Tilbake til søkeresultatene

MILJØFORSK-Miljøforskning for en grønn samfunnsomstilling

Sustainable urbanisation requirements of small and medium sized urban settlements and their surroundings

Alternativ tittel: Vilkår for berekraftig urbanisering i små og mellomstore tettstader og omgivnadene deira

Tildelt: kr 9,6 mill.

Urbanisering er eit av dei fremste trekka ved vår tidsalder, og i Norge bur 81 prosent av innbyggarane i byar og tettstader. Det har følgjer for miljø og samfunn, ikkje berre i sjølve byane, men også i dei halvurbane og rurale omgivnadene. Surround skal gi kunnskap om korleis dette påverkar miljøverdiar og kulturhistoriske verdiar i byar/tettstader og i bynære område. Prosjektet vil også kaste lys over drivkreftene bak desse prosessane, og gi betre forståing av korleis urbanisering kan skje på ein berekraftig måte. På 1980-talet vart fortetting lansert som ein strategi for å motverke uheldige konsekvensar av lite planmessig og arealkrevjande byspreiing. I Norge vart fortettingsprinsippet introdusert m.a. gjennom forskingsprosjektet Natur- og miljøvennlig tettstedsutvikling (NAMIT), som gjekk frå 1988 til 1992. Prosjektet analyserte utviklinga i Sogndal, Horten, Malvik og Trondheim ut frå ulike berekraftsindikatorar. I Surround blir dette brukt som utgangspunkt for å kartlegge og analysere prosessane som i ettertid har føregått i dei same kommunane. Forskarane studerer biologisk mangfald, landskapskvalitetar, tilgang til rekreasjonsområde og historiske urbane landskap. Kartlegging av planprosessar og haldningar til desse gir innblikk i drivkrefter som kan forklare korleis kommunane har forvalta miljø- og kulturhistoriske verdiar. Funna frå Surround vil bli formidla vitskapleg og populært, og vil bli brukt i bachelor- og masterprogram ved NMBU og Høgskulen på Vestlandet. I 2019 analyserte vi endringar i arealbruken i kommunane Sogndal, Horten og Malvik mellom 1990 og 2017 ved å tolke gamle og nye flyfoto, og i 2020 gjorde vi tilsvarande analyse for det fjerde caseområdet, Trondheim aust. Analysane er avgrensa til sentrumsområde (basert på SSB sine tettstadsavgrensingar frå 2017) og ei sone på 1 km rundt desse. Det er utvikla arealbrukskategoriar basert på systemet Natur i Norge (NiN) på skalaen 1:20 000, og minimum kartleggingsareal er 2 500 m2. På overordna nivå er det vist arealbruksendring mellom dei tre hovudkategoriane utbygde område, landbruksområde og naturområde. Dei største overgangane er knytt til gjengroing av dyrkajord, utbygging av dyrkajord og utbygging av naturområde. På meir detaljert nivå er det gjort endringsanalysar av den grøne infrastrukturen i sentrum av Sogndalsfjøra og Horten. I tillegg til tal for overgang mellom arealbrukstypane bygningar, utbygd areal og grøn infrastruktur, gir materialet frå Sogndal interessante opplysningar om endringar i talet på tre (> 2 m) og treslag (frukttre, andre lauvfellande tre og bartre). Gjenfotografering er brukt som metode for å visualisere endringsprosessane som har funne stad. Surround har ein ph.d.-stipendiat som leverte avhandlinga i 2022. Den består av fire artiklar, to av desse er ho eineforfattar til. Det er til no publisert to artiklar som analyserer drivkrefter bak arealbruksutvikling i dei fire casekommunane. Prosjektet har bidratt til å bygge bru mellom planpraksis, forsking og utdanning. Ni studentar ved bachelorstudiet Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur på HVL Sogndal har gjennom fire studentarbeid gitt viktige bidrag til Surround med kartlegging av endra arealbruk i Sogndal, og analyse av samanhengar mellom grøn infrastruktur og biologisk mangfald. Ein masterstudent i Climate change management ved HVL forsvarte i juni 2022 ei masteroppgåve som, i samarbeid med lokale planstyresmakter, bygger vidare på arealbruksanalysane frå Surround i ein studie av transformasjon (fortetting på grå areal). Vidare har forskarane i prosjektet utvikla digitale undervisningsopplegg som formidlar forskingsfunn til utdanningar i planfag, naturforvaltning, økologi, geografi og landskapsarkitektur. Desse er tilgjengelege på prosjektnettsida tettstad.no, som vil bli vidareført som ein ressurs for utdanningar innanfor tematikken Surround har dekt.

Surround tar utgangspunkt i NAMIT-prosjektet, som på tidleg 1990-tal var med på å etablere fortetting som rådande planleggingsideal. Med tanke på nytteverdi for forskingsfeltet, bidrar funna våre til å nyansere diskursen om fortettingspolitikken, som er omgitt av dilemma og målkonfliktar. Prosjektet har gitt ny kunnskap om haldningar til miljøpolitiske verkemiddel, spenningane mellom byspreiing og fortetting, og dokumentert uventa store variasjonar i effektiviteten av arealbruken. Gjennom detaljert kartlegging av arealbruksendringar gjennom 30 år i og rundt tettstader i fire casekommunar, har desse kommunane gjennom materialet frå Surround eit godt utgangspunkt for å studere konsekvensane av eigen planpraksis og arealbrukspolitikk. Nærstudium av forvaltninga av grønstruktur og kulturmiljø i etablerte småhusområde, gir også innblikk i kva drivkrefter som arbeider for og imot bevaring av desse verdiane. Kombinert med våre analysar av demografiske og sosio-økonomiske, haldningsmessige og samfunnsstrukturelle drivarar bak dei dokumenterte arealbruksendringane, kan dette vere eit verktøy for å dreie arealbruken og tettstadutviklinga i meir berekraftig retning. Vitksaplege publikasjonar og populær formidling frå prosjektet har samfunnsrelevans som strekker seg ut over studieområda, og vil kunne ha direkte nytteverdi for forvaltning og politikk på både kommunalt, regionalt og nasjonalt nivå, noko interessa for prosjektet også tydar på. Resultata frå Surround vil også kunne bidra til å ta den 30 år gamle fortettingsdiskursen eit viktig steg vidare i retning prinsipp for arealnøytralitet. Vi dokumenterer at arealbruken rundt tettstadene ikkje er berekraftig: Trass fleire tiår med fortettingspolitikk, skjer det samtidig ei omfattande byspreiing som fører til tap av naturmangfald og matjord. Mens fortettingsparadigmet vart styrka gjennom samanfall med økonomiske interesser hos tomteeigarar i sentrumsområde, er det vanskeleg å sjå tilsvarande drivkrefter for arealnøytralitet. Berekraftig arealbruk i framtida vil derfor vere avhengig av restriktiv arealplanlegging og handheving av vedtatte planar.

The SURROUND project aims at producing new insights into conditions for sustainable urbanisation in Norway, both for urban settlements and their surroundings. Established knowledge is mainly based on studies of large cities, while our four case study areas (between 8 000 and 200 000 inhabitants) are small and medium sized in international context, potentially covering a knowledge gap. The project is interdisciplinary, based on landscape ecology, historic urban landscape and sustainability governance approaches. It depatures from the previous NAMIT project (1988-1992), which explored conditions for urban development that complies with a wide array of sustainability principles. Four of the present research team members participated in NAMIT, including the NAMIT project leader. This gives a rare opportunity to follow, over a time span of thirty years, both the state of vital sustainability parameters, the development of land use policies, and attitudes towards sustainable urbanisation matters. Five work packages will involve (1) international literature study of urbanisation processes; (2) landscape ecological and cultural heritage case studies, where main data sources will be aerial photos, land-use plans, historical landscape photos, supplemented by field work; (3) sustainability governance case studies, including policy actor, implementation and outcome analysis; (4) explanation of identified changes; and (5) input of project findings to four master and bachelor programmes at the two participating universities, as well as feedback to governance stakeholders, and popular science dissemination. The project will produce 5 peer-reviewed articles in addition to one PhD. International experts in governance and planning theory, as well as landscape ecology and biodiversity will be attached to the two case study work packages throughout the project period, contributing theoretically and in publishing activities.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

MILJØFORSK-Miljøforskning for en grønn samfunnsomstilling