Tilbake til søkeresultatene

MILJØFORSK-Miljøforskning for en grønn samfunnsomstilling

Nettverking og forsking for å utvikle Merkevarestrategien for Noregs nasjonalparkar, innafor ramma berekraftig bruk og vern

Alternativ tittel: Network and research on developing the Norwegian national park branding strategy, within sustainable frames

Tildelt: kr 0,75 mill.

Merkevarestrategien for norske nasjonalparkar vart vedtatt i april 2015, med ambisjon om betre informasjon, gode innfallsportar, betre tilrettelegging og meir bruk, utan å utfordre verneverdiane. Så langt er det gjennomført brukarundersøkingar i kvar park (der slike mangla) og sårbarheitsvurderingar av (potensielt) prioriterte brukslokalitetar. Dette skal gje grunnlag for lokale besøksstrategiar (frå 2020) for kvar nasjonalpark/større verneområde. Men det overordna arbeidet med nasjonal merkevarestrategi treng også oppfylgjing. Korleis bør dette gjerast og kva skal dette bli til? For å kunna svare må eit breitt spekter av aktørar på banen. I dette nettverket har vi difor samla relevante forskarar, interessegrupper, næringsaktørar og forvaltningsansvarlege for å drøfte status, utfordringar, ansvarsfordeling, potensial og kunnskapsbehov. Nasjonalparkar er sentrale attraksjonar i internasjonal turisme, slik også for Noreg. Fleire av parkane våre har likevel få tilreisande gjester og er i større grad arena for lokal og regional bruk. For mange utanlandske gjester er nettopp dette ein sentral del av attraksjonen, at dei møter få andre turistar. Men visse attraksjonar i og inntil norske verneområde har også veldig stor pågang (t.d. Kjerag, Besseggen, Trolltunga), og somme stader gjev dette store utfordringar for forvaltning, redningsarbeid, infrastruktur, lokalsamfunn mm (reell eller potensiell 'overturisme'). Altså: utfordringane spriker, og næringspotensialet like så. Nettverket har drøfta status, bakteppe og kunnskapsbehov for vidare utvikling av Merkevara 'Norske nasjonalparkar'. Norske nasjonalparkar har i prinsippet ikkje infrastruktur for motorisert ferdsel, men mange er likevel godt tilrettelagt/eigna for ulik bruk (ikkje-motorisert ferdsel, aktivitetar, overnatting mm), . Andre parkar er ikkje tilrettelagt - noko som også er attraktivt for mange. Men i sum gjev dette utfordringar i samband med merkevarebygging og marknadsføring, og for framtiding NP-forvaltning. Og perspektiva blir ulike om ein ser dei frå gjest (som i seg sjølv representerer eit spekter), lokale brukarar, interessegrupper, næring eller forvaltning. Utvikling av attraksjonsspekteret har blitt lyft fram og drøfta, likeså kva som er akseptabel infrastruktur og moglege reguleringshøve/-behov. Fokuset i den offisielle merkevarestrategien er innfallsportar og nære besøkspunkt, men den historiske bruken av dei fleste nasjonalparkar er sti- og løypeforankra ferdsel, eksemplifisert gjennom DNT, stifta i 1868. Samspelet mellom forvaltninga si strategiske satsing og tilliggande lokalsamfunn i vertskommunane er svært viktig. I nettverket var det med representantar frå seks norske forskingsinstitusjonar, tre inviterte utanlandske forskarar og foredragshaldarar (frå Sverige, Island og Tyskland). Vidare var det med representantar frå forvaltning (alle tre forvaltningsnivå), grunneigarsida, ulike utmarksnæringar, interesseorganisasjonar (både bruk og vern); i alt 30 deltakarar. Kjernepunktet og hovudutbyttet for prosjektet var å få etablert dette breie nettverket og få det til å samhandle gjennom ein serie med tema-møte, med inviterte og interne foredrag, diskusjonar rundt alle utfordringar rundt vern, bruk turisme i verneområde, og prioriteringar av fokus-område framover. Ingen offisielle publikasjonar kom ut av nettverket. Søknaden til Forskingskingsrådet (Samarbeidsprosjekt innafor Utmarksprogrammet, våren 2019) vart syntesen av arbeidet, relatert til utlysingssteksten og dei økonomiske rammene i utlysinga.

Nasjonalparkar er prioriterte naturkvalitetar, men og sosiale og kulturelle arenaer med ein omfattande (bruks-)historie frå lenge før vernestatusen. Kvar park har verne- og forvaltningsmål, og vedtatt forvaltningsplan. Den nye reiselivssatsinga (merkevarebygging og besøksstrategiar) skal innpassast overordna rammer og forvaltningsplan, men rokkar likevel etablerte 'driftsmønster' og prioriteringar. Difor må ein aktivere det rettmessige spekteret av aktørar og interessentar og vurdere forvaltningsordningar, handlingsrom, endringsvilje og konfliktpotensial. Den mest opplagte effekten av prosjektet er nettopp å ha etablert Nettverket; å ha samla spektret av interesser og formelle representantar, saman med forskarar. Dette er eit forum for gjensidig læring og meiningsutveksling, og for å identifisere viktige kunnskapsbehov og gode problemstillingar, knytt til ramma 'vern og bruk av nasjonalparkar'. Syntesen i denne omgang vart prioriteringane i prosjektsøknaden til Utmarksutlysinga.

Merkevarestrategien for norske nasjonalparkar vart vedtatt i april 2015, med ambisjon om betre informasjon, gode innfallsportar, betre tilrettelegging og meir bruk, men utan å gå på kostnad av verneverdiane. Arbeidet blir no fylgt opp med lokale besøksstrategiar, men det overordna arbeidet med den nasjonale merkevarestrategien treng også oppfylgjing. Kva skal han vere? For å kunna svare må eit breitt spekter av aktørar på banen, og vi vil samle relevante forskarar, brukarinteresser, næringsaktørar og forvaltningsansvarlege. Vi har også med ekspertar frå Sverige, Island og Alpenettverket. Vi veit at nasjonalparkar er sentrale attraksjonar i internasjonal turisme, og også i Noreg. Fleire av parkane våre har likevel få tilreisande gjester og er i større grad arena for lokal og regional bruk. For mange utanlandske gjester er det ein sentral del av attraksjonen at dei møter få folk. Andre attraksjonar har veldig stor pågang (t.d. Kjerag, Besseggen), og somme stader gjev dette store utfordringar for forvaltninga, redningsarbeid mm. Altså: utfordringane spriker, og næringspotensialet like så. Prosjektet/nettverket vil drøfte status, bakteppe og kunnskapsbehov for vidare utvikling av Merkevara 'Norske nasjonalparkar'. Norske nasjonalparkar har i prinsippet ikkje infrastruktur for motorisert ferdsel, men mange er likevel godt tilrettelagt for bruk (ferdsel, aktivitetar, overnatting mm). Andre parkar er ikkje tilrettelagt - det kan også vere attraktivt. Men i sum gjev dette utfordringar i samband med merkevarebygging og marknadsføring. Og perspektiva blir ulike om ein ser dei frå gjest, lokal brukar, interessegrupper, næring eller forvaltning. Utvikling av attraksjonsspekteret vil bli lyft fram - bruk av kunst, arkitektur, attraktiv og akseptabel infrastruktur etc. Ein kan hente erfaring og inspirasjon frå Viewpoint Snøhetta og Nasjonale turisvegar. Fokus: innfallsportar og relativt nære besøkspunkt. Samspelet med lokalsamfunna rundt parkane er svært viktig.

Budsjettformål:

MILJØFORSK-Miljøforskning for en grønn samfunnsomstilling