Tilbake til søkeresultatene

NORGLOBAL2-Norge - global partner

Mapping marine resource conflicts across sub-Saharan Africa: patterns, drivers and solutions for coastal communities

Alternativ tittel: Kartlegging av marine ressurskonfliktar i Afrika sør for Sahara: utbreiing, årsaker og løysingar for kystsamfunn

Tildelt: kr 6,0 mill.

Kystsoner verda over opplever befolkningsvekst, auka press på tradisjonelle næringar som fiskeri, og vekst i nye kommersielle næringar som oppdrett, energiproduksjon frå vind og bølger, og turisme. Slike endringar er antatt å auke sjansane for konfliktar i marine og kystnære strøk. FN anerkjenner at å løyse slike konfliktar er sentralt for berekraftig ressursforvaltning, men til tross for dette finst det svært lite forsking på årsaker til og utbreiing av marine ressurskonfliktar. Utan slik kunnskap er det vanskeleg å finne gode tilnærmingar for forvaltning eller politikkutforming for å løyse slike konfliktar, og det er ikkje mogleg å identifisere særleg sårbare områder. Desse problema er særs viktige for mange land som er avhengige av marine ressursar til ernæring, økonomisk tryggleik, og vern av kystsona. Vårt prosjekt imøtegår dette kunnskapsbehovet ved å gjennomføre den første systematiske analysen av geografisk utbreiing og årsaker til marine ressurskonfliktar på internasjonalt, nasjonalt og lokalt nivå med fokus på Afrika sør for Sahara og utvalde case.områder. Først blei det gjennomført ei kartlegging av ekspertar og systematisk innhenta rapportar om marine ressurskonfliktar i aviser og tidsskrift i ei tiårs-periode, og så samle dette til ein database. Deretter analyserte vi kva faktorar, slike som økosystemhelse, forvaltning eller demografi, som har samanheng med større sårbarheit for konfliktar. MARICA har nytta ekspertvurderingar frå Afrika sør for Sahara og lokale undersøkingar frå case studie-områda – i Ghana, Kenya og Sør-Afrika – for å identifisere kva tilnærmingar for politikkutforming og forvaltning som mest truleg kan fungere i ulike kontekstar. Prosjektet har vore leia av Norsk institutt for vannforskning (NIVA), med partnerar Stanford Center for Ocean Solutions (USA), the Wildlife Conservation Society (Kenya), University of Ghana (Ghana), University of Western Cape Institute for Poverty, Land and Agrarian Studies: PLAAS (Sør-Afrika), Norsk Regnesentral (NR), Universitetet i Bergen, og Institutt for fredsforskning (PRIO). Dei viktigaste prosjektaktivitetane har vore den overordna kartlegginga av marine ressurskonfliktar, og undersøkingar av lokale årsaker til konfliktar. Til kartlegginga vi gjennomført søk over ein 10-års periode i relevante tidsskrift og aviser i alle engelsk-, portugisisk- og fransktalande land i Afrika sør for Sahara (gjennom Factiva). Vi har også utarbeida ein oversikt over konflikttypar for sikre transparent og konsekvent tilnærming i arbeidet med loggføring av konflikttilfelle, i tråd med etablerte standardar utarbeida av PRIO og andre forskingsmiljø. Loggføringa av desse oppslaga har blitt nytta til å lage ein database over tilfelle av marine ressurskonfliktar, konflikttypar, nivå, konfliktløysingsmekanismar og kva aktørar som er involvert. For å utfylle databasen ytterlegare har vi gjennomført ei spørjeundersøking retta mot ekspertar for å identifisere ytterlegare konflikttilfelle, deira årsaker, og kva løysingar som har vorte iverksett. Saman har databasen og spørjeundersøkinga vore til hjelp for å danna oss ein betre bilete av årsaker til konfliktar og deira moglege løysingar. Basert på dette arbeidet vil analyser av konfliktmønster knytt til konflikttypar, årsaker og aktørar ferdigstillast i 2024. I arbeidet med det lokale perspektivet på konfliktar har vi gjennomført ei spørjeundersøking retta mot hushalds- og nøkkelinformantar i Ghana, Kenya og Sør-Afrika. Spørjeundersøkinga vart testa av lokale partnerar i alle case-områda tidleg 2020, og lærdom herifrå vart nytta til å utarbeide ei felles undersøking med sams utvalsmetodikk for dei tre landa før gjennomføring i 2021. Analyser av desse caseundersøkingane er undervegs; ein artikkel er publisert (Kenya) og to andre er under utarbeiding. I tillegg vert det også jobba med ei samanliknande analyses av lokale perspektiv på kystkonfliktar for dei tre landa. Utifrå det det kenyanske caset argumenterer vi for at sidan overfiske oppstår som følge av fjerntliggande prosesser som ikkje lar seg løyse lokalt, vil et fokus på lokale tiltak ikkje strekke til for å løyse slike problem. Høgare styringsnivå er difor viktig for å handtere reduksjon av bestandar i større skala, løyse konfliktar mellom lokalsamfunna og sikre at nasjonale lover blir overhaldne. Samstundes må det gis støtte til lokal forvaltning og prinsipp om samforvaltning. Betre koordinering av informasjon og institusjonar kan bidra til å løyse både lokale og meir fjerntliggande eller overordna problem.

The MARICA project has made an important contribution to elevating the importance of resolving marine resource conflicts for development. Conflicts compromise management and policy efforts to deliver on multiple Sustainable Development Goal targets, such as those related to poverty (Goal 1), hunger (Goal 2), health (Goal 3), gender equality (Goal 5), economic growth (Goal 8), life below water (Goal 14), and peace (Goal 16). We consider this increased knowledge and understanding of why conflicts happen and how to better manage them to be important for a range of stakeholders, including national governments, fisheries agencies, development agencies. The MARICA project builds knowledge for policymakers to engage more effectively with actors and sectors to reduce conflicts. The project provides new and policy relevant knowledge on marine resource conflicts that closely ties up to the thematic and geographical focus of Norwegian development aid, and we envision making our findings available to policy makers in Norway, in case study countries, and through regional bodies in Sub-Saharan Africa. Through the project we have also increase survey capacity in case study countries for marine resource conflict research and strengthened partnerships with communities to enable better policy recommendations to avoid their marginalization in marine resource management.

At the United Nations World Summit on Sustainable Development in 2002, it was recognized that the failure to understand and resolve marine resource conflicts inhibits attempts to achieve sustainable resource management. In spite of this recognition, academic research on marine resource conflict patterns is virtually non-existent. Without this knowledge, designing management or policy interventions to mitigate these conflicts is challenging and identifying areas that may be more vulnerable to conflicts is not possible. These problems are particularly important for several sub-Saharan African countries that depend on marine resources for their nutrition, economic welfare, and coastal protection. Our project will fill this gap by implementing the first systematic, multi-scale assessment of spatial patterns and drivers of marine resource conflicts across sub-Saharan Africa and in 3 case studies in Ghana, Kenya and South Africa. First, MARICA will create a novel database of incidents of marine resource conflicts using periodical reports and survey results from regional experts across sub-Saharan Africa. Then, we will explore whether the frequency of conflict is related to potential conflict drivers like resource condition, resource dependence, governance, or population demographics and whether the identity of these drivers changes from international to local scales in our case studies. Conflict can also be a catalyst or inflection point for positive change in resource management. MARICA will use expert surveys from across sub-Saharan Africa and household surveys from our 3 case study countries to create a roadmap for identifying which resource management and policy interventions are most likely to be successful in different contexts. Our approach will be applied to countries in sub-Saharan Africa, but findings will have broad relevance for marine resource management in other regions.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

NORGLOBAL2-Norge - global partner