiss Leaks. First, we wish to understand better legal and ethical issues investigative journalists face when working on illicit financial flows and tax havens. Second, we seek to understand better how journalists interpret and communicate complex financial data. Thirdly, we seek to explore the emerging praxis of digital crossborder cooperation between journalists as part of such investigations. The project takes an inductive bottom-up approach employing qualitative methodologies such as interviews, focus groups and interdisciplinary workshops/dialogue. We begin with interviewing investigative journalists to understand better the real problems and challenges journalists faced when researching illicit financial flows and tax havens. These issues will form the basis for the interdisciplinary dialogue where we will make use of experts on international law, finance and economy to discuss (with investigative journalists) the research problems defined above. The research team is recruited from Law, economy and journalism studies, in addition to NGOs working in the field of illicit financial flows and tax havens.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FINANSMARK-Finansmarkedet