Tilbake til søkeresultatene

INNOFFARENA-Innovasjonsarena for stat og kommune

Health promotion and collaboration to strengthen work participation

Alternativ tittel: Helsefremmande samarbeid for å styrke arbeidsdeltaking

Tildelt: kr 6,3 mill.

Målet med prosjektet er å utvikle og dokumentere virkninga av eit saumlaust tenestetilbod som er meint å styrke arbeidsdeltaking for sjukemelde med fare for langtidsfråver. Vi vil utforske korleis ein kan få til tidlege og målretta tenester og god koordinering: Korleis sikre tidleg identifisering av innbyggjarar som står i fare for langtidsfråver? Kva er optimalt innhald og organisering av tenestene? Kva skal til for å sikre god kommunikasjon og saumlause overgangar? Korleis sikre at den sjukemelde er i «førarsetet»? Kven treng koordinator? Kva for rolle, funksjon og kompetanse bør ein koordinator ha? I prosjektet vil Vinje kommune samarbeide med Bamble og Fjord kommuner. Prosjektet legg til rette for lokal innovasjon gjennom å prøve ut nye former for oppfølging og samarbeid. Involverte aktørar som arbeidstakar/sjukemeld, arbeidsgjevar, fastlegar og andre helseaktørar i kommunen, NAV og spesialisthelsetenesta skal saman bidra til å sikre kvalifisert oppfølging på eit tidlegare tidspunkt enn i dag. Gjennom eit forprosjekt i 2018 har Vinje kommune utvikla eit samtaleverktøy som skal bidra til at fastlegane i større grad fangar opp personar som står i fare for langtidsfråver. Vi har pilotert eit lågterskel kurstilbod med tydeleg jobbfokus og vekt på kognitive tilnærmingar, undervising og målsetting for arbeid. Hovudaktivitetane i vårt prosjekt vil dels vere utviklingsarbeid i kommunane, dels forsking som gjennomførast samtidig og i etterkant, for å støtte opp om utviklingsarbeidet og evaluere prosess og resultat. Både kvantitative og kvalitative metodetilnærmingar nyttast; registerdata frå NAV, spørjeskjema, intervju og fokusgrupper. Forskinga blir leia av Universitetet i SørøstNorge og Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering-AiR. Kommunane knytast saman i eit læringsnettverk, slik at kommunane kan lære av kvarandre.

Vinje kommune har i samarbeid med brukarar, kommunale helsetenester, NAV, arbeidsgjevarar og spesialisthelsetenesta alt starta utviklinga av ein ny modell for tverrfagleg og koordinert innsats for kommunen sine innbyggarar som står i fare for langtidsfråver frå arbeidslivet. Eit slikt tilbod er avhengig av tidleg identifisering av sjukemelde i fare for langtidsfråver og utvikling og utprøving av kartleggingsverktøy som kan tilvise sjukemelde til rett tiltak til rett tid. Dette er første del av prosjektet. Neste steg vert å utvikle koordinerte tenester med involvering og dialog med arbeidsgjevar og arbeidstakar. Den sjukemelde skal i alle fasar av oppfølginga medverke aktivt til, og ha kontroll over eigen rehabiliteringsprosess. Dokumentasjon av erfaringar med og verknader av denne tenesteutviklinga sikrar at vidare utvikling av tenestene kan finne stad. Det er ein føresetnad for å lykkast med dette, at prosjektet legg til rette for kunnskapsutveksling og læring mellom innbyggarar, fagpersonar, NAV og spesialisthelsetenester, kompetansemiljø, arbeidsgjevarar i næringslivet og deira BHT for å auke kompetanse om arbeidsinkludering. Gjennom deltaking på regionale og nasjonale samlingar og konferansar, vil vi legge til rette for kunnskaps- og erfaringsoverføring mellom kommunane som deltek i prosjektet. Den overordna problemstillinga i prosjektet er: I kva grad og på kva måtar kan kommunen i samarbeid med NAV, arbeidsgjevar, bedriftshelseteneste og spesialisthelseteneste tilby integrerte tenester som styrkar arbeidsdeltaking for sjukemelde med fare for langtidsfråver? Prosjektresultata vil formidlast i nasjonale og internasjonale konferansar og tidskrift, og i digitale opplæringspakkar for kommunar og utdanningar.

Budsjettformål:

INNOFFARENA-Innovasjonsarena for stat og kommune