Tilbake til søkeresultatene

KLIMAFORSK-Stort program klima

Klimabesserwizzer - ein dokumentarserie for barn om klimaspørsmål

Tildelt: kr 0,50 mill.

Konseptet i serien vil vere ei familie med tre barn i alderen 5 til 11 år, som skal sjå på sitt klimarekneskap. Alt ifrå transport og bilbruk, forbruk av dingsar, plast og kle til klimavennleg ferie vil bli vurdert. Kva er det familien gjer som setter størst Co2-avtrykk? Kva kan dei gjere for å avgrense sitt klima-avtrykk? Ein forskar som har spesielt gode evner til å formidle vil vere til stades saman med familien. Han eller ho vil forklare korleis dei ulike elementa er klimavennleg eller klimafientleg, og skildre alternativ for familien der det er aktuelt. For å lettare formidle fakta på ein enkel måte, vil vi bruke animasjon. Dette har vi med hell brukt i andre produksjonar, og vi trur at dette vil vere heilt ideelt for å synleggjere CO2-avtrykk i størrelse og for å få perspektiv på ulike fakta. Kvar episode tek føre seg korleis ulike delar av dagliglivet til ei vanleg familie påverkar klimaet. Episodene er utførleg skildra i vedlegget om episodeforslag. Her følgjer ei kort oversikt over innhald pr episode: *Taco -eit skikkelig boss-måltid *Ei veke utan bil *Kvar kjem alle tinga frå? *Flyfri familieferie *Ei veke utan kjøt Målet med episodene er å gjere barn og unge bevisst på klimaavtrykket av dei ulike aktivitetane, forbruket og gjenstandane dei har. Fins det opplevingar som ikkje er klima-belastande? Kvifor er absolutt alle ting klima-belastande? Vi opplever at born generelt er svært bevisst på klima, og at dei ofte er oppgitt over foreldre som har bilen på tomgang og butikkar som pakkar alt inn i fleire lag med plastikk. Likevel er det vanskeleg å vere barn og å ha det store overblikket over klima og forholdet til korleis det vert påverka av daglegdagse situasjonar. Perspektivet på antal tonn CO2 for ei flyreise i forhold til kjeldesortering av boss kan skape ein wow-effekt hjå barna. Forståelse for kvifor dei likevel er viktig å kjelde-sortere gir barna innsikt som dei kan ta med seg i kvardagen.

Budsjettformål:

KLIMAFORSK-Stort program klima