Tilbake til søkeresultatene

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Presisjonsgjødsling til epletre

Alternativ tittel: Precision fertilization to apple tree

Tildelt: kr 4,7 mill.

Prosjektleder:

Prosjektnummer:

281968

Prosjektperiode:

2018 - 2024

Geografi:

Føremålet med dette prosjektet var å stimulera til auka produksjon av norske eple med god fruktkvalitet dyrka på ein effektiv og miljøvennleg måte. Forbruket av frukt er aukande, men det meste er importvare. Prosjekteigar Hardanger Fjordfrukt, andre fruktpakkeri og dyrkarane deira ville vidareutvikla og forbetra gjødselstrategiane i norsk fruktdyrking. Samarbeidspartnarar var NIBIO Ullensvang, Norges Miljø- og Biovitenskaplege Universitet (NMBU), Universitetet i Beograd, Serbia og Norsk landbruksrådgiving. Hovudvekta vart lagt på samanhengen mellom sentrale plantefysiologiske utviklingsstadium i plantene og presisjonsgjødsling, relaterert til jord, vekseplass, vekst og avlingsnivå for å få årvisse og jamne avlingar, god fruktkvalitet og lagringsevne. Prosjektarbeidet starta opp i 2018 og heldt fram årleg til og med 2023. Frå den internasjonale litteraturen vart kunnskapen oppdatert om dei nyaste tilrådingane for tilføring av makro- og mikronæringsemne til jord, gjennom dropevatningsystemet og til blad. Arbeidet starta opp i 2018 og vart fullført i 2020 og publisert som ein NIBIO rapport i 2021. Også arbeidet med mineralisering av og tilgjenge av ulike næringsemne i ulike jordtypar og frigjeving av nitrogen starta opp i 2018. Det vart samla inn jordprøvar frå 12 frukthagar (4 i Hardanger, 4 i Sogn og 4 i Lier) for å studera mineralisering av nitrogen. Alle prøvane vart karakteriserte med hensyn til næringsinnhold (total N, KCl løyseleg nitrat og ammonium, fosfor, kalium, magnesium og kalsium), pH, organisk materiale og kornsamansetning. Desse prøvane vart nytta til mineraliseringsforsøk med nitrogen der frigjøring av nitrat og ammonium vart testa ved ulike temperaturar. Disse forsøka dannar grunnlaget for å vurdere jorda si eige bidrag med nitrogen i vekstsesongen. Ein auke på 1°C i temperatur i området 8–15 °C auka mengda av N-mineraliseringa med 5–7%. Rutine laboratorieanalysar av plante-tilgjengeleg nitrogen målt som total nitrogen utan vurdering av kvaliteten på det organiske materiale under våre klimatilhøve, gjev overestimering av plante-tilgjengeleg nitrogen. I neste runde gjev dette råd om for låg gjødseltilføring med dei konsekvensar det inneber med redusert tilvekst og avling. Jordprøvar frå toppjorda i ulike frukthagar i Hardanger, Sogn og Lier vart samla inn for testing av næringsinnhold og for å teste ulike metodar for måling av næringsinnhald i jorda i 2018, 2019 og 2020. Samla vart 78 prøvar samla inn, delt i to like seriar der den eine vart analysert ved laboratoriumet Eurofins med standard norske metodar, den andre serien vart analysert ved Eurofins sitt laboratorium i Wageningen, Nederland etter metodar som vert nytta av nederlandske rådgivarar innan fruktdyrkinga. Prøvane frå desse åra danna grunnlaget for ei samannlikning av metodar. Frå dei same frukthagane som jordprøvane, vart det teke ut bladprøvar frå tre av ulike eplesortar gjennom heile vekstsesongen og prøvar av frukt for å kunne vurdera sammenhengen mellom det som vert målt i jorda og det som plantene responderer på når det gjeld vekst og kvalitet. Disse analysane er utførte på laboratoria ved NMBU og NIBIO Ullensvang. Resultat frå dettte treårige studiet om verknaden av gjødselpraksisar på opptak av mineral i blada, avling og fruktkvallitet hjå ulike eplesortar frå fire regionar vart publisert i ein NIBIO rapport i 2022. Ved NIBIO Ullensvang vart det 2018 etablert ei planting med eplesorten Summerred planta i avgrensa grøfter med sandaktig substrat. Dessen trea fekk tilført fullstendig løysing med nødvendige mineral gjennom dropevatningsystemet. Feltforsøket vart gjennomført over ein periode på seks år. Dei trea som vart gjødselvatna med ei fullstendig næringsløysing og med ledningsevne 1,9 hadde god vekst, avling , fruktkvalitet og mineralinnhald i blada og fruktene som tre som var planta i frisk jord. Det vart ikkje funne skilnader mellom trea som som vart dyrka i Substrado fruktjordblanding og kokonøtt/perlite blandinga (BTV). Trea hadde god tilvekst og gav ei stor avling med kvalitetsfrukt gjennom omløpet. . Dette forsøket demonstrerte at ved rett gjødselvatning er det mogeleg til å ha normal treutvikling med store fruktavlingar dei første fem åra etter planting der trea har eit avgrensa jordvolum på om lag 100 l med substrat pr. tre

Føremålet med dette prosjektet var å stimulera til auka produksjon av norske eple med god fruktkvalitet dyrka på ein effektiv og miljøvennleg måte. Hovudvekta vart lagt på samanhengen mellom sentrale plantefysiologiske utviklingsstadium i plantene og presisjonsgjødsling, relatert til jord, vekseplass, vekst og avlingsnivå for å få årvisse og jamne avlingar, god fruktkvalitet og lagringsevne. Frå den internasjonale litteraturen vart kunnskapen oppdatert om dei nyaste tilrådingane for tilføring av makro- og mikronæringsemne til jord, gjennom dropevatningsystemet og til blad. Jordprøvar vart teke frå 12 frukthagar (4 i Hardanger, 4 i Sogn og 4 i Lier) for å studera mineraliseringa av nitrogen. Desse prøvane vart nytta til mineraliseringsforsøk med nitrogen der frigjøring av nitrat og ammonium vart testa ved ulike temperaturar. Disse forsøka dannar grunnlaget for å vurdere jorda si eige bidrag med nitrogen i vekstsesongen. Ein auke på 1°C i temperatur i området 8–15 °C auka mengda av N-mineraliseringa med 5–7%. Rutine laboratorieanalysar av plante-tilgjengeleg nitrogen målt som total nitrogen utan vurdering av kvaliteten på det organiske materiale under våre klimatilhøve, gjev overestimering av plante-tilgjengeleg nitrogen. I neste runde gjev dette råd om for låg gjødseltilføring med dei konsekvensar det inneber med redusert tilvekst og avling. Jordprøvar frå toppjorda i ulike frukthagar i Hardanger, Sogn og Lier vart samla inn for testing av næringsinnhold og for å teste ulike metodar for måling av næringsinnhald i jorda. Ein stor del av jorda i frukthagene var sur og bør kalkast. Dette vil bedre vekstvilkåra for epletrea og minska faren for rotskader på grunn av aluminium. Ved kalking vert det anbefalt bruk av dolomitt for å auka innhaldet av både kalsium og magnesium i jorda. Kaliumnivået kan berre haldast på optimalt nivå ved gjødsling. Fosfornivået i eplehagane var generelt svært høgt. Ved NIBIO Ullensvang vart det 2018 etablert ei planting med eplesorten Summerred planta i avgrensa grøfter med sandaktig substrat. Dessen trea fekk tilført fullstendig løysing med nødvendige mineral gjennom dropevatningsystemet. Trea hadde god tilvekst og gav ei stor avling med kvalitetsfrukt gjennom omløpet. Dette forsøket demonstrerte at ved rett gjødselvatning er det mogeleg til å ha normal treutvikling med store fruktavlingar dei første fem åra etter planting der trea har eit avgrensa jordvolum på om lag 100 l med substrat pr. tre. Prosjektet har gjeve oppdatert kunnskap om dei nyaste tilrådingane for tilføring av makro- og mikronæringsemne til jord, gjennom dropevatningsystemet og til blad, frigjøring av nitrat og ammonium frå ulike jordtypar ved ulike temperaturar og dyrking av epletre i substrat med tilføring av gjødselvatning.

Føremålet med dette prosjektet er å stimulera til auka produksjon av norske eple med god fruktkvalitet dyrka på ein effektiv og miljøvennleg måte. Forbruket av frukt er aukande, men det meste er importvare. Den norske epleproduksjon har minka i siste 10 årsperioden. Også i den norske salsesongen for eple, september til november, har andelen importerte eple auka. NIBIO Ullensvang, Norges Miljø- og Biovitenskaplege Universitet (NMBU) og Universitetet i Beograd i samarbeid med Norsk landbruksrådgiving og norske fruktdyrkarar vil vidareutvikla og forbetra gjødselstrategiane i norsk fruktdyrking. Hovudvekta skal leggjast på samanhengen mellom sentrale plantefysiologiske utviklingsstadium i plantene og presisjonsgjødsling, relaterert til jord, vekseplass, vekst og avlingsnivå for å få årvisse og jamne avlingar, god fruktkvalitet og lagringsevne. Frå den internasjonale litteraturen skal kunnskapen oppdaterast om dei nyaste tilrådingane for tilføring av makro- og mikronæringsemne til jord, gjennom dropevatningsystemet og til blad. Det skal undersøkjast mineralisering av og tilgjenge av ulike næringsemne i ulike jordtypar og frigjeving av nitrogen. Jord,- blad og fruktprøvar skal samlast inn frå ulike eplehagar på Aust- og Vestlandet med variasjon i jordart, innhald og type organisk materiale. Desse analysetala skal samstillast i relasjon til avling og kvalitet hjå frukta. Det skal gjennomførast feltforsøk med presisjonsgjødsling ved hjelp av gjødselvatning tilført i dropevatningssystemet til epletre planta i små grøfter med avgrensa volum av sand for å studera opptak av ulike næringsemne under kontrollerte vilkår. Denne tilnærminga til gjødsling i intensivt drivne frukthagar vil leggja eit solid fundament for å forbetra det digitale gjødslingsverktøyet Skifteplan. Dette programmet er eit verktøy som gjev konkrete gjødsel-tilrådingar basert på jordprøvar i kvar enkelt frukthage. Det skal tilsetjast ein forskar i prosjektet med kontor ved Nibio Ullensvang.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Finansieringskilder