Tilbake til søkeresultatene

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Towards a Future for Common Grazing - rules, norms and cooperation in outlying grazing areas

Alternativ tittel: Mot ei framtid for utmarksbeitet – om reglar, normer og samarbeid i utmarkas beiteområder

Tildelt: kr 5,1 mill.

Utmarka er i endring. I løpet av ein generasjon eller to har utmarka gått frå å vere ein utvida del av landbrukets innmark til å bli ein arena der fleire og jamt meir ulike aktørar med ulike og tildels motstridande interesser treng å samarbeide om bruk og forvalting av utmarka. FUTGRAZE prosjektet studerer korleis beitebrukarane møter dei ulike utfordringane desse endringane medfører. Gjennom å studere fire ulike beiteområder frå nord til sør og frå vest til aust i landet vil prosjektet identifisere korleis beitebrukarar opplever og møter desse utfordringane. Prosjektet vil identifisere «beste praksis» og krystallisere alternative måtar å organisere, drifte og forvalte beiteområder på, med føremål om å medverke til å redusere konfliktnivået mellom beitebrukarane så vel som mellom beite og anna bruk av utmarka for å sikre betre utnytting av beiteressursane i den norske utmarka. Så langt i prosjektet er tre av dei fire casane studert kvalitativt, det fjerde caset var planlagt studert våren 2020, men covid 19 situasjonen har gjort at det studiet måtte utsetjast til seinhausten. Me er no så vidt i gang med datainnsamlinga for det siste caset og ventar å starte analysane av dataa rundt årsskiftet. Eit viktig funn så langt er at dei omfattande strukturendringane i beitenæringa har svekka beiteinteressene sin sosiopolitiske så vel som sosiokulturelle posisjon i lokalsamfunnet så vel som i kommunen. I dei fleste lokalsamfunna er no størstedelen av befolkninga jamt meir fråkopla beitenæringa, noko som skaper vanskelige kår for å forstå beitebrukarane sin situasjon. I saker som veks seg til gryande konfliktar er ofte dei andre interessene politisk sterkare en den no etter kvart «svekka» beitenæringa. Skal beitenæringa møte desse utfordringane treng beitebrukarane å stå saman i reelle og godt organiserte beitelag som også arbeider politisk inn mot kommune og fylke. I tillegg meiner me å sjå at dei best fungerande beitelaga også evnar å knyte til seg folket i lokalsamfunnet som ikkje er aktive beitebrukarar. Dette styrker legitimiteten så vel som det òg skaper ein arena for å formidle og forhandle om korleis dei ulike utmarksbrukarane skal te seg i utmarka for å vere minst mogleg til ulempe for kvarandre. I alle dei tre beitelaga der me så langt har gjennomført den kvalitative studien, vert det uttrykt ei uro for debatten om drøvtyggarar og klima. I alle samtalande me beitelaga har dette kome opp som eit tema som verkar negativt inn på beitebrukarane sin motivasjon for å halde fram i næringa. Ikkje berre fryktar dei ein eventuell reduksjon i kjøtforbruket, men enno sterkare opplever dei at deira status som velgjerarar for kulturlandskapet, biodiversitet og landskapsestetikk er snudd heit om. Tross ei rekkje utfordringar så syner dei førebels resultata frå den omfattande spørjeundersøkinga som gjekk til alle beitelaga i landet våren 2020, at i det store og heile fungerer samarbeidet med andre utmarksbrukarar bra. Særleg vert det rapportert at turgåarar og jegerar ofte gjer det enklare å ha beitedyr i utmarka. Derimot er utvikling av hytter og hytteområder med på å gjere det noko vanskelegare. Det som ser ut til å vere mest utfordrande er turgåarar med hund og trening av jakthundar, dette er ofte ei kjelde til mange vanskar for beitebrukarane. I tillegg syner studien at mangel på gjerder kan vere ei kjelde til konflikt. Manglande eller dårleg vedlikehald av gjerder gjer beiting vanskeleg og inneber ofte ei stor arbeidsbelastning for einskildbrukarar. Samarbeidet mellom beitebrukarane vert opplevd som svært godt, sjølv om mange opplever ein del utfordringar med at flokkar vert borte og at enkelte flokkar har blitt betydeleg større. Ein konsekvens av dette er då at enkelte flokkar vert skyvde ut av det tradisjonelle heftet og inn i områder med kanskje dårlegare beite eller potensielt farlegare terreng. I saker der forholdet mellom beitebrukarar skal regulerast eller der beitebrukarar konkurrerer med andre arealinteresser som hyttebygging, skogbruk, jakt og liknande, er Jordskifteretten eit viktig institutt. Heimelen for slike saker finn ein i jordskiftelova § 3-8 og § 3 -10. I prosjektet har me analysert 20 slike beiteordningar for å syne dømer på kva materielle vurderingar, både overordna og detaljerte, som er gjort med tanke på å utforme reglar om beite. Prosjektet har vektlagt brukarformidling i heile prosjektperioda så langt og delteke på fleire samlingar der temaet beite og beitebruk har vore på agendaen. Dette er eit arbeid me også ønskja å prioritere i 2020 og fleire av prosjektdeltakarane var booka inn på ulike arrangement som dessverre vart avlyst eller utsett som følgje av covid19. Me vonar likevel at fleire av desse arrangementa kan gjennomførast digitalt eller fysisk ved seinare høve. I dei neste månadane av prosjektet vil me prioritere skriftleg populærformidling og vitskaplege artikklar.

-

In line with extensive structural changes in agriculture, increasing land pressure, commodification and commercialization of outfields, the management of common grazing areas has become far more complex the latter years. In some areas, the conflict level has grown so high that several farmers cannot bear the social strain of continuing with farming. Farmers tell about a long time with poorer cooperation both internally between pasture farmers and between pasture farmers and other stakeholders, a development that has gradually led to fewer grazing animals, lower grazing pressure and steadily increasing encroachment with subsequent loss of biodiversity. While in other areas the grazing pressure has become too high relative to the grazing resources. But at the same time, in other areas, the grazing associations has manage to handle the complexity despite huge challenges sometime bigger than in the areas where the cooperation have stranded. By studying different grazing areas with different governance structures and different types of ownership, this project will identify "best practices" and crystallize alternative ways of organizing, operating and managing pasture areas, with the purpose of reducing the conflict level between farmers that use the outfield for grazing as well as between farmers and other users of the outfield to ensure improved utilization of the grazing resources in the Norwegian outfields. The project aims at identifying how we best can handle the challenges from current changes in the outfields and secure grazing resources for future food production.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri