Tilbake til søkeresultatene

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri

Presisjonsgjødsling til epletre

Alternativ tittel: Precision fertilization to apple tree

Tildelt: kr 9,5 mill.

Prosjektleder:

Prosjektnummer:

281968

Prosjektperiode:

2018 - 2022

Geografi:

Føremålet med dette prosjektet er å stimulera til auka produksjon av norske eple med god fruktkvalitet dyrka på ein effektiv og miljøvennleg måte. Forbruket av frukt er aukande, men det meste er importvare. Den norske epleproduksjon har minka i siste 10 årsperioden. Også i den norske salsesongen for eple - september til november, har andelen importerte eple auka. NIBIO Ullensvang, Norges Miljø- og Biovitenskaplege Universitet (NMBU) og Universitetet i Beograd i samarbeid med Norsk landbruksrådgiving og norske fruktdyrkarar vil vidareutvikla og forbetra gjødselstrategiane i norsk fruktdyrking. Hovudvekta skal leggjast på samanhengen mellom sentrale plantefysiologiske utviklingsstadium i plantene og presisjonsgjødsling, relaterert til jord, vekseplass, vekst og avlingsnivå for å få årvisse og jamne avlingar, god fruktkvalitet og lagringsevne. Frå den internasjonale litteraturen skal kunnskapen oppdaterast om dei nyaste tilrådingane for tilføring av makro- og mikronæringsemne til jord, gjennom dropevatningsystemet og til blad. Arbeidet starta opp i 2018 vert fullført i 2020 publisert som Nibio rapport. Også arbeidet med mineralisering av og tilgjenge av ulike næringsemne i ulike jordtypar og frigjeving av nitrogen starta opp i 2018. Det er samla inn jordprøvar frå 12 frukthager (4 i Hardanger, 4 i Sogn og 4 i Lier) for studiet av mineralisering av nitrogen. Alle prøvane er karakteriserte med hensyn til næringsinnhold (total N, KCl løyseleg nitrat og ammonium, fosfor, kalium, magnesium og kalsium), pH, organisk materiale og kornsammansetning. Fire av prøvane gjennomgår no mineraliseringsforsøk med nitrogen der frigjøring av nitrat og ammonium verta testa ved ulike temperaturar. Disse forsøka dannar grunnlaget for å vurdere jorda si eige bidrag med nitrogen i vekstsesongen. Labforsøka er no avslutta og resultata klare for publiseringa. Jordprøvar frå toppjorda i ulike frukthagar i Hardanger, Sogn og Lier vart samla inn for testing av næringsinnhold og for å teste ulike metodar for måling av næringsinnhald i jorda i 2018, 2019 og 2020. Samla vart 78 prøvar samla inn, delt i to like seriar der ein vart analysert ved Eurofins med standard norske metodar, den andre serien vart analysert ved Eurofins sitt laboratorium i Wageningen, Nederland etter metodar som vert nytta av nederlandske rådgivarar innan fruktdyrkinga. Prøvane frå desse åra dannar grunnlaget for ei samannlikning av metodar. Frå dei same frukthagane som jordprøvane, vart det teke ut bladprøvar frå tre av ulike eplesortar gjennom heile vekstsesongen og prøvar av frukt for å kunne vurdera sammenhengen mellom det som vert målt i jord og det som plantene responderer på når det gjeld vekst og kvalitet. Disse analysane er utførte på laboratoria ved NMBU og Nibio Ullensvang. Ved Nibio Ullensvang vart det 2018 etablert ei planting med eplesorten Summerred planta i avgrensa grøfter med sandaktig substrat. Desse trea få tilført fullstendig løysing med nødvendige mineral gjennom dropevatningsystemet. Trea har god vekst og gav ei stor avling med kvalitetsfrukt hausten 2020. Denne tilnærminga til gjødsling i intensivt drivne frukthagar vil leggja eit solid fundament for å forbetra det digitale gjødslingsverktøyet Skifteplan. Dette programmet er eit verktøy som gjev konkrete gjødsel-tilrådingar basert på jordprøvar i kvar enkelt frukthage. Resultata vert formidla fortløpande til prosjektpartnarar.

-

Føremålet med dette prosjektet er å stimulera til auka produksjon av norske eple med god fruktkvalitet dyrka på ein effektiv og miljøvennleg måte. Forbruket av frukt er aukande, men det meste er importvare. Den norske epleproduksjon har minka i siste 10 årsperioden. Også i den norske salsesongen for eple, september til november, har andelen importerte eple auka. NIBIO Ullensvang, Norges Miljø- og Biovitenskaplege Universitet (NMBU) og Universitetet i Beograd i samarbeid med Norsk landbruksrådgiving og norske fruktdyrkarar vil vidareutvikla og forbetra gjødselstrategiane i norsk fruktdyrking. Hovudvekta skal leggjast på samanhengen mellom sentrale plantefysiologiske utviklingsstadium i plantene og presisjonsgjødsling, relaterert til jord, vekseplass, vekst og avlingsnivå for å få årvisse og jamne avlingar, god fruktkvalitet og lagringsevne. Frå den internasjonale litteraturen skal kunnskapen oppdaterast om dei nyaste tilrådingane for tilføring av makro- og mikronæringsemne til jord, gjennom dropevatningsystemet og til blad. Det skal undersøkjast mineralisering av og tilgjenge av ulike næringsemne i ulike jordtypar og frigjeving av nitrogen. Jord,- blad og fruktprøvar skal samlast inn frå ulike eplehagar på Aust- og Vestlandet med variasjon i jordart, innhald og type organisk materiale. Desse analysetala skal samstillast i relasjon til avling og kvalitet hjå frukta. Det skal gjennomførast feltforsøk med presisjonsgjødsling ved hjelp av gjødselvatning tilført i dropevatningssystemet til epletre planta i små grøfter med avgrensa volum av sand for å studera opptak av ulike næringsemne under kontrollerte vilkår. Denne tilnærminga til gjødsling i intensivt drivne frukthagar vil leggja eit solid fundament for å forbetra det digitale gjødslingsverktøyet Skifteplan. Dette programmet er eit verktøy som gjev konkrete gjødsel-tilrådingar basert på jordprøvar i kvar enkelt frukthage. Det skal tilsetjast ein forskar i prosjektet med kontor ved Nibio Ullensvang.

Budsjettformål:

FFL-JA-Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri